Foto: Agnete Bruun

Odd Nordstoga er ute med sitt kritikerroste dobbeltalbum ”Kløyvd”

Del Tweet

Odd Nordstoga, en av våre mest folkekjære artister slapp nylig sitt kritikerroste dobbeltalbum ”Kløyvd” som er denne ”Ukens album” på NPS Music.

Albumet består av en god samling fine låter, og Odd Nordstoga viser igjen hvilken god historieforteller han er, på nettopp Nordstoga vis. Erlend Robstad og Frida Ånnevik er med som gjesteartister, og i folkrockballaden ”Kjedelig iblant” viser gutta et perfekt musikalsk samarbeid og i ”Og verda var ny” med Frida på laget er dette bare en nydelig liten perle.

Han viser seg frem fra forskjellige sider på dette albumet, derav navnet Kløyvd. Nordstoga forteller at problemet hans er at han ”ikkje heng i hop” og at han ”kanskje ikkje er ein lauk”, men om nokon har kalla meg heil ved oppigjennom, så er eg i alle fall godt kløyvd, skriver han. Det er en merkbar forskjell på de to halvdelene, og ordet sprikende kan ha en positiv klang – som variert, allsidig eller eklektisk.

Med seg på albumet har Nordstoga solide musikere som Øyvind Blomstrøm (diverse gitarer), David Wallumrød (tangenter), Tor Egil Kreken (bass) og Torstein Lofthus (trommer). David Chelsom Vogt gjester på fele og Bendik Brænne på saksofon. Vi tok en prat med Odd Nordstoga om blant annet det nye albumet og planer videre fremover.

Gratulerer med det flotte albumet Kløyvd”. Kan du fortelle litt om prosessen rundt albumet fra start til utgivelse?

Eg hadde jo etter sist utgjeving opparbeidd meg litt idear og skissert til nye låtar. Dei jobba eg med og laga ferdig i løpet av hausten 2016 og januar 2017. Så hadde me to sessionar i Amper Tone Studio med Bård Ingebrigtsen som produsent. Ein i februar og ein i mai. I februar var det litt prøving og feiling i mai var det meir skyting rett på mål og ferdigstilling. Låtskrivinga rundt det er jo litt slik at ein har lyst til at det skal gå i den eller den retninga, men dette kan ein berre itl ein viss grad styre har eg motvillig funne ut. For dei ideane som kjem dei kjem, og får ein ein god ide – er inne på noko bra – så trumfar det om det var nett ein slik låt som ein trong.

Historiefortelling på sitt beste – terningkast 5

Dagsavisen

Hva handler dette albumet om, og hva ønsker du å formidle gjennom det?

Dette er alltid eit vanskeleg spørsmål å svara på fordi ein låt er fire minuttar lang, og alle låtane handlar jo om ulike ting. Men i ettertid så kan ein jo sjå på heilskapen i det og sjå nokon raude trådar kanskje. Eg syns at det med å finne seg til rette i tilveret, eller kanskje mangelen på det er framtredande på albumet, både musikalsk og tekstleg. Det krinsar kanskje litt omkring spørsmålet om kor ein høyrer heime. Derfor heiter også plata «Kløyvd»

Hvilke tanker har du gjort deg rundt lydbildet av dette albumet?

Det har eg gjort. Lydbiletet er ulikt. Det går ifrå det heilt transparente og akkustiske til harde og tjukke med mange elgitarar og tre trekkspel oppå kvarandre som høyrer ut som eit sekkepipeorkester. Den som er veldig glad i kun kassegitar og mjuk song må derfor nyte det så lenge det varer, for det kan lure eit sekkepipeorkester bak neste bakketopp.

Hvilken låter fra albumet har du et spesielt forhold til?

«Kvalen» er i alle fall noko eg ikkje har gjort før. Den er ikkje ein «straight» låt, men går litt mot det filmatiske. Den er ikkje ein idé som blir pressa inn i poplåtformatet, men ein idé som blir teken heilt ut på sine eigne premiss. Syns det var veldig artig å få til den låten.

Hvordan har det siste året vært for deg musikalsk sett?

Kva skal ein sei? Åra etter «Dette landet» har liksom gått litt i eitt. Det har vore mykje speling og det går liksom litt i kvarandre slik minnemessig. Det har vore mykje bilkøyring og mange konsertar både med meg aleine og med band. Det har vore veldig moro, men det blir kanskje eit litt oppstykka tilvere, og «den draumen ein ber på» om å slå seg til ro og sitje på ein flat stein i skogen og ha ro i sjela har kanskje ikkje hatt så gode kår. Det er nok ein medverkande årsak til at eg har blitt oppteken av det fragmenterte i eit moderne menneskes liv og laga ei plate som heiter «kløyvd».

En stor låtskriver og artist – terningkast 5

iTromsø

Hva liker du å gjøre på fritiden når du ikke holder på med musikk?

Eg likar å vera i Vinje, i Trysil, eller om sommaren på sørlandet. Der me har familie og hytte (om ein kan kalle det det). Eg likar å gå på tur, padle kajakk, gå på ski og slike ting. Eg likar det i seg sjølv, men har også eit behov for å halde meg frisk og i form, og ikkje dette heilt ned i den livsttilen eit musikarliv kan bli. Eg likar å kjenne at eg er del av familien min, naturen og verda. Så er eg utruleg glad i å kose meg med og at andre kosar seg. Ein livsnytar. Sonen min har om etiske tenkemåtar på skulen og eg har funne ut at eg er ein utilitarist på min hals. Eg vil kose meg, og at alle andre også skal nettopp det.

Hva er det typiske i Odd Nordstoga sitt musikalske univers?

Det typiske med meg er vel stemma mi, og språket mitt og at forhåpentleg stemma mi ikkje berre er røysta, men musikken og tekstane – at alt dette gjev meg ei stemme der ute som kanskje eindel folk der ute kan ha bruk for eller like på eit eller anna vis. Så har eg skreve ein del songar om familierelasjonar. Der har eg bidrege litt.

Har du noen musikalske forbilder eller inspirasjonskilder?

Eg har mange. Det er ikkje så lett å dra fram nokon spesiell. Eg kan finne ting å bruke mange stader. Også i gode bøker, bilete eller filmar. Fylgje med på samfunnet via radio og aviser er også heilt klart ein inspirasjon. Det er mykje som irriterar og gjer ein indignert og det er ein god inspirasjon.

Det er mye bra norsk musikk om dagen – hva liker du å høre på for tiden?

Akkurat no er det No. 4, Cezinando og Sigrid som imponerar mest av dei litt nye. No. 4 med dei friske og spesielt gode og orginale tekstane og den smarte og fengande, flinke musikken. Cezinando for at han lagar noko heilt eige som ikkje bryr seg om korleis andre lagar tekstar og musikk og dermed plutseleg kjem opp med noko heilt nytt som viser seg å vera så sterkt kunstnerisk. Når du ser Sigrid så tenker du at det må finnast ein musikalsk gud og at ho er gjennomstråla av denne. Det er nett som med Springsteen; ein blir litt rørt av at me menneske er utstyrt med denne lyftande gåva som sann musikkglede og stor musikalitet er. Sigrid viser fram dette og det lyser opp.

Gjennomført i alle ledd – terningkast 6

Dagbladet

Hva er det morsomste eller mest spesielle du har opplevd så langt som artist?

Det er mest artig frå før det blei så profesjonelt. Tidlege tiders truging med bank om me ikkje skrudde ned, eller bank når me ville gje oss, felespelaren i Blåmann Blåmanns fall ned frå ei scene og landing i ei yoccapalme på turne i Tyskland, telefonen min som ringde på Herr Nilsen som prikken over ien når låten me trokla oss gjennom var fullstendig på grensa til å falle saman totalt. Døma er mange. Det er betre no, men det var artigare historiar før.

Hvilke musikalske planer har du videre i 2018?

No skal me på turné i februar og mars. Så er det masse festivalar og moro utover sommaren. Til hausten skal eg lage eit juleprosjekt med Det Norske Kammerorkester som eg ser veldig fram til. Det blir utruleg flott trur eg. Eg gledar meg til å lage musikk med det fantastiske orkesteret. Det blir også flott for publikum. Det blir ein flott jolekonsert.

Sjanger

Norsk på Norsk

Det finnes utrolig mye bra norsk på norsk! Her har du et lite utdrag vi har satt sammen for deg.

Les mer

Se Også

Høytflyvende Spurv har levert nok en klassiker
Intervju

Høytflyvende Spurv har levert nok en klassiker

Fra sin unnfangelse under et intetanende blikk ut av vinduet, til den omfattende prosessen med å utforme det, er «Brefjære» et kunstverk som samler det timelige [...]

Multikunstneren Veslemøy Narvesen med overbevisende og vakker solodebut
Intervju

Multikunstneren Veslemøy Narvesen med overbevisende og vakker solodebut

«We Don’t Imagine Anymore» er musiker og komponist Veslemøy Narvesens sitt første album i eget navn og som hun har fått strålende anmeldelser for. Den etablerte, [...]

Albumaktuelle Marte Eberson med delikat og selvsikker drømmepop
Intervju

Albumaktuelle Marte Eberson med delikat og selvsikker drømmepop

Etter å ha gitt ut ny musikk har Marte Eberson virkelig markert seg som soloartist. Eberson har blitt omtalt i både inn- og utland for sin [...]

Albumaktuelle Hanne Tveter med internasjonalt unikt samarbeid i verdensklasse
Intervju

Albumaktuelle Hanne Tveter med internasjonalt unikt samarbeid i verdensklasse

Hanne Tveter er aktuell med det særegne albumet «HULDRA», hvor hun har fått med seg et stjernelag av jazz- og flamencoartister til å utforske sjangermøtet mellom [...]

Anette Askvik gir oss sjelefred med et av årets fineste album
Intervju

Anette Askvik gir oss sjelefred med et av årets fineste album

Nylig ga Anette Askvik ut «Lyden av Snø» som er et album om håp i en tid hvor det er lett å miste troen på det [...]

Albumaktuelle Tove Bøygard imponerer med sine sterke tekster og formidlingsevne
Intervju

Albumaktuelle Tove Bøygard imponerer med sine sterke tekster og formidlingsevne

Tove Bøygard slapp nylig sitt kritikerroste album som ble markert med releasekonsert samme kveld på hjemmebane i Ål Kulturhus, etterfulgt av en bandturnè med 10 konserter. [...]