Foto: Agnete Brun

Herborg Kråkevik med stemningsfullt og storslått julealbum

Del Tweet

De siste årene har juleheftet Juleroser med redaktør Herborg Kråkevik – der noen av landets fremste forfattere og kunstnere bidrar – blitt en kjær del av julestemningen i mange hjem rundt om i landet. I tillegg til årets hefte, sangbok og turné har Herborg Kråkevik sluppet albumet «Juleroser» som er denne «Ukens album» på NPS Music, og som har fått ekstra brask og bram fra Bergens Filharmoniske Orkester.

På albumet medvirker også Bjørn Eidsvåg, Mathias Eick, Trygve Skaug, Marianne Pentha, Randa og Aniston fra Fargespill, Edvard Grieg Kor og AURORA.

«Heilt sidan den fyrste songen vart skriven til Juleroser i 2015, har eg håpa at me ein dag kunne spela desse songane inn. At det skulle bli så mange gode songar, og at innspelinga skulle gjerast med sjølvaste Bergen Filharmoniske orkester og Mathias Eick, våga eg ikkje tru på den gongen», forteller Herborg Kråkevik

Dette er et stemningsfullt album som setter deg i julestemning fra første låt. For å nevne noen av låtene på albumet; Albumet åpner med en av julens fineste julesanger, «Det hev ei rosa sprunge» hvor Herborg har med seg Aurora på nydelig vokal, og med Bergens Filharmoniske Orkester i ryggen blir dette en mektig og fin åpning på albumet. Neste låt ut er «Alt det som skinner» som er en nydelig tolkning av Anne Grete Preus sin førjulslåt og med orkester og kor i tillegg er dette en julevinner. Aurora bidrar med en ny julesang «Vinterens Gåte» som er en vakker låt som setter deg i en vinterlig og nesten eventyraktig julestemning. «Du grøne, glitrande tre goddag» er praktfull julemusikk av det «riktig gode gamle slaget», og det samme kan sies om «Nu vandrar fra hver en verdenskrok». Dette er både storslått og høytidelig og Herborg og Aniston sine stemmer kler hverandre godt. «Hvilken engel vil trøste dem» er en herlig liten juleperle som blir løftet frem av et flott orkester og klingende barnlige stemmer fra Randa og Aniston. «Kaldt og myrkt og lite sol» gjør noe med oss mennesker her oppe i nord, og vi trenger varm og god julemusikk som lyser opp, og Herborg og Bjørn Eidsvåg sin tolkning varmer godt i denne tiden.

I tillegg til årets julehefte kommer også «Julesongboka» ut i år. I «Julesongboka» har Herborg samlet de gode, gamle julesangene som familier har samlet seg rundt i generasjoner, og som har gitt trøst og julefred opp gjennom historien vår. Hun har også tatt med advents- og julesanger som står i fare for å havne i glemmeboka, og julesanger i nyere tid.

«Å ta kvarandre i hendene, gå rundt juletreet og syngja er ein trua tradisjon, men ein umisseleg skatt. Med denne boka håper eg mange vert inspirerte til å hugsa songane og syngja dei i lag», sier Herborg.

I år tar Herborg Kråkevik også med seg musikken og suksesskonseptet Juleroser til noen utvalgte scener rundt om i landet i desember. På turneen har hun med seg forfatterne Vigdis Hjorth og Vetle Lid Larssen. Disse eminente formidlerne vil gi publikum fortellinger, dikt og humoristiske høydepunkt fra Juleroser-heftene.

Sammen garanterer de for at det blir adventstemning, julelatter- og tristesser, klassiske julefortellinger og helt rykende ferske tekster om hverandre fra noen av Norges største kunstnere. Dessuten vil Herborg selv synge med et førsteklasses orkester – Julerosekvintetten – under ledelse av Espen Berg og med trompetvirtuos Mathias Eick som solist. I Bergen og Kristiansand kan publikum i tillegg glede seg til å oppleve dette sterke laget sammen med byens eget symfoniorkester; Bergen Filharmoniske Orkester og Kristiansand Symfoniorkester. Med andre ord blir dette en helt unik opplevelse.

«Dette skal bli ei juleforestilling som snakkar til alle krinkar og krokar av julehjarte vårt! Jul er følsame greier, og kunst gjer alltid godt, om det no er musikk, litteratur eller biletkunst. Eg håpar de vil koma og oppleva Juleroser frå scenen. Me skal gjera alt me kan for å underhalda og røra dykk og forhåpentlig gje alle litt fred i julesinnet», forklarer Herborg.

Gratulerer med det stemningsfulle julealbumet, «Juleroser» som du har spilt inn med Bergen Filharmoniske orkester. Kan du fortelle litt om prosessen rundt albumet fra start til utgivelse?

Om prosessen : Heilt sidan Odd Nordstoga og Stein Versto skreiv ny julesong til det fyrste Juleroser-hefte i 2015, har eg håpa på at desse songane ein dag skulle spelast inn. Så kom Grappa og Helge Westby og foreslo Bergen Filharmoniske orkester, og eg sa ja takk!! Mathias Eick møtte eg på ein jobb eg gjorde på bokmessa i Frankfurt, og fekk slik lyst til å arbeida vidare med han. Innspelinga vart gjort i Grieghallen i august 2019, og så har me lagt på ein del ny vokal og miksa hjå Ulf Holand i Oslo. Ein av songane er spelt inn fra grunnen i Rainbow studio, Oslo, så det er best mogeleg kvalitet langs heile ruta fram til ferdig album.

Albumet er gjennomført ordentlig og storslått» – Terningkast 5

Dagbladet

Du har et knippe av dyktige artister og Edvard Grieg Kor med deg på dette albumet. Kan du fortelle litt om det, og hvordan disse samarbeidene kom til?

Det viktigaste for meg med Julerose-prosjektet er å formidla gode tekstar, biletkunst og musikk til flest mogeleg miljø i landet vårt, og då er det viktig å ha med solistar og bidragsytarar frå forskjellige retningar og stilartar. Eg er veldig stolt over alle dei som er med.

Hva ønsker du å formidle gjennom dette julealbumet?

Det eg vil med Julerose-prosjektet er å dekkja til livet ein gammal tradisjon samstundes som eg bidreg til å skapa moderne litteratur, biletkunst og julesongar- kunst som kan gjera den moderne julefeiringa litt rikare og litt meir meiningsfull. Jula er jo ei følsom tid for oss alle, og mange kjensler å takla. Eg håpar at tekstane på dei nye julesongane kan vera til inspirasjon og trøyst for alle julefeirarar.

Hvilke tanker har du gjort deg rundt lydbildet av dette albumet?

Det er jo ganske stort lydbilde, for å sei det mildt, symfoniorkester er jo stas, men stort. Så me har jobba mykje med dynamikk og prøvd å laga pausar frå det store, for eksempel med å leggja inn korte snutter med piano og trompet eit par plassar i albumet. Dessverre er dette ein bonus berre fysisk cd har. Dessutan er det fem forskjellige arrangørar av orkesterarrangementa, og dette skapar jo naturlegvis variasjon.

Julesuksess nå på plate. Albumet som nok vil nå det største publikumet i år

Aftenposten

Hvilken låt fra albumet har du et spesielt forhold til?

Den viktigaste songen for meg er nok «Alt det som skinner» av Anne Grete Preus. Dette var ein av dei siste songane ho skreiv og i alle fall den siste ho spelte inn. Teksten seier så mykje om det svære tankeuniverset Anne Grete hadde inne i seg. Ho var svært belest, og nysgjerrig på alt akademisk, åndeleg og mellommenneskeleg. Eg vert rørt kvar gong eg syng den siste setninga på denne songen; «Det skinner av ….en stol som står tom».

Du er også redaktør for juleheftet «Juleroser» hvor noen av landets fremste forfattere og kunstnere bidrar. Kan du fortelle litt om det?

Juleroser er eit litterært julehefte som kom ut i heile Norden fra 1881 til 1944. Så i 2015 tok eg og forlaget Samlaget opp att denne tradisjonen og etter det har det kome mange slike julehefte i Norge. Eg er redaktør og har ein veldig dyktig redaksjon som eg lagar desse hefta med heile året, og me er allereie komne langt med neste års hefte. I Juleroser er det meste lesestoffet nyskrive kvart år og så er det ei blanding av moderne og historisk biletkunst.

I tillegg har du gitt ut «Julesongboka» som er en samling med de gode gamle julesangene. Kan du fortelle litt om sangboken og hvorfor du ønsket å gi ut denne?

Julesongboka er eg skikkeleg stolt av. Denne boka skulle eg eigentleg levera manus på 15. mars, og så lukka jo landene våre ned og Samlaget spurte kor langt eg var komen…eg hadde ikkje starta. Så da alt på scenen vart avlyst, fekk eg tid til dette. Det vart eit veldig lærerikt arbeid for meg, og tok veldig lang tid. Men slik må det vera viss ting skal bli skikkeleg. Målet med boka er å samla dei viktigaste julesongane våre ein stad, fra dei eldste til dei heilt nye og laga ei vakker bok der du kan finna tekstar, bakgrunnstoff og notar.

Denne sjarmoffensiven fra Herborg Kråkevik kommer nok til å snurres og strømmes i mange hjem i ukene fremover. Det er det all grunn til, for her er det mye kvalitet i mange ledd

NRK.no

Du er godt i gang med juleturné. Kan du fortelle litt om det, og hvordan det er å holde julekonserter i disse tider?

Ja det vert jo seks konsertar tilsaman med publikum, så eg skal ikkje klaga. Og så lag me ein strømmekonsert med Bergen filharmoniske orkester som vert sendt på nett fra ca. 13. eller 14. desember. Det er stas! På dei andre konsertane har eg med meg Julerosekvintetten som er strykarar, Espen Berg på flygel og Mathias Eick på trompet. På alle konsertar er forfattarane Vigdis Hjorth og Vetle Lid Larsen med og les fra tekstane sine som dei har skrive til Juleroser.

Hva føler du er det unike i Herborg Kråkevik sitt musikalske univers?

Referansene mine er jo temmeleg gamle: Piaf, Grieg, salmarog songboksongar, så eg har brukt mykje tid på å leika meg med moderne teknikk til gammalt stoff- for eksempel på «Herborgs verden» og «Edith og eg» albumet. Eg likar dette: å syngja ein gammaldags melodi på moderne komp, og eg likar å skriva nye tekstar til gamle låtar og eg likar å formidla kjente songar på min måte- eit døme her er «Ja vi elsker» innspelinga som finns på albumet «Alltid i mitt sinn», og «Til ungdommen» på «Kråkeviks songbok».

Hvordan og når startet det for deg med musikk og sang, og hva er din musikalske bakgrunn?

Eg starta å syngja skikkeleg i Ten Sing i Jondal og i storband. Broren min spelte gitar og drog meg med. Dessutan var klassisk musikk og allsang ein viktig del av kvardagen heime hjå oss.

Kan du fortelle litt om en av dine beste opplevelser fra en av dine liveopptredener?

Det er så mange at eg klarar ikke å velja ein, men eg kan sei at dei lukkelegaste stundene kanskje har vore dei der eg får brukt heile meg; songen, humoren og melankolien og det funkar- for eksempel i forestillinga «Kjære landsmenn». Ellers er dei store musikalane eg har vore med i, nok dei som har gitt meg aller mest glede…

Har du noen musikalske forbilder eller inspirasjonskilder?

Gjett om eg har! Bjørk, Helen Sjøholm, Piaf igjen ja, Barbra Streisand, å det er så mange…vanskeleg å byrja å nevna norske for då er eg redd for å gløyma nokon. Når det gjeld song, så er det viktigaste for meg formidlinga- dei som klarar å fortelja ein song, inspirerer meg.

Det er mye bra norsk musikk om dagen – hva liker du å høre på for tiden?

No har eg jo laga denne lista, så den er på ein måte svaret, men i tillegg så høyrer eg mykje på klassisk musikk generellt. Det lyttar meg liksom, og gjev samstundes ro til å arbeida.

Hva er det sprøeste eller mest spesielle du har opplevd så langt som artist?

Å syngja happy birthday to you kun akkompagnert av ein som prompa melodien, er ganske sært…det var til Seinkveld sitt 10-års jubileum.

Hvis du kunne jobbe med en norsk musiker, død eller levende, hvem ville du valgt?

Alf Prøysen eller Erik Bye- ingen av dei er vel mest musikarar sjølv om Prøysen spelte gitar då, men det er så mange ting eg kunne lært av dei to.

Hvordan har du og din familie tenkt å feire jul i dette spesielle året og hva står på menyen?

Jul på Skagen! Det er ikkje så dumt- maten vert dansk på julafta, and og norsk på 1. juledag, pinnakjøt.

Hva handler julen om for deg?

Jula er høgtid for meg, det er det viktigaste -å feira høgtida, og å vera scan med dei næraste. Å lesa er viktig for meg i juledagene og å ha tid til å sitja å sjå ljosa brenna ned på treet. Dei fleste har levande ljos på treet i Danmark.

Hvilken norsk julelåt og utenlandsk julelåt er dine absolutte favoritter?

Norsk: «Det lyser I stille grender» av Jakob Sande og Lars Søraas og «Desemberbarn» av Kari Bremnes. Utanlandsk: «Have yourself a merry little Christma»s, helst med originalen ti Judy Garland.

Hvordan har hele Covid-19 perioden fortonet seg for din del, og hva er dine musikalske planer for resten av 2020 og i 2021?

Eg kan jo fortelja at neste år reiser me på Julerose-turne igjen, ikkje minst til alle dei stadene der konsertane vart avlyste i år – det gler eg meg til allereie. Håpet lever i meg for at neste år vert eit godt år for oss alle saman.

Se Også

Høytflyvende Spurv har levert nok en klassiker
Intervju

Høytflyvende Spurv har levert nok en klassiker

Fra sin unnfangelse under et intetanende blikk ut av vinduet, til den omfattende prosessen med å utforme det, er «Brefjære» et kunstverk som samler det timelige [...]

Multikunstneren Veslemøy Narvesen med overbevisende og vakker solodebut
Intervju

Multikunstneren Veslemøy Narvesen med overbevisende og vakker solodebut

«We Don’t Imagine Anymore» er musiker og komponist Veslemøy Narvesens sitt første album i eget navn og som hun har fått strålende anmeldelser for. Den etablerte, [...]

Albumaktuelle Marte Eberson med delikat og selvsikker drømmepop
Intervju

Albumaktuelle Marte Eberson med delikat og selvsikker drømmepop

Etter å ha gitt ut ny musikk har Marte Eberson virkelig markert seg som soloartist. Eberson har blitt omtalt i både inn- og utland for sin [...]

Albumaktuelle Hanne Tveter med internasjonalt unikt samarbeid i verdensklasse
Intervju

Albumaktuelle Hanne Tveter med internasjonalt unikt samarbeid i verdensklasse

Hanne Tveter er aktuell med det særegne albumet «HULDRA», hvor hun har fått med seg et stjernelag av jazz- og flamencoartister til å utforske sjangermøtet mellom [...]

Anette Askvik gir oss sjelefred med et av årets fineste album
Intervju

Anette Askvik gir oss sjelefred med et av årets fineste album

Nylig ga Anette Askvik ut «Lyden av Snø» som er et album om håp i en tid hvor det er lett å miste troen på det [...]

Albumaktuelle Tove Bøygard imponerer med sine sterke tekster og formidlingsevne
Intervju

Albumaktuelle Tove Bøygard imponerer med sine sterke tekster og formidlingsevne

Tove Bøygard slapp nylig sitt kritikerroste album som ble markert med releasekonsert samme kveld på hjemmebane i Ål Kulturhus, etterfulgt av en bandturnè med 10 konserter. [...]