Verdsmannen Thorbjørnsen – ekte og ærlig med en fantastisk formidlingsevne

Del Tweet

Verdsmannen Thorbjørnsen slapp nylig sitt tredje album «Elden inni» som han har fått flotte anmeldelser for, og som er et musikalsk lysglimt på den norske musikkhimmelen.

Han skriver sterke og flotte tekster, og han formidler det på en måte som er så troverdig at man tror på hvert ord han synger av en mann som man kan kjenne og føle har «et levd liv» bak seg. Han har fått med seg et stjernelag av musikere med seg på dette albumet som er produsert av Alf Magne Hillestad.

Besetningen består av: Ketil Thorbjørnsen – gitar/vokal/låtskriver, Steinar Karlsen – gitar, Øyvind Aga – trommer, perk og kor, Ørjan Lindborg – bass og kor, Terje Norevik – piano, keyboard og kor, Karl Seglem -tenor sax, Lars Jemtetrud – kor, Marita Vårdal Igelkjøn – sag og sansula, Lise Voldsdal – fiolin.

Alle har vi en ild inni oss, en indre gnist som gjør at vi kan kaste oss ut i nye ting, som gir pågangsmot og vilje til å ta ut sitt potensial i livet. Det gjelder å våge, våge å tørre og våge å feile.

«Elden inni», viser vei til en ny, roligere og mer personlig side av Verdsmannen Thorbjørnsen. Det viser en nasjonal artist i stadig utvikling, der bunnsolide tekster og et fantastisk band gir lyd og liv til hans univers. Vi tok en prat med han om blant annet det nye albumet, julen og planene videre fremover.

Gratulerer med albumet «Elden inni». Du har fått med deg et stjernelag av musikere med deg på denne platen. Kan du fortelle litt om det, og litt om prosessen rundt albumet fra start til utgivelse?

Det er jo klart at ein vert audmjuk når så flinke og talentfulle folk bukar av si tid og sine evner til min musikk. Låtane vert presentert som skisser og idear til bandet, dei står fritt til å tilføre eigne ting. Samansetjingen av bandet osar av speleglede, speleferdigheter, musikalitet og kjemi. Så må det tilleggast at vår produsent, Alf Magne Hillestad, er ein av dei flinkaste produsentane i landet til å få fram det aller beste både av musikarane og ideane han vert servert. Alf Magne gjev seg ikkje, og utfordrar oss gong på gong til å tenke nytt, til å utvikle oss. Resultatet høyrer du på både «Vi treng trøyst» og «elden inni», det er solide saker.

Vegen til det ferdige produktet startar alltid for meg med tekst. Mykje tid vert lagt ned i dette arbeidet, smake på ord, meisle ut vendingar, ta vekk, stryke, skifte ut, kaste, starte på nytt. Gjennom denne prosessen nærmar eg meg kjerna i teksten og får ferdigstilt arbeidet, møysommeleg klunkar kassegitaren ut kordane som legg det musikalske grunnlaget som vert presentert for bandet. Det er elddåpen til ideen. Gjengen eg presenterar låtskissa til innehar så mykje erfaring, musikalitet, kompetanse, og ikkje minst ærlegheit, at det syner seg kjapt om låta er noko å jobbe videre med. Ofte ligg skissa klar lenge før det skal spelast inn, noko som gjer at musikarane kan starte sitt musikalske tankearbeid rundt låta. I studio samlar Alf Magne trådane frå dei ulike musikarane, og tilfører musikken sine idear om korleis det kan eller skal låte. Vi arbeider etappevis fram mot det ferdige resultatet, der det vert lytta, lagt på, tatt vekk, krangla litt, ledd litt, til det skrur seg mot eit ferdig produkt. Det å jobbe helgevis har synt seg gull vert, da ein får tid til å høyre mykje på det ein har gjort i studio og komme med innspel neste runde. Dette gjer, etter mi meining, prosessen fram mot det ferdige produktet både sunn og forutsigbar. Låtane modnar på ein måte.

Thorbjørnsen befestar med si tredje plate stillinga og viser at det i mine øyre mannens store gjennombrot, ”Vi Treng Trøyst“, frå i fjor ikkje var eit blaff. – Terningkast 5

Firdaposten

Hva handler dette albumet om og hva ønsker du å formidle gjennom det?

For meg handlar albumet om draumar. Nærmare bestemt, det å tore å følge draumane du har inni deg, og ikkje minst stole på deg sjølv. Plata legg til rette for refleksjon kring drivkrafta til menneske, du finn tvil og von i skjøn foreining, ro og uro, det lyse mot det mørke, hat og kjærleik i ein drakamp gjennom albumet. i denne materien kjem eit stadig tilbakevendande spørsmål; er eg god nok? Er det godt nok? Eg freistar å komme litt under huda på dette universelle spørsmålet. Eg skriv universelle, for vi bekymrar oss for nettopp dette, (at vi er gode nok), ved så mange aspekter av vårt dagelige liv. Det gjelde seg kjærleikslivet, arbeidslivet, i det indre sjølvet sit spørsmålet, er det godt nok nærast som ein ryggmargrefleks. Vi vert usikre, vi torer ikkje å peake komfortsona, vi stolar ikkje på sjølve sjølvet. Rundt desse betraktningane vil eg fremje sjølve drivkrafta, det som tenner deg, den flammen du har, elden inni. Du er god nok, det er godt nok! Vi må tore å kaste oss uti, utfordre oss sjøl. Vi må ikkje være så redde for å gå på trynet. Det er i ein slik prosess nyvinning finn stad. Lite framgong kjem av å fylgje reglane, gjere det vande og berre væra til. Ta sats, ikkje følg straumen, gjer det på din måte.

Hvilke tanker har du gjort deg rundt lydbildet av dette albumet?

Lydbilete høyres umiskjenneleg ut som Verdsmannen Thorbjørnsen. Det låter mørkt og mektig. Skilnaden frå forrige plate, ligg kanskje i kva vi har «krydra» lydbilete denne gongen. Terje Norevik som spelar tangentar har fått mykje meir spelerom, noko som heilt klart har tilført mykje. Det har vorte leika ein heil del med dupedittar av ulike tangentiske slag, vi har fått med oss fantastiske Lise Voldsdal på fiolin som hevar låtane på ein vidunderleg, vakker måte, Karl Seglem hevar riffa med sin legendariske tenor sax, og Marita Igelkjøn Vårdal gjev varme, nerve og noko som skil seg godt ut i rockesamanheng, nemleg sag og sansula. Summen av dette, samt ein formidabel korjobb frå Lars Isachsen Jemterud, gjer lydbilete unikt, skittent og vakkert på ein gong. Det er som dei ulike elementa smeltar saman i ein større enhet, noko som vert fint, rart og unikt på same tid. Det er også miksa analogt av Christer Krogh i Velvet Recording, noko som gjev ein varme i lydbilete som vi kanskje ikkje har hatt tidlegare. Christer har også «bretta» musikken vår meir ut, gjeve det meir luft og gjort lytteopplevinga mektigare.

Hva er det spesielle i ditt musikalske univers?

Det spesielle ligg nok i det tekstlige der engasjementet for samfunnet, det sosiologiske blikket, og flammen for dei svake i samfunnet. Eg skriv om tema som kanskje andre styrer unna, psykiske problem, sjølvmord, flyktninghat, skam m.m, og er ein stor forkjempar for godt og meningsfylt innhald.

Ofte vert dette fremheva som flott og ærverdig, mens dei same som framhevar dette, i neste omgang ikkje har mot nok til å spele musikken min, å gje desse temaene ein plass i det offentlege rom. Det handlar om feighet og ein frykt for å støte nokon. Resultatet ser du tydeleg igjen i ein glatt og forflata popkultur der meiningsinhaldet i tekstane framstår som, i beste fall meiningsløst. «Elden inni» manglar, frykten for å støyte nokon vert for stor.

Ketil Thorbjørnsen har elden inni. No er det berre å venta på at elden skal spreia seg

Truls Sylvarnes, Porten.no

Hvilke låt har du et spesielt forhold til fra albumet, og hvorfor?

Det må være «Hus». Låta omhandlar det å miste noko eller nokon. Den handlar om fasen der ein ikkje kan forsetje som før, der omstilling, ontologisk uro, og ei nostalgisk kjensle oppstår. Ebbande liv vert gjeve vidare til gryande liv, det gamle må vike, det unge, det nye, slår på ny rot. I eit slikt skjæringspunkt mellom fortid, notid og framtid går noko tapt og «Hus» gjev rom for refleksjon kring vårt forhold til tradisjonar og verdiar i vår moderniseringskåte samfunn. Låta er for Verdsmannen Thorbjørnsen, ei hyllest både til det som er og det som var. Låta kan kallast ein hyllest til rust.

Hvordan har det siste året vært for deg musikalsk sett?

Det har vore eit hektisk år med mykje speling, hardt arbeid med å ferdigstille, «Elden inni», samt at eg har skreve mesteparten av musikken til ein musikal som skal framførast ved påsketider. Det har vore eit spanande år der musikalske opplevingar har stått i kø. Eg har fått spelt med nokre av dei finaste musikarane vi har her til lands, og lært meg nye tjuvtriks til plate fire som er under brygging.

Kjekt har det også vore å realisere eit konsept som eg har brygga på i fleire år kalla fjelljom. Ideen her er å vise fram den fantastiske naturen Sogn og Årdal har å by på.

Å gje ei unik konsertoppleving i majestetiske omgjevnader der vi kombinerer natur og musikk har vore svært gjevande og noko som eg kjem til å gjere i 2019 også.

Hvem er Ketil Thorbjørnsen og hvilken musikalsk bakgrunn har du?

Ketil Thorbjørnsen er først og fremst ein forkjempar for dei svake i samfunnet. Mykje av dette engasjementet kjem av at eg har sjølv vore der, eg har med meg eit innblikk i korleis det er å ha lite eller ingenting, korleis det er å bli sett ned på, og vore bakerst i køen. Når eg no har gjennomført det som kan kallast tidenes comback i samfunnet, fyller det meg med ein audmjukhet og ein vilje til å gje dei svake i samfunnet ei stemme. Det er dette låta «1000 watt» handlar om, ikkje døm for tidleg, ikkje gje opp.

Musikalsk er eg oppfostra med blues og rock, og spelte i ei årekke utelukkande bluesgitar. Eg skreiv på engelsk, men fekk det liksom ikkje heilt til å stemme, før eg på oppfordring frå kona mi, oversette ei engelsk låt eg hadde laga, til nynorsk. Da fell på ein måte brikkane på plass, og tre plater på fire år har vorte resultatet. Desse platene kunne ikkje vorte til utan den støtten eg har fått frå Årdal, og den lokale forankringa er svært viktig for meg. Det å vise fram kva vi får til i bygda vår, brenn eg veldig for. Samhald og det å gjere kvarandre betre og ville kvarandre vel, er verdiar som du finn att i bandmiljøet vårt i Årdal. Eg er ein stolt medlem av Hugin musikkforum som fostrar stadig nye talent. Eg vart beden om å lage ei speleliste til dykk, den speglar det mangfaldet og aldersspennet som finns i Årdal; yngst finn du Tetanuz, etter dei finn du Frida Hunshammer og Kaia Høl, Verdsmannen finn du etter dei, og sjefen sjølv Karl Seglem til slutt. Eg er stolt over å være ein del av denne gjengen som set Årdal på kartet!

Har du noen musikalske forbilder eller inspirasjonskilder?

Roger Waters er vel ein eg alltid har sett høgt, med sitt brennande engasjement og sine geniale låtar er det ingen over og ingen ved sidan av. Her heime har eg høyrt mykje på Dumdum boys, der onelinerane deira og riffa har vore i ein klasse for seg sjølv.

I seinare tid har eg høyrt mykje på Bjella som gjev farge til det enkle, og fangar inn stemningar i tekstane sine som treff meg veldig. Tommy Tokyo likar eg også, han har nokre av dei same verdiane som eg kan verdsetje. Eg kjenner meg heime i musikken hans.

Hva er det sprøeste eller mest spesielle du har opplevd så langt som artist?

Det må være da eg sto og spelte og ein publikumar prøvde å stappe penisen sin inn i kassegitaren min!!!

Kan du fortelle litt om en av dine beste opplevelser fra en av dine liveopptredener?

Det å spele på heimebane under Målrock med full meieripark, der publikum kan låtane dine, med det beste bandet eg vet i ryggen, det er slikt ein aldri vil gløyme.

Eit anna stort musikalsk augneblink var å spele med Karl Seglem der vi freste ut Jimi Hendrix på hardingfele og bukkehorn i naturskjøne omgjevnader i Utladalen!!!.Uforgløymeleg!

Hvis du kunne jobbe med en norsk musiker, død eller levende, hvem ville du valgt?

Hadde valgt Stein Torleif Bjella, men faren er at det hadde vort mykje solbærvin og lite gjort.

Hvilken norsk julelåt er din absolutte favoritt?

Om eg må velge så tek eg ein runde med Katzenjammer sin versjon av «Vi tenner våre lykter». Den er finfin.

Hva handler julen om for deg, hvordan skal du tilbringe julaften og hva står på menyen?

Jula handlar om å få tid med familien, eg er mykje vekke på speling og dette er ei tid vi kan være saman og kose oss med julefilmar, gå i pysjen, lage god mat, og gje kvarandre kvalitetstid. Vi er heime i Årdal og lagar ei finfin jul saman med pinnekjøt, medisterkaker og julepølser.

Hvilke planer har du i 2019?

2019 vert eit hektisk år med kulturhusturné i februar, plate fire skal lagast, vi skal få sydd saman ein musikal i kulturskulen, ein ny spanande fjelljom skal arrangerast, og det skal spelast, spelast og spelast. Inn i mellom skal det sjølsagt nytast. Vi har berre eit liv og det skal ikkje sparast på noko. Vi set spor.

Sjanger

Norsk på Norsk

Det finnes utrolig mye bra norsk på norsk! Her har du et lite utdrag vi har satt sammen for deg.

Les mer

Se Også

Vi og Du albumdebuterer med herlig og harmonisk jazzpop på norsk
Intervju

Vi og Du albumdebuterer med herlig og harmonisk jazzpop på norsk

Fredag 16. august slapp duoen Vi og Du sitt debutalbum «I en By Et Sted» som tar for seg nære og hverdagslige historier i en fin [...]

The Secret Sound of Dreamwalkers er en spennende trio med et unikt popsound
Intervju

The Secret Sound of Dreamwalkers er en spennende trio med et unikt popsound

Den vakre låten «Maybe I Meant Nothing To You» er første single ut fra andrealbumet til den sjangersvingende Oslo-trioen The Secret Sound of Dreamwalkers som ble [...]

Ramsalt lager melodiøs powerpop preget av hav og vind
Intervju

Ramsalt lager melodiøs powerpop preget av hav og vind

Karmøybandet Ramsalt er ute med EPen «100 Mil» som inneholder fire fine og fengende låter. Låten «100 Mil» er en drivende «knute på tråden» låt med [...]

Bokassa om sitt nye album: -det beste vi har laget
Intervju

Bokassa om sitt nye album: -det beste vi har laget

Bokassa turnerer for tiden med thrash-legendene Metallica og svenske Ghost, men tok seg tid til å kaste glans på norske kollegaer og snakke om sitt nye [...]

Supergruppen LÖV er ute med ny single
Intervju

Supergruppen LÖV er ute med ny single

Marte Eberson og Øystein Skar (tidligere medlemmer i Highasakite) annonserte i høst at de hadde dannet supergruppen LÖV sammen med vokalist og The Voice-vinner Martin Halla. [...]

Bli med inn i August Kann sin melankolske men forfriskende verden
Intervju

Bli med inn i August Kann sin melankolske men forfriskende verden

Fredag 14. juni slapp August Kann sitt debutalbum, «How Did All These People Get into My Room» som er denne «Ukens album» på NPS Music. Med [...]