Foto: Trine Hisdal

Thea Hjelmeland har skapt et genialt lite mesterverk

Del Tweet

Etter braksuksess, Spellemannspris og en pause fra rampelyset er Thea Hjelmeland nå tilbake med sitt tredje album, «KULLA» som hun slapp fredag 28. september, og som er denne «Ukens album» på NPS Music.

Hun har fått med seg et stjernelag av musikere i studio bestående av; Chris Holm, Ivar Thormodsæter, Matias Tellez, Yngve Leidulv Sætre og Jørgen Træen.

Albumet har hun fått strålende anmeldelser for, og både Sogn Avis og Aftenposten kaster seks på terningen. Ellers har hun fått en rekke femmere fra bl.a. Bergens Tidende, Klassekampen, Dagsavisen. Superlativene har ikke vært få, og Aftenposten skriver; «Stort bedre kan det ikke gjøres», Dagens Næringsliv skriver «Ingen lager popkunst som Thea Hjelmeland», mens Dagsavisen skriver «Thea Hjelmeland lager de mest fengende låtene i Norge i år. Med et innhold et godt stykke bortenfor alminnelig poplyrikk, og vi har rett og slett aldri hørt noe lignende.»

Etter å ha hørt gjennom albumet noen ganger så er konklusjonen at dette er et album som er både fint, spennende, interessant, fengende, lekent og snodig på samme tid, eller sagt med andre ord kort og greit et genialt lite mesterverk. Man kan jo bare lure på hvor Thea henter sin kreativitet, inspirasjon, kunstneriske utfoldelse og uttrykk fra for å kunne skape seg sitt helt eget lille musikalske univers. Hun har en helt unik musikalsk forståelse for det er man nødt til å ha for å lage musikk slik Thea gjør. Hør bare på låtene «Nemesis», «Placenta», «Ritual» eller «Vacuum».

På dette albumet tar hun oss med på dansegulvet, hvor hun tar et ærlig oppgjør med tabuene rundt kroppen, de passive tilskuerne i samfunnet og de forskrudde skjønnhetsidealene.

Resultatet er en helstøpt og sterkt pop-plate fra en multikunstner med full kontroll. Albumet er fylt til randen av leken og dansbar indie-pop, kleine skildringer og det magiske lydbildet Thea er kjent for. På dette albumet får man servert en unik sammensetning av låter og stemninger, med alt fra det intime og sårbare til et brutalt ærlig skråblikk som river deg ut av din egen komfortsone. Musikken er variert og hver sang lever sitt eget liv, men fellesnevneren er dybde og humor i tekstene.

«Jeg ville utfordre meg på å produsere så mye som mulig selv, for å sikre at det var mitt eget uttrykk fullt ut. I alt jeg gjør og alle rollene mine i jobben er jeg skaperen, kjernen og primus motor. Dette vil også vise seg tydelig i det visuelle og i liveformatet», sier Hjelmeland.

Denne høsten vil man få servert en konsertopplevelse utenom det vanlige når hun i midten av oktober legger ut på en Norgesturné.

«Jeg har lekt meg fram til et fornyet uttrykk og vil gjennom live-konseptet jeg nå arbeider med gi publikum en annerledes konsertopplevelse. Jeg kan nesten ikke vente med å få spille konserter og møte publikum igjen», avslutter Thea Hjelmeland. Vi tok en prat med Thea om bl.a. det nye albumet og planene videre fremover.

Gratulerer med ditt tredje album, «KULLA». Kan du fortelle litt om prosessen rundt albumet fra start til utgivelse, og hva som er forskjeller fra ditt forrige album?

Tusen takk. Mitt nye album «KULLA» byrja eg å komponere under turné med mitt forrige album «Solar Plexus». Det vart tidleg klart for meg at eg ville lage ei plate eg og publikum kunne danse til. Eg ville inn i ei ny retning musikalsk og tekstleg og utfordre meg sjølv og formatet. Eg ønskte også å i større grad produsere mest mogleg sjølv. I slutten av Solar Plexus si siste turnéperiode fekk eg to større arbeidsstipend som førte til at eg kunne frigjere tid til å gå i djupna kunstnarleg. Eg fekk difor moglegheit til verkeleg å utfordre meg sjølv og skape noko nytt. Eg har komponert all musikk, skrive all tekstar, arrangert musikalsk og produsert albumet saman med produsent Jørgen Træen. Albumet er mila av Jørgen Træen og Yngve L. Sæthre. Hovudforskjellen frå forrige album til dette er at Solar Plexus er meir farga av ulike strenge-instrument og har eit meir akustisk preg, medan «KULLA» har eit meir elektronisk preg og er meir dansbart.

Hva handler dette albumet om og hva ønsker du å formidle gjennom det?

«KULLA» handlar om å vere fri i seg sjølv og handle ut i frå eigne premiss. Musikalsk ville eg skape eit fornya lyduttrykk som var dansbart og energisk. Tekstleg har eg laga eit fiktivt tekstlandskap der eg ville sjå kor langt eg måtte dra strikken før det var ubehageleg, og brukt masse humor for å snike meg ut av komfortsona.

«Stort bedre kan det ikke gjøres» – Terningkast 6

Aftenposten

Hvilke tanker har du gjort deg rundt lydbildet av dette albumet?

Hell i uhell vart det enkelt å lage eit fornya lyduttrykk; då utløyst av ei skade i skuldra mi. Dette førte til at eg ikkje kunne spele strengeinstrument, men måtte velge andre innfallsvinkler til komponering og produksjon. Eg byrja med å synge accapella og skape enkle og gode melodilinjer som var interessante utan musikalsk arrangement. Deretter gjekk eg over til synth og sampla vokalen og organiske lydar. Slik vart lydbiletet endra og samstundes kretsar det rundt hovudkjerna; stemma. Albumet har eg produsert sjølv saman med Jørgen Træen. Albumet er mixa av Jørgen Træen og Yngve L. Sæthre.

Hva er det spesielle i ditt musikalske univers?

Hm, det er eit vanskeleg spørsmål å svare på utan i frå når eg står midt i det sjølv, men kanskje det er kombinasjonen av elementa og måten dei er sett opp mot kvarandre på? Eg ønskjer i alle fall å dyrke dei gode lydane, dei enkle elementa og dei sterke kontrastene i musikken min.

Hvilke låt har du et spesielt forhold til fra albumet, og hvorfor?

«Vacuum» er eg utruleg glad i. Den har ein god lengsel som eg kjenner på kvar gong eg høyrer den. Den er så enkel, organisk og suggerande, og skil seg ut i mengde fordi den er meir retning jazz og veldig enkelt arrangert. Chris Holm sitt bass-spel er nydeleg, og med drivande godt trommespel frå Ivar Thormodsæter er det berre å lene seg tilbake å nyte.

Hvordan har det siste året vært for deg musikalsk sett?

Eg har arbeidd med dette albumet dei siste 3 åra, så det siste året har handla i hovudsak om å avslutte dette albumet og jobbe fram mot plateslepp. Eg har testa ut livekonsept-idear, men ikkje spelt meir enn eit par gongar live. Så det gler eg meg heilt enormt til å byrje med att med haust-turnéen for døra. Å spele live er det beste eg veit!!

«Ingen lager popkunst som Thea Hjelmeland»

Dagens Næringsliv

Hvem er Thea Hjelmeland og hva liker du å gjøre på fritiden?

Eg kjem frå Førde i Sogn og Fjordane. Er kunstnar, musikar og artist. Har gjeve ut 3 album og skal snart ut på turné med dette siste albumet i Noreg i haust. Ellers er eg eigentleg berre ein vanleg person med ein noko uvanleg jobb. Kunsten krev mykje av meg, så ellers er eg ganske streit, likar eg å tru.

Hvordan startet det for deg med musikk og sang og hvilken musikalsk bakgrunn har du?

Eg har vakse opp i ein familie med kunstnarar og har nok visst frå barn av at det var songar og musikar eg ville bli. Mor mi er også tekstilkunstner, så alt det visuelle eg arbeider med i tillegg til musikken som bilder, videoer og kostymer, har eg også fått med meg i bagasjen. Eg byrja å skrive songar som veldig lita, og spelte min første konsert med eigen musikk som 13-åring. Deretter vart det fullt fokus på musikk og eg har alltid vore veldig oppteken av å spele mykje live. Eg har vakse opp i ein heim med blues, soul, klassisk og world-music. Det er mitt musikalske grunnlag, og eg kjenner meg privilegert som har det integrert i min musikalitet.

Har du noen musikalske forbilder eller inspirasjonskilder?

Mine favorittartister er gamle soul, blues og jazz-stjerner som til dømes Aretha Franklin (RIP), Etta James, Donny Hathaway. Fordi dei syng heilt vilt bra, musikken groover så det er umogleg å stå stille og dei treff meg kvar gong.

Det er mye bra norsk musikk om dagen – hva liker du å høre på for tiden og hvorfor?

9 grader Nord, fordi dei er leikne og rå og spelar verkeleg godt med kvarandre. Undergrünnen, fordi dei er alt eg vil ha i eit band; rå, ville, drivande gode. Gurls, enkle element men kraftfullt og leikent uttrykk og svært dyktige musikarar.

Hva er det morsomste eller mest spesielle du har opplevd så langt som artist?

Eg har nokre heilt ville opplevingar frå Cuba. Eg har studert der tidlegare og var over fleire gongar for nokre år sidan for å spele og ha ulike musikalske samarbeid. Eg solgte ut større konsertar, spelte på live TV med strykeorkester og måtte skrive autografer på gata. Det var ei sær men vakker oppleving. Eg håpar eg får sjansen til å reise attende snart, det er eit vilt bra publikum å få spele for, med deira sterke relasjon til musikk.

Kan du fortelle litt om en av dine beste minnerike opplevelser fra en av dine liveopptredener?

Alle konsertane mine gir meg veldig mykje. Eg er veldig heldig som har eit så godt og lyttande publikum. Det å få formidle er det kjekkaste eg veit. Eg trur dei gongene eg sjølv har vore veldig spent på mottakinga, og det har gått bra, har gitt meg veldig mykje ekstra personleg. Som til dømes alle platesleppa mine, det er noko heilt spesielt med dei konsertane. Eller å kome til ein stad eg aldri har vore før, og så blir det eit sterkt møte med publikum. Det er vidunderleg! Og ja, så har eg spelt med KORK ein gong, det var nervepirrande og overveldande. Haha, eg kunne sikkert ha skrive ei uendeleg lang liste. Eg har verdas beste jobb!

«Thea Hjelmeland lager de mest fengende låtene i Norge i år. Med et innhold et godt stykke bortenfor alminnelig poplyrikk og vi har rett og slett aldri hørt noe lignende.» – Terningkast 5

Dagsavisen

Hvis du kunne jobbe med en norsk musiker, død eller levende, hvem ville du valgt og hvorfor?

Hm.. Eg er veldig usikker på musikar – kanskje Enslaved. Mest fordi eg ikkje klarar å forestille meg korleis dei skulle ha blitt, og det er eit spanande utgangspunkt – men om det hadde vore kunstnar; Kjartan Slettemark!!

Kan du nevne et stk. guilty pleasure og hvorfor akkurat denne?

Eg eig nok veldig lite skam, og eg blir ikkje flau av at eg likar denne musikken i det heile teke, men eg blir altså veldig glad av danseband-musikk. Eg tykkjer dei får ufortjent mykje tyn, så glade folk blir av desse omreisande og hardtarbeidande banda – så mykje dans og livsglede!

Hvilket sted i Norge drømmer du om å spille på?

Eg har faktisk aldri spelt eller VORE i Nord Noreg. Tenkt det, det er skam det – men det er heldigvis ein stor draum eg snart skal oppfylle sjølv.

Hvilke planer har du videre i 2018?

No skal eg først på plateslepp-turné som eg øver med bandet til no, og så kjem det fleire konsertar og spanande ting utover året. Her er datoene:

Bergen 13. okt – usf verftet

Oslo 18. okt – vulkan arena

Førde 19. okt – larris scene

Trondheim 22. nov – byscenen

Stavanger 23. nov – tou scene

Eg kan i alle fall seie med tryggleik at dette berre har byrja….

Se Også

Viljar Broks sier hade – og introduserer seg selv for alvor
Intervju

Viljar Broks sier hade – og introduserer seg selv for alvor

Viljar Broks fra Tromsø har holdt det gående på den norske urbanscenen i et par år nå. Etter å ha debutert med singelen «2XU» i 2015, [...]

Electro Spectre er tilbake med full kraft og hjemsøker igjen verden med sin electropop
Intervju

Electro Spectre er tilbake med full kraft og hjemsøker igjen verden med sin electropop

Electro Spectre er tilbake med full kraft og hjemsøker igjen verden med sin electropop-musikk som er skrudd sammen til minste perfeksjon. Bandet består av låtskriver og [...]

Regnbyen fra Bergen leverer ærlig og usminket norsk rock’n roll
Intervju

Regnbyen fra Bergen leverer ærlig og usminket norsk rock’n roll

Det nye Bergensbandet Regnbyen slapp sitt selvtitulerte debutalbum torsdag 18. oktober 2018, og som blir urfremført i sin helhet under kulturfestivalen i Åsane i oktober. Regnbyen [...]

Det er lett å la seg rive med i det fengende pop-universet til FordRekord!
Intervju

Det er lett å la seg rive med i det fengende pop-universet til FordRekord!

Rogalandsbandet FordRekord slapp nylig sitt album «Bravo-Bravo» som er denne «Ukens album» på NPS Music. De har til nå fått strålende anmeldelser og Stavanger Aftenblad kaster [...]

A1 er gjenforent med Paul Marazzi, klar for Asiaturné og har 20 års jubileum!
Intervju

A1 er gjenforent med Paul Marazzi, klar for Asiaturné og har 20 års jubileum!

For første gang på 15 år, er Paul Marazzi tilbake sammen med A1 kollegaene Ben Adams, Mark Read og Christian Ingebrigtsen, for å gjenforene gruppen som [...]

Magisk gitarkunst om et av de mørkeste kapitlene i Norges historie
Intervju

Magisk gitarkunst om et av de mørkeste kapitlene i Norges historie

Gitarist, komponist og produsent, Anders Buaas fra Larvik ga nylig ut sitt andre album i triologien «The Witches Of Finnmark» som er inspirert av boken «Ved [...]