Foto: Magnus Skrede

Nydelig og lekent sjangeroverskridende album fra Sigrid Moldestad

Del Tweet

Fredag 19. februar slapp den kritikerroste og folkekjære artisten Sigrid Moldestad sitt sjette soloalbum, «Tonen i meg» som hun har fått flotte anmeldelser for, og som er denne «Ukens album» på NPS Music.

Her møter lytteren Sigrid Moldestad i et litt mørkere musikalsk landskap enn tidligere. Selv om folkemusikken fortsatt står sterkt, leker hun med flere sjangre på denne platen, som er satt sammen av flere små fortellinger om kontrastene i livet. «Tonen i meg» er en reise gjennom gamle historier og gåter fra fortiden som veves sammen med ensomhet, lengsel, og nåtid.

Sigrid Moldestad har funnet frem til selve grunntonen i seg selv på dette albumet. «Tonen i meg» er både skjør og kraftfull, hudløs og trøstende, melankolsk og oppløftende. Her er kontrastene i livet, utkrystallisert i små fortellinger som i grunn handler om oss alle. Fortid og nåtid går hånd i hånd i mange av låtene. Små glimt av en svunnen tid som setter vår urolige tid i relieff med Moldestad sin stemme i midten som en varm klem, i den kalde tiden.

– «Tonen i meg» handlar om dei ulike tonane eg, og forhåpentlig vis alle har i oss. Det er ulike påminninger; gamle historier og bilder, di eiga einsemd og lengt, gåtene frå fortida og dei vi er blitt.», forteller Sigrid.

«Tonen i meg» tar lytteren med inn i små, mørke tanker vi kan kjenne oss igjen i. Det er historier som må fortelles videre. Lengsel hjem og tilbake i tid, gåtene i livet, og til slutt erkjennelsen av kraften vi har med oss og den forunderlige tanken på evigheten. Det er et ærlig album om å være ærlig med oss selv og å akseptere at vi alle er fulle av kontraster, selvmotsigelser og gode og dårlige valg. Alt det som er livet.

Sigrid Moldestad og hennes faste band, bestående av noen av Norges beste musikere, har etter mange år sammen utviklet en egen stil som kler sangene til Moldestad med en umiskjennelig identitet. Musikken leker med sjangre, instrumentering og uttrykk. Den går fra å være mørk, dvelende og storslått til undrende og vakker. Den er vill og upolert og med en dose pop og folkrock. Med unntak av en barneregle (Ta den ring) og en cover-versjon av Fleetwood Mac´s «Dreaming the dream», er all musikk og tekst skrevet av Sigrid Moldestad selv. Musikken er arrangert og formet i en kollektiv prosess mellom musikerne og produsent Yngve Leidulv Sætre, som også produserte «Vere Her» i 2017. Albumet er spilt inn i Duper Studio i Bergen.

Totalt sett er dette et variert, nydelig og lekent album med både melankolske og oppløftende stemninger. Vi vil gjerne trekke frem tre låter fra albumet. Den første er tittelsporet, «Tonen i meg» som er en sterk låt som hyller kvinnekraften og lyset i oss. En kraftfull og sår låt innpakket i et stødig og klangfullt lydbilde. Den neste låten vi vil trekke frem er, «Tilbake i tid» som er en nydelig og skjør liten perle i et melankolsk og stemningsfullt lydbilde. Til slutt vil vi trekke frem den mer oppløftende låten «Song til deg» med en fin og ærlig tekst i et harmonisk og flott lydbilde er dette en låt som både kan kjennes og føles.

Sigrid Moldestad med band skal ut på en mindre releaseturné i mars, (Oslo, Bergen, Førde og Nordfjordeid) og mer turnering og flere festivaler venter utover året.

Vi tok en prat med Sigrid om blant annet det nye albumet og planene videre fremover.

Gratulerer med albumet, «Tonen i meg». Kan du fortelle litt om prosessen rundt det fra start til utgivelse, og hva som er forskjellig på dette albumet i forhold dine tidligere utgivelser?

Tusen takk. Ja, eg håpar jo at eg stadig er i rørelse og utviklar meg, musikalsk. Albumet er skapt litt over tid, men eg såg at det harmonerte veldig med den eine songtittelen «Tonen i meg», som blei tittelen på heile plata. Fordi det er ulike historier som alle har til felles ein slags grunntone som er meg. Alle plater er personlige for meg, og denne kjennes også til tider ærligare og meir inn til beinet enn før..

Hva handler dette albumet om og hva ønsker du å formidle gjennom det?

Det er små og store historier som handlar om dei vi er, dei vi er blitt og erkjenningar kring det. Nokre historier er sjølvopplevde og andre historier eg har høyrt som eg vil fortelle vidare. Eg er oppteken av å ta med seg det som har vore inn i vår eiga tid. Det er i det folkemusikalske dna-et mitt.

Hvilke tanker har du gjort deg rundt lydbildet av denne platen?

Det er prega av bandet som eg jobbar fast med og som alltid byr på unike lydbilder i form av særprega instrumentering med mer. Så jobbar vi tett med produsent Yngve Leidulv Sætre som får alle dei akustiske instrumenta våre til å låte som ein større heilhet. Eg er utrulig fornøyd med lydbildet og måten vi har jobba fram det på. Det har impulsar frå fleire genre og blir holdt saman av at det er vi som spelar. Elskar å jobbe med Yngve. Han får så mykje bra ut av oss og den kollektive prosessen kjennes på mange måtar enkel sjølv om den ikkje er det. Vi sit jo som oftast 5-6 pers samtidig og spelar. Det er ein ganske unik arbeidsmetode i våre dagar – stolt av det!

Hvilke låt har du et spesielt forhold til fra albumet?

Eg har eit ekstra nært forhold til tittelsporet «Tonen i meg». Ein song som hyller kvinnekraft og lyset vi alle har i oss. Opp gjennom tidene har denne krafta vorte mistenkeliggjort og motarbeidd. Den har gjort mange redde og den har gitt mange jenter og kvinner ei skam for å vare for mykje, vare feil, for lysande, for sterke.. Songen kom til då eg las om Lisbeth Andersdotter fra Nordfjord som i 1828 miste mannen sin på fjorden og som kom til konklusjonen at det var hennar «syndige» felespel som hadde skuld i tragedien. Eg kjem alltid til å ville minne både meg sjølv og våre døtre og søner på at vi ikke skal vere redd for lyset vi har i oss og den krafta vi har til å gjere gode ting. Eg trur vi alle kjenner og veit kvar den krafta er, men vi er godt trent i å presse den ned og ikkje syne den fram. Det er mange mørke kapittel i historia som viser kva som skjer med oss då.. Dette er mi helsing til kvinner før meg og kvinner kring meg og jenter etter meg. Ikkje ver redd for ditt ljos og di kraft.

Hvor henter du inspirasjon fra til å skrive låter, har du opplevd skrivesperre og hva gjør du for å komme deg ut av den?

Eg ser oftare og oftare historier som er nær meg, enten geografisk eller historisk som er verdt å fortelle og skrive om. Eg jobbar veldig intuitivt og med skisser før det blir låtar av det. Dei instrumentale låtane og melodiane kjem ofte til meg når eg er i rørelse sjølv; ute og går tur, er i skogen, på fjellet, i bil eller generelt ute og tek inn verda. Så kan det vere ting eg les, bilder eg ser, filmar eller andre historier eg har blitt fortalt eller liknande. Det er mykje å bli inspirert av. Skrivesperre har ein jo, men eg kan ikkje tvinge fram saker. Bearbeiding krev displin, men sjølve ideane kjem oftast til meg på ulike vis. Då er det viktig å spare på dei. Som Olav H. Hauge har skrive: «Gode dikt skriv du ikkje, du lyt lengta og lokka dei fram». Det sitatet har eg hengande på kjøleskapet mitt heime.

Du har også sluppet en musikkvideo. Kan du fortelle litt om det?

Eg hadde så lyst å lage ein fin film til tittelsporet. Eg syns sangen er litt filmatisk av seg og ville kle ei gjennomfortalt historie der vi leikar oss litt med tid og stad, kvinnehistorie og krafta/skuggen vi har med oss heile tida. Nydelig å jobbe med Francisco Munoz som filma og med dansar Ane Evjen Gjøvåg om den filmen. Er veldig stolt. Filmen er laga i Bergen og blant anna gjort opptak av på Torgallmenningen og i Nordnesparken der kvinner for lenge sidan måtte bøte med livet for kreftene sine.. Eg trur mange kvinner fortsatt slit med å ta plass og kjenner skam når dei gjer det. Eg kjenner det sjølv. Det ligg så djupt forankra i oss. Filmen er eit slags forsøk på å vise krafta og frigjeringa av å vere seg sjølv.

Hva føler du er det spesielle i Sigrid Moldestad sitt musikalske univers?

Alltid vanskelig å svare på sånt. Det er lettare at andre gjer det.. Eg er no meg. Eg har med meg det eg har; musikalske grunnrøter frå folkemusikken, mykje fantasi og sterkt behov for å fortelle historier som knyt meg saman med folk. Er kanskje så enkelt som det?

Hvordan vil du beskrive deg selv, og hva liker du å gjøre på fritiden?

Tja, eg håpar eg blir sett på som snill og fin å vere saman med. Eg er veldig sosial når eg vel er det, men er like mykje eremitt som trivs i mitt eige selskap. Har ingen problemer med å sitte og glo ut av vindauget, haha. Eg er mor til to tenåringar som eg har delt omsorg for. No har dei begynt å bli store, og eg syns det er fantastisk å vere tenåringsmor. Eg har kjærast, dog som bur i nabolandet Sverige, så det har vore litt utfordrande dette året. Eg kan vere litt distré og ustrukturert til tider, men eg har også stort gjennomføringskraft når eg først vil noko. Eg er glad i venene mine, familien min og naboane mine, og eg er sterkt forankra i Breim der eg kjem frå. Lengtar alltid dit..

Hvordan og når startet det for deg med musikk og sang, og hva er din musikalske bakgrunn?

Eg er vokst opp med folkemusikken. Begynte å spele fele då eg var 10 år, og vart med det introdusert for eit fantastisk miljø i spelemannslaget der alderspennet var stort og egentlig ikkje betydde noko. Å ha vener på 70 når du sjølv var 12 er nydelig. Er så takksam for at eg fekk lov å bli glad i denne musikken og alt den er. Så har eg parallellt med det alltid likt å vere på scena og å synge. Har gjort masse ulike saker oppgjennom, alt frå Edit Piaf til teaterstykker og revy. Eg har (faktisk) vore i NM-finalen i karaoke på Stena Saga ein gong for lenge sidan, haha. Så ja, eg har ein litt rar bakgrunn sånn sett, men alltid er det folkemusikken og tradisjonane eg kjenner meg heime i. Det er ein sosial genre som inviterer til liv og leik, til lengt og uttrykk i alle livets fasar. Eg har studert tradisjonane eg kjem frå mykje og er egentlig litt nerd der.. Eg elskar når samspelet virvlar fram og ein skapar magi saman med andre.

Kan du fortelle litt om en av dine beste opplevelser fra en av dine liveopptredener?

Tja. på topp3 lista ligg i alle fall forrige plateslipp-konsert på Parkteateret i Oslo. Det var fantastisk. Eg hadde med utvida band og vi var vel 7-8 pers på scena på det meste. Så vil eg ta fram mi sceneversjon av «Samuline-frå fela flyg din song», ei sjølvskriven historie basert på historia til kvinner som spelte fele i heimtraktene mine. Fekk gjere ein stor versjon av den på Førdefestivalen 2017. Det var fantastisk. Så har eg spilt med KORK, det var stort. Men ofte veit du så er det dei små og intime møta som sit mest att. Når du nesten sitt på fanget til folk. Eg har spelt på mange slike rare plassar; fjelltoppar, løer og små bedehus. Det er ekstra fint og eg er glad for å oppleve at musikken min ikkje treng meir enn eit møte med nokon for å fungere.

Har du noen musikalske forbilder eller inspirasjonskilder?

Det gamle spelet er alltid med meg. Gamle songar i folkemusikken. Det er noko med å lytte seg inn i det og høyre kor dei fraserar og spelar. Ellers er eg litt altomfemnande, men har ein forkjærleik for Sandy Denny, Richard Thompson, Fleetwood Mac, Loudon Wainwright, Joni Mitchell, folkartistar som Bonny Light Horseman, Anais Mitchell, Tim O´Brien, Kari Bremnes. Eg likar historiefortellarar.

Det er mye bra norsk musikk om dagen – hva liker du å høre på for tiden?

Akkurat no er eg litt dårlig på å høyre på musikk, det har vore ein intens periode med mitt eige, så då er eg litt dårlig på å lytte på nye saker. Men det skjer jo mykje og eg har sjekka ut litt frå det som Eva Weel Skram, Valkyrien Allstars, Odd Nordstoga, Christine Sandtorv, Emilie Nicolas, Embla and the Karidotters, Monica Heldal med flere – det er så mange flinke folk. På folkemusikkfronten er Britt Pernille Frøholm og Aslak Brimi kvartett noko eg vil anbefale. Av og til trekkes eg ekstra mot instrumental musikk. Då kan fantasien fråtse seg endå meir og skape bilda sjølv. Det er mykje ord i kvardagen vår, og mange som meinar mykje. Godt å gå ein tur og lytte til ordlause saker då – det likar eg.

Hva er det morsomste eller mest spesielle du har opplevd så langt som artist?

Kanskje å ta helikopter til toppen av fjellet Grimsnuten i Hardanger med trøorgel (Sigbjørn Apeland) og ha konsert der vi mellom anna gjorde ein versjon av «Rosa helikopter» i fullt alvor. Dernest å sitte og jamme med bandet i ein hotellresepsjon i Murmansk og bli joina av han som syng i Nazareth. Har gjort utrulig mykje kjekt saman med bandet mitt. Vi er ein sosial gjeng.. Så gløymer eg aldri ein søndagskonsert vi gjorde på Vossajazz eit år. Tidlig morgon med slitne både musikarar og publikum. Sliten på ein sånn måte at alt vart skjørt og nært og ekstra fint.

Hvis du kunne jobbe med en norsk musiker, død eller levende, hvem ville du valgt?

oj.. vanskelig. Litt flaut å namedroppe sånt ekje det det? Jobbe med og jobbe med. Eg syns jo det er så mange som er så flinke, og det å høyre korleis folk jobbar fram materialet sitt er mykje meir interessant for meg. Så i så måte skulle ein worksession med artistar som er gode historiefortellarar vore interessant. Slike som Odd Nordstoga, Kari Bremnes, Stein Torleif Bjella, Einar Selvik og Wardruna, Mari Boine eller instrumentalistar som Nils Økland, Hedvig Mollestad eller Arve Henriksen vore spennande. -og tilbake i tid; korleis jobba Jens Book Jensen og Ivar Medaas? Egil Monn-Iversen og Radka Tonef? Vi har mykje å lære av kvarandre og det er alltid interessant å høyre korleis ting blei til og kva folk har med seg.

Hvilket sted/scene drømmer du om å spille på?

Drøymer vel mest om å spele i det heile tatt akkurat no. Å spele på store festivalscener er jo sjølvsagt ekstra tøft, men eg likar også dei nære treffa. Eg har lyst mykje meir rundt, geografisk i vårt eige land – nordover for eksempel. Først og fremst drøymer eg om å kunne ha med heile gjengen i bandet og spele. Anywhere.

Hvordan har hele Covid-19/corona-perioden fortonet seg for din del, og hva er dine musikalske planer videre for 2021?

Eg har jo hatt det ganske fint i 2020. Spilt ferdig plata, miksa og flikka. Eg har spelt masse teater og vore skodespelar i to oppsetjingar; «Heim» på Det Vestnorske Teateret og «Vestland Vestland» av Finn Tokvam på Teater Vestland med turnering osv. Så covid-messig er eg vel endå meir urolig for dette året. Ikkje minst fordi det er mange om beinet og trangt om plassen på festivalar og scener rundt om. Ein får berre krysse fingrane for at publikum vil møte meg og musikken min og at det lysnar der framme. Saknar veldig å spele for publikum.

Se Også

Sigrid Moldestad feirer 10-års jubileum med nytt soloalbum
Intervju

Sigrid Moldestad feirer 10-års jubileum med nytt soloalbum

Fredag 29. september slapp Sigrid Moldestad sitt femte soloalbum ”Vere her” som er denne ”Ukens album” på NPS Music. Denne gangen har hun tatt et stort [...]

KEiiNO tar kampen mot overmakten på sin nye låt
Intervju

KEiiNO tar kampen mot overmakten på sin nye låt

Midt i pride-måneden slapp KEiiNO en fengende låt med et klart budskap om å ikke gi opp i kampen mot overmakten. «ADDJAS» er navnet på den [...]

KRISTIN med fengende og mollstemt debut-EP
Intervju

KRISTIN med fengende og mollstemt debut-EP

KRISTIN er en tjuetre år gammel jente fra Kolbotn med forkjærlighet for mollstemte melodier. En regntung høstkveld for et og et halvt år siden laget hun [...]

Whammyboy – har oppløftende melankoli noen gang hørtes bedre ut?
Intervju

Whammyboy – har oppløftende melankoli noen gang hørtes bedre ut?

Bak artistnavnet Whammyboy står den svært talentfulle produsenten, låtskriveren og multi-instrumentalisten Noah Johansen fra Moss. Han ønsker å lage musikk som gjør deg glad når du [...]

CCA Jonas og 8lanco drømmer om pandemifri sommer på «Bestie»
Intervju

CCA Jonas og 8lanco drømmer om pandemifri sommer på «Bestie»

En bekymringsløs sommer full av venner, bading og festing er innen rekkevidde folkens! Blir «Bestie» soundtracket til din sommer? Tjommiene CCA Jonas og 8lanco har endelig [...]