Heidi Marie Vestrheim ute med nytt album «Black Forest».

Del Tweet

Singer-songwriter Heidi Marie Vestrheim ga nylig ut sitt fjerde soloalbum ‘Black Forest’, et album som handler om å gå seg vill og det å miste seg selv. Dette feiret Heidi Marie i Tyskland med slippfest og live-radiospilling i Berlin og Hamburg.

Hun har siden debutalbumet ‘Signs and Fiction’ i 2004 (terningkast 6 i Bergens Tidende), gitt ut tre album og turnért Norge og Tyskland på kryss og tvers. Hun er foruten å være musiker en allsidig dame som har gjort mye forskjellige opp igjennom som f.eks. som programleder for NRK i bl.a. NRK Super (Julemorgen, Superkviss) og arbeidet i NRK P13. Hun har også jobbet en periode på Den Nationale Scene i Bergen hvor hun spilte en av hovedrollene i ‘På’an igjen’, og vært deltaker i kjendisversjonen av 71 grader nord. I 2005 var hun også med bandet Ephemera på Tysklandsturné. Vi tok en prat med Heidi Marie om blant annet det nye albumet og planene videre fremover.

Gratulerer med albumet ”Black Forest”. Kan du fortelle litt om prosessen rundt albumet fra start til utgivelse?

Det har vært ein lang prosess! Dei fyrste skissene vart skrivi for over 3 år sidan. Eg starta å skrive på plata i januar 2013 saman med min musikalske samarbeidspartner Roy Ole Førland. Me rigga oss til ei veke saman i Bergen. Stengte oss heilt inne som me pleier når me skal jobbe med musikk. Me laga nokre skisser som vart liggande i eit år før me fortsatte med dei i studio. Utenom den eine skissa som var mest ferdig, den tok eg med til produsent Øyvind R. Gundersen ( Hanne Kolstø, Siri Nilsen) i november 2013. Me gikk i studio for å teste ut om me kunne finne eit uttrykk me likte saman. Det funka kjemmpebra og våren 2014 jobba me i studio med skissene som då altså var over et år gamle. Eg skreiv faktisk mesteparten av tekstane medan me spelte inn og arrangerte låtane i studio. Mange av låtane var heilt ferdig produsert med tulletekst, før eg kunne skrive teksten. Eg hadde bestemt meg for kva sangane skulle handle om og kva stemning dei hadde, men eg måtte høyre på dei om att og om att for finne ord som passa inn i melodien og som gjorde at historien eg ville formidle kom fram.

Det tok ett år å få plata ferdig innspelt (våren 2014 til våren 2015) for eg jobba samstundes 100% i NRK P13, var mykje ute med Rikskonsertane i Norge og var på turne til Tyskland for å promotere Ep’en som kom hausten 2014. I tillegg vart eg gravid i august og fant då ut at det ikkje funka så bra å gi ut plata i mai 2015 som fyrst planlagt, for då hadde eg termin. Derfor vart plata, som var heilt ferdig rett før eg føda, liggande å ruge i 9 mnd. og kom fyst ut no i mars – som sagt ein lang og seig prosess.

Hvilken låt fra albumet har du et spesielt forhold til?

Eg likar best ‘Galaxy Van’. Eg likar godt melodien, drivet og rytmen. Den handlar om mot og om å tørre å sleppe taket – bokstavleg talt. Teksten er basert på den østerriske fallskjerm og base-hopparen Felix Baumgarder som satte verdensrekord då han hoppa til jorda frå ein helliumsballong i stratosfæren frå 38 969 meters høgde.

Det er blitt budskapet på plata også: ein må tørre å slepp taket, la det gå.

Hva er den gjennomgående tematikken i albumet ditt?

Det handlar mykje om å vere inne i ein tung periode i livet og om det å komme seg ut av den. Mykje om følelsen av å gå seg vill i mylderet av kvardagar, valg og forventningar til ein sjølv.

Eg syng også ein del om tre. Eg likar tre, dei er fine og store og trygge. Godt festa og man veit liksom kor dei står.

Plata handlar også om modige folk og om det å ha pågangsvilje, vilje og styrke til å komme seg vidare – ikkje vere redd for forandring.

Hvor henter du inspirasjon fra til å skrive låter?

Ved å følge med på livet som susar forbi. Samspelet og relasjonar mellom mennesker, korleis ein håndterar utfordringar og gleder, menneskers reaksjonar og initativ. Alt er med på å lage stemingar til melodiar og historiar til tekstar. Eg treng også å reise vekk frå kvardagen, det gir eit perspektiv på ting. Det gjer at det er lettare å sjå livet frå utsida og kanskje klare å lage noko konstruktivt ut av det. Eg må ofte inn i ei boble utanfor kvardagen for å skrive. Litt upraktisk rett og slett, for då skriv eg ikkje så mykje i kvardagen frå frå 9 til 5. Slike ting gjer at det går fort to år å lage ei plate.

Skrivesperre er nok noe de aller fleste låtskrivere opplever fra tid til annen. Hvordan oppleves det for deg, og hva gjør du for å komme ut av den?

Sjølv om me starte å skrive låter til plata i januar 2013, stoppa det heilt opp på våren. 2013 var for meg eit ganske bedritent år, og mykje av det eg gjekk rundt å følte på var at eg var tom. At eg aldri kom til å klare å vera kreativ igjen, skrive låter, og at eg ikkje kom å finne gleden i å skape igjen. Eg veit ikkje korleis ein kjem seg ut av det. Det skjer berre, trur eg. Det er det som er det fine; at livet berre går sin gang, og på eit elle anna tidspunkt blir du kasta inn i det igjen. Kreativiteten fordi noko triggar det, og kva som triggar det er forskjellig frå gang til gang. Det kan vere at ”tåka lettar” rett og slett, at ein igjen ser kva som faktisk skjer i nuet og lever seg inn i sitt eget liv, i staden for å tenke på alt som ikkje er der. Det skjedde med meg, og då kom iveren etter å skrive og formidle tilbake.

Hva føler du er det som gjør deg til en unik/særegen musiker, og hva er viktig for deg å formidle gjennom musikken din?

For meg handler det å vere artist om å opptre live framfor publikum. Det er der eg er best, og likar meg best. Eg er flink med folk, kjenner på stemninga og skaper stemning. Eg elskar å kommunisere med publikum både gjennom musikken, men også prating mellom låtene. Eg likar å kunne vera spontan og kose meg i det som skjer i det rommet eg har den eine drøye timen saman med masse framande folk.

Det er viktig for meg at folk som kjem på konsert får ein kjennsle som dei ikkje får nokon anna plass. At det faktisk er vits i å gå på ein Heidi Marie-konsert for då får du ei oppleving du ikkje får om du hadde sitti heime og lytta til albumet.

Eg ønsker at folk skal slappe av, reflektere over og sette pris på livet. Kanskje drøme seg litt vekk, vere melankolske eller berre føle seg tatt vare på inni det rommet me skapar saman.

Hvem er Heidi Marie, for de som ikke kjenner så godt til deg fra før, og hva har du gjort opp igjennom?

Singer-songwriter frå vestlandet og bygda Øystese i Hardanger. Flytta til Bergen som 19-åring og begynte og jobba på rockeklubben Garage. Der havna eg midt i det Bergenske musikkmiljøet og blei kort tid etter med i elektronika/jazz-bandet Atakama. Spelte på By:Larm i 1998 og fikk platekontrakt som følge av det. Levde det gode liv på major-plateselskapets regning et par år. Et lite eventyr, som tok slutt i 2002. Då gjekk eg solo, starta mitt eget plateselskap og ga ut min fyrste solo EP i 2003. Etter det har eg gitt ut fire album og levd av å vere artist og musikar. Flytta til Oslo i 2008, og då jobba eg etter kvart som programleiar for NRK, samtidig som eg har jobba med musikken. Sidan 2012 har eg stort sett turnért og hatt det meste av mitt publikum i Tyskland.

Har du noen musikalske forbilder?

Dei siste åra har virkeleig PJ Harvey imponert igjen og inspirert. ‘Let England Shake’ er ei enormt bra plate, og måten ho laga det albumet på var fasinerande og imponerande. Brukte to år på å skrive tekstane, heilt kompromisslaus når det gjaldt melodiar som skulle tonesetja tekstane. Perfekt plate synes eg. Laura Veirs har utruleg mykje fint, særleig på platene frå midten av 2000-tallet, og July Flame frå 2010. Likar måten ho kombinerer ein meir typisk singer-songwriter stil med el. gitar og synth. Neko Case er alltid inspirerande, enormt driv og stemma hennar er fantastisk!

Hva er det morsomste/rareste du har opplevd så langt som artist?

Ein gang var eg med på et TV-Show som heiter ‘Inas Nacht’ i Tyskland. Settingen i seg sjølv var litt rar; inne på ein bitteliten brun pub i havna i Hamburg der det kun er plass til 10 øldrikkande publikumarar. Utanfor det åpne vindauga i baren står det eit Shantikor og syng i ny og ne da det er ekstra god stemning i praten mellom programleiar Ina og gjestene hennar, som denne gangen var Scorpions. Eg var der for å spele den nye singelen min. Så da eg spelte, sat Scorpions oppe på bardisken, drakk øl og lytta. Scorpions, eit Shantikor og meg inne på ein havnebar i Hamburg rett og slett.

Kan du fortelle litt om et av dine beste minner fra en av dine liveopptredener?

Det er mange gode, eg elskar å spele live, men må nok trekke fram då eg spelte på Europas største lesbe-festival, L-Beach. Det var ganske rørande og utruleg kjekt. 4.000 lesber samla på ein plass, og med et aldeles entusiastisk publikum. Aldri sett så mange skeive folk på ein gang, det var ein heilt spesiell stemning. Veldig positiv festival, og det vart mange frå Russland og andre meir konservative europeiske land. Det betyr så mykje for dei å kunne vere samla med andre dei identifiserer seg med i nokre dager; å sjå at det finnes så mykje bra, sjølv om ein kanskje for det meste føler seg utanfor og annleis. Me blei så godt tatt vare på på festivalen, og det var ulikt alt anna eg har våre med på.

Det er mye bra norsk musikk som gis ut om dagen – hva liker du å høre på for tiden?

Hørte ALT av ny norsk musikk då eg jobba i Nrk P13 i fjor, og dette året har eg våre litt meir i ammetåka kan du sei, men eg har hørt mykje på Band of Gold og Ane Brun sine album som kom i fjor. Likar Bendik og den nye singelen til Highasakite.

Hvilke musikalske planer har du for 2016, og blir det en turné?

Eg har nettopp gjort unna releasekonsertar i Tyskland, så no er det Oslo og Bergen som står for tur. Kampen Bistro 8. April og Lille Ole Bull Scene 5. Mai. Så blir det turné i Tyskland igjen til hausten, og så skal eg begynne å skrive nye låter etter påske, det blir deilig!

Se Også

Høytflyvende Spurv har levert nok en klassiker
Intervju

Høytflyvende Spurv har levert nok en klassiker

Fra sin unnfangelse under et intetanende blikk ut av vinduet, til den omfattende prosessen med å utforme det, er «Brefjære» et kunstverk som samler det timelige [...]

Multikunstneren Veslemøy Narvesen med overbevisende og vakker solodebut
Intervju

Multikunstneren Veslemøy Narvesen med overbevisende og vakker solodebut

«We Don’t Imagine Anymore» er musiker og komponist Veslemøy Narvesens sitt første album i eget navn og som hun har fått strålende anmeldelser for. Den etablerte, [...]

Albumaktuelle Marte Eberson med delikat og selvsikker drømmepop
Intervju

Albumaktuelle Marte Eberson med delikat og selvsikker drømmepop

Etter å ha gitt ut ny musikk har Marte Eberson virkelig markert seg som soloartist. Eberson har blitt omtalt i både inn- og utland for sin [...]

Albumaktuelle Hanne Tveter med internasjonalt unikt samarbeid i verdensklasse
Intervju

Albumaktuelle Hanne Tveter med internasjonalt unikt samarbeid i verdensklasse

Hanne Tveter er aktuell med det særegne albumet «HULDRA», hvor hun har fått med seg et stjernelag av jazz- og flamencoartister til å utforske sjangermøtet mellom [...]

Anette Askvik gir oss sjelefred med et av årets fineste album
Intervju

Anette Askvik gir oss sjelefred med et av årets fineste album

Nylig ga Anette Askvik ut «Lyden av Snø» som er et album om håp i en tid hvor det er lett å miste troen på det [...]

Albumaktuelle Tove Bøygard imponerer med sine sterke tekster og formidlingsevne
Intervju

Albumaktuelle Tove Bøygard imponerer med sine sterke tekster og formidlingsevne

Tove Bøygard slapp nylig sitt kritikerroste album som ble markert med releasekonsert samme kveld på hjemmebane i Ål Kulturhus, etterfulgt av en bandturnè med 10 konserter. [...]