Foto: Martin Bremnes

Jon Olav er ikke redd for janteloven!

Del Tweet

Jon Olav er ikke redd for å si at han vil bli Norges nye superstjerne. Han er klar, men aller først skal han bare vise frem langfingeren sin bitte, bitte litt til.

På sin nye single “Talentfabrikk” retter han fingeren sin denne gangen mot Idol og plateselskap som utnytter, og andre som måtte føle seg truffet. Fortsatt er han like ung og dum. Med den nye låten sin viser han for alvor en punkete attitude og beviser samtidig at han ikke er noen one-hit-wonder. En slags Sondre Justad som flørter med Honningbarna.

Den siste tiden har Jon Olav vært et hett navn i norsk media og over 350 000 mennesker har fått med seg debuten, ”Hei Erna”. Til og med P3 fikk øynene opp for Sunnmøringen og kåret han til ”Ukens urørt” et par uker etter at videoen kom ut. I tillegg ble han raskt booket til bransjefestivalen Trondheim Calling og navnet hans er ventet å dukke opp mange steder i tiden fremover. Etter den suksessfulle debuten har han også fått en forestilling om at han er en slags Messias i norsk musikk og skal nå til å frelse Norge med nok et godt budskap. Enda flere vil elske han, og enda flere vil garantert hate han. Vi tok en prat med Jon Olav on blant annet den nye låten, janteloven og planene videre fremover.

Gratulerer med den catchy singlen ”Talentfabrikk”. Kan du fortelle litt om prosessen rundt låten og musikkvideoen?

Tusen takk for det. Veldig gøy og endelig få den ut til folket. Denne blei til nokre veker før vi hadde vår første konsert i Norge for ca eitt år sidan. Eg gjekk med ein idé om ei låt som eg prøvde å skrive ned og som eg etter kvart viste frem til bandet. Dette første utkastet var eigentleg ikkje så veldig fett, men etter litt jobb med bandet begynte vi å nærme oss låten slik den er no. Etter dette gjekk vi ein del runder og viste den frem til diverse folk og fekk litt feedback før vi gjekk i studio i mars. Der blei låten produsert av Christer Andre Cederberg og no, eit halvt år seinare, er altså låten ute. Når det kjem til musikkvideoen så er det nok ein gong vår gode venn Martin Bremnes som står for videoen. Vi gjekk inn i eit gammalt teaterbygg i Kristiansand og hadde det gøy eit par kveldar og så blei det musikkvideo ut av det. Eg synest ein viktig faktor med både musikk og musikkvideo er at prosessen er gøy, for då trur eg også produktet gjenspeglar at vi har hatt det fett. Eg vil ikkje at musikken min skal vere så veldig sjølvhøgtidleg. Ein skal ha det gøy med musikken.

Hva handler denne låten om?

Låten handler om spelet mellom ein erfaren managertype, som er ganske slu, og ein talentfull artist som sannsynlegvis har vore med på Idol. Vidare så beskriver låten eit forhold der artisten sitter i passasjersetet i si eiga karriere og hen skal berre kose seg og la manageren ta seg av alt.

Hvordan har det siste året vært for deg musikalsk sett?

Det siste året har akselerert ganske heftig. For eit år sidan hadde jo eg ikkje spelt min første konsert under namnet JON OLAV ein gong. Men på hausten i 2016 kom debutkonserten for JON OLAV i Danmark, som eg gjorde saman med mine to trufaste bandmedlemmer Pål-Gunnar og Edvard og deretter så skjedde det ganske mykje for oss. Ganske kort tid etter gjekk vi i studio i Kristiansand og begynte på innspelingane som bl.a. skulle bli til ”Hei Erna” og ”Talentfabrikk”. Vi har også spelt bort i mot 20 konsertar trur eg. Høgdepunktet må ha vore då ”Hei Erna” kom ut og den gjekk viralt her i Norge. Det tok nokre dagar før eg heilt innsåg at det hadde skjedd. Nokre veker etter det spelte vi for fullt hus på Kvarteret i Bergen som song med på ”Hei Erna”. Det var ganske vilt.

Er du klar for å bli Norges nye ”superstjerne”, og hvordan har du i så fall tenkt til å erobre musikk-Norge?

Hehe, jaja! Seff! Etter mine eigne planar skal det jo ta heilt av no, og det har eg tenkt til å klare ved å tilby det norske folk ein artist som tør å sei kva eg meiner om saker og ting – men så skal eg lage god stemning samtidig. Eg ser liksom ingen problem ved å ta opp alvorlege ting i ein gøy setting. Det trur eg ikkje folk har noko imot å få servert heller.

Du har ambisiøse mål med musikken din. Hvilke tanker har gjort deg rundt janteloven og da spesielt med tanke på deg og din musikk i musikk-Norge?

Ja, eg er ein type som likar å sikte høgt for så å justere målet mitt undervegs om målet ikkje er oppnåelig. Mykje gøyare å leve slik enn motsatt, og når det gjeld janteloven så trur eg at musikken min og janteloven går godt saman. Om ikkje janteloven hadde vore så sterk så trur eg ikkje mitt budskap hadde vore så tydeleg i eit landskap der ein ikkje skal meine så mykje om noko og i alle fall ikkje seg sjølv.

Hva vil du si er det spesielle i ditt musikalske univers?

Eg vil seie at det eg driv med er moderne punk. Punken som vi kjenner den på 70-talet er så godt som død. Eg meiner mykje utan å kle det i ei alvors-betont musikalsk drakt. Likar heller å ta kontrasten, som blir danna i kryssinga mellom alvorlege tema og positivt lada musikk, og bruke den til noko positivt. Eg er nok også ganske direkte i skrivestilen min reint tekstmessig.

Hvem er Jon Olav og hva er din musikalske bakgrunn?

Jon Olav er eigentleg ein ganske sjenert gutt i frå ei lita bygd på Sunnmøre som er sterkt prega av jantelova, men så har den gutten begynt å gi litt faen i dei greiene der. Kan kanskje sjå på det som eit lite ungdomsopprør. Eg kjem eigentleg i frå ein litt meir følsom singer/songwriter bakgrunn og så tok eg ein liten omveg inn i soul/jazz-verda før eg fann ut at eg ville lage musikk som var gøy å spele. No er eg her, og eg anar ikkje kvar eg er på veg.

Det er mye bra norsk musikk om dagen – hva liker du å høre på for tiden?

JAA! Så sjukt mykje bra norsk musikk for tida og det er råkult. Den siste veka har eg høyrt ein del på albumet til Kristian Torgalsen som er sjukt bra. Synest også min med-Ørsting Andre Øy kom ut med eit killeralbum for nokre veker sidan. Høyrer også ein del på Dagny, Cezinando og SASSY 009, og så debuten til Fieh da folkens. Hallooo!!

Har du noen musikalske forbilder?

Lenge så var Justin Vernon i frå Bon Iver mitt aller største forbilde og er fortsatt ganske fan av han. Skreiv oppgåve om han på vidaregåande og heile pakka. Er fan av han fordi han er kompromisslaus og han har ein evne til å lage musikk som verkar genuin. Merkar på ein måta at han faktisk meiner det han skriv. Det er digg. Så er eg ganske fan av Radiohead, mykje av same årsak eigentleg. Til slutt så vil eg også nemne Karpe Diem som liksom aldri blir mette på å pushe grenser og det synest eg er sjukt rått.

Hva er det morsomste eller det mest spesielle du har opplevd så langt som artist?

Det mest spesielle er nok det at eg blir kjent igjen av folk på byen og at andre artistar veit kven eg er. Det får eg liksom ikkje heilt til å stemme endå. Vil nok ta ganske lang tid før eg blir heilt vant til det.

Kan du fortelle litt om en av dine beste opplevelser fra en av dine liveopptredener?

Her må eg nok ein gong trekke frem opptredenen vi hadde på Kvarteret. Vi var, og er, ganske nye i det norske musikkmarkedet og hadde liksom ikkje så store forhåpningar. Når vi gjekk backstage var det heller ikkje så alt for mange folk i salen, men når vi gjekk ut på scena så var det berre heilt fullt. Folk sang med på låtane og det var berre veldig god stemning.

Hvilke andre musikalske planer har du videre i 2017 og 2018?

Hehe, eg er jo ikkje så glad i å dele planane mine når det kjeme til utgivelsar, men eg kan love dykk at det kjem mykje gøy fremover. Trur kanskje mange vil bli litt overraska over den neste låten, men eg håper at folk vil like den.

Quiz

Hvem var Spellemann-vinnerne i 2016?

Hva husker du fra fjorårets spellemannsprisutdeling?

Ta quizen