Foto: Tove Skeie

Synne har lagt medisinstudiene på hold for å satse på musikken

Del Tweet

Synne er en 20 års gammel jente fra Lesja i Gudbrandsdalen som skriver og synger elektropop på nynorsk.

Med tankefulle tekster og en vakker stemme, høres hun både internasjonal og nasjonalromantisk ut på samme tid. Den 21. september slapp hun sin debutsingle «Lær meg å leve» med en tilhørende musikkvideo, og som er denne «Ukens single» på NPS Music.

Låter har allerede blitt listet nasjonalt på NRK P1, og handler om frustrasjonen rundt det at det ikke finnes noen fasit på hvordan man skal ta de riktige valgene i livet, og å være bevisst på måten man lever på. Låten er produsert av den anerkjente produsenten Conor Patrick fra Trondheim, og vi gleder oss til mer flott musikk med sjel fra unge og lovende Synne. Vi tok en prat med henne om blant annet debutsingelen hennes og planene videre fremover.

«I ei tid der det meste av ny populærmusikk er engelsk, ønsker eg å skrive nynorsk, men fortsatt vere ei ung, frisk og tidsriktig stemme i det norske poplandskapet.» Synne

«Kanskje en ny norsk nynorsk-stjerne. Definitivt en stemme man stopper opp og lytter til.» – Conor Patrick, musikkprodusent

«Synne, som i mange år har vist å ha en nydelig stemme, har i senere tid tatt viktige steg og har nå virkelig funnet sin veg, med sjelfulle og fine egenskrevne låter.» – Mattis Sørum, musikkprodusent

Gratulerer med den flotte debutsingelen din «Lær meg å leve». Kan du fortelle litt om låten og hvilke tilbakemeldinger du har fått på den så langt?

Tusen takk. Så langt har eg fått veldig mykje bra respons. For eksempel er den blitt lista hjå NRK P1 lokalt og nasjonalt, og det er jo veldig stas. Men straumen av attendemeldingar eg har fått hjå vener og kjente har også vore enorm, og det betyr minst like mykje.

Låten skreiv eg i vår, og den handlar om frustrasjonen rundt at det at det ikkje finst nokon fasit på korleis ein skal gjere riktige val i livet, og om det å vere medviten om korleis ein lev på – er ein til stades i kvardagen, eller er ein meir fokusert på alt som skal skje i framtida?

Den dyktige trondheimsprodusenten Conor Patrick vidareutvikla låta saman med meg, vi endra litt på tekst og han hjelpte meg å finne eit passande lydbilete. Det er veldig rart å høyre på dei fyrste iphoneopptaka eg tok medan eg skreiv låta no, for det er liksom same låta, men samstundes ikkje!

Du skulle egentlig begynne å studere medisin i høst, men det ble forandringer på disse planene. Kan du fortelle litt om hva som skjedde, og hva som skjer videre nå?

Det stemmer! Eg tok realfag på vidaregåande og var eigentleg klar for å starte på medisin. Men eg har alltid halde på med musikk, og fant ut at eg ville unne meg eit år på Trøndertun folkehøgskule fyrst. Så hadde eg det veldig fint der; eg fekk opphelde med så mange kreative likesinna menneske, og det gjorde meg veldig inspirert og motivert til å fortsetje med musikk. På tampen av året fekk eg samarbeide med Conor Patrick om denne låta, og då kjende eg verkeleg på at eg ikkje var heilt klar for å legge musikken på hylla og berre ha det som hobby. Så takka eg nei til studieplassen ein gong til, og no gjev meg sjølv endå eit år på å utforske musikken og bransjen. Planen i haust er å spele inn fleire låtar, kanskje ein EP, og øve inn eit konsertsett med bandet mitt, slik at vi på nyåret kan forsøke å bli booka inn til festivalar og kanskje som supportartist for andre artistar.

Du er observert i årets Idol hvor du bl.a. har imponert dommerne med en låt av Adele på audition. Kan du fortelle litt om din deltakelse der, hvorfor du meldte deg på, og hvilke ambisjoner du har i konkurransen osv.?

Idol kom til Trøndertun og oppfordra vokalistane til å vere med tidleg i vår. Då tenkte eg at det ville vere moro å berre sjå korleis det er å vere med på eit slikt realityprogram – det var eigentleg den einaste grunnen til at eg blei med, eg hadde jo ikkje så mykje å tape! Auditionen min gjekk veldig bra, og eg fekk svært god kontakt med dommarane, så det var veldig morosamt! Men på gruppeoppgåva under bootcamp, greide eg verkelig ikkje å prestere, og rauk forståeleg nok ut! For å vere ærleg, gjorde det ikkje så mykje for min del at deltakinga ikkje blei så langvarig – ettersom eg ikkje hadde særleg høge ambisjonar om å kome langt. Ein står mykje friare med musikken sin når ein ikkje er bunde til ei slik kontrakt som ein etter kvart blir dersom ein kjem langt i Idol. Det var gøy å vere med og erfare, kjipt å ryke ut på den måten eg gjorde, men herleg å kunne satse på eigehand med heilt eigen musikk!

Hvordan har det siste året vært for deg musikalsk sett?

Det har vore svært innhaldsrikt! For eit år sidan hadde eg ingen store mål om gjere meg merka musikalsk – no er det det eg jobbar med og for! Eg byrja som sagt på Trøndertun folkehøgskule, der eg gjekk linja «pop». I løpet av året der utvikla eg meg svært mykje både musikalsk og som menneske, og fekk etter kvart meir og meir motivasjon til å fortsetje med musikk som noko meir enn ein hobby. Læringskurva mi har nok aldri vore så bratt som det ho har vore siste året.

Hvem er Synne Vorkinn og hva liker du å gjøre på fritiden?

Synne Vorkinn er ei 20 år gamal jente, som er vakse opp på Lesja – ei lita bygd i Gudbrandsdalen. Vanskeleg å skulle skildre seg sjølv, men personleg er eg nok ei veldig følsam og grublande jente, og eg trur det er mykje av grunnen til at eg liker å vere kreativ med til dømes låtskriving og musikk – da får eg liksom brukt tankane mine til noko konstruktivt og ikkje destruktivt som det av og til kan bli. Når eg ikkje held på med musikk, likar å vere sosial både med vener og familie, og er generelt glad i menneske. Difor kjenner eg veldig på det at eg så sjølvsentrert for tida, ettersom mykje av kvardagen handlar om meg og musikken. Då er det fint å ha ein liten jobb som assistent på sjukehus ved sidan av, der det ikkje handlar om meg, men om kva eg kan gjere for andre og deira sine behov.

Hvordan startet det for deg med musikk og sang og hvilken musikalsk bakgrunn har du?

Eg kjem eigentleg frå ein lite musikalsk familie. Men sjølv har eg alltid vore musikalsk og kreativ av meg, så det starta fra fyrste stund! Morosamt å sjå tilbake på gamle videoar av 3 år gamle meg som står og synge Lene-Marlin på «late-engelsk». Så starta eg i barnekor som 6.åring, der eg fekk gjere ein del soloopptredenar, lærte etterkvart å spele ulike instrument; trekkspel, gitar og piano, også har dette med låtskriving kome etterkvart.

Har du noen musikalske forbilder eller inspirasjonskilder?

Det er ikkje så enkelt å plukke ut, men eg ser veldig opp til Bendik, Daniel Kvammen, Razika, Sondre Justad og liknande artistar som lagar god populærmusikk på norsk. Det er jo det eg også forsøkjer å gjere – så då er det naturlig å bruke desse som inspirasjonskjelder. Elles vert ein jo inspirert utan å vere medviten om det. Til dømes trur eg at Vamp og Odd Nordstoga sin musikk har inspirert meg, fordi det var det foreldra mine ofte høyrde på når vi var på bilturar osv. når eg var lita.

Det er mye bra norsk musikk om dagen – hva liker du å høre på for tiden?

Det er det! Eg høyrer på svært mykje forskjellig, eigentleg! Nokre av favorittane har eg allereie nemnd tidelegare, men eg er også stor fan av HEDDA og EMMA som er to norske artistar med skikkeleg popteft! Dei går ofte på repeat.

Hva er det sprøeste eller morsomste du har opplevd så langt som artist?

No er eg veldig fersk som artist, og har ikkje opplevd så altfor mykje endå. Men etter at auditionen min på Idol blei vist, har eg fått veldig mange meldingar i innboksen på Instagram frå ukjente gutar…

Hvis du kunne jobbe med en norsk musiker, død eller levende, hvem ville du valgt og hvorfor?

Eg har svart dette i eit anna intervju også, men det hadde vore veldig artig å ein gong i framtida kunne reist på turne og gjort eit samarbeid med Daniel Kvammen eller Sondre Justad, fordi eg er veldig glad i musikken deira og det hadde vore så kult å bli kjent med dei.

https://www.youtube.com/watch?v=3pbTDhp6f8A

Kan du nevne et stk. guilty pleasure og hvorfor akkurat denne?

Hmm…Har alltid vore veldig glad i musikkteater, så min guilty pleasure vil kanskje vere soundtracket til Mamma mia! The movie.

Hvilke planer har du videre i 2018?

No i løpet av hausten skal eg i studio å spele inn fleire av låtane mine og øve inn desse med bandet mitt. Så jobbar eg og dei eg samarbeider med, med å planlegge showcase konsertar på nyåret, også kryssar eg fingrane for at eg kanskje får sjansen til å spele på bransjefestivalar eller andre festivalar! Men musikk er uforutsigbart, så det er lite som er sikkert…

Se Også

MK’s Marvellous Medicine´s oppfølger låter knalltøft
Intervju

MK’s Marvellous Medicine´s oppfølger låter knalltøft

Etter at MK´s Marvellous Medicine vant Spellemannprisen i blues for debutalbumet i 2017 har musikk-Norge vært spente på det beryktede andrealbumet til rockebandet fra Bergen. Fredag [...]

Bestemor er den singleaktuelle produsenten Edwin Klift sitt store forbilde
Intervju

Bestemor er den singleaktuelle produsenten Edwin Klift sitt store forbilde

Fredag 11. oktober slapp produsenten Edwin Klift den fengende låten «Getaway» feat. Franklin som er denne «Ukens single» på NPS Music. Låten handler om å gi [...]

Sårt og ekte fra Aslak Hartberg
Intervju

Sårt og ekte fra Aslak Hartberg

Aslak Hartberg (rapper i Klovner i kamp, jazzbassist og komponist) har hatt et begivenhetsrikt år. I mai vant han Gullruten for musikken til TV serien Heimebane. [...]

Gitarvidunderet Tommy Kristiansen er ute med ny single
Intervju

Gitarvidunderet Tommy Kristiansen er ute med ny single

Han har spilt og turnert med mange av Norges mest kjente artister som Alan Walker, Madcon, Kurt Nilsen, Marit Larsen, Maria Mena, Sigrid, Magnet osv., og [...]

Norske The New Death Cult sammenlignes med Muse
Intervju

Norske The New Death Cult sammenlignes med Muse

The New Death Cult sitt selvtitulerte debutalbum er en hyllest til den klassiske rocken. Samtidig føles det uforskammet nyskapende. 2019 har gitt norsk rock en helt [...]

Svartmetall-legendene Borknagar feirer 25 år med nytt rått album
Intervju

Svartmetall-legendene Borknagar feirer 25 år med nytt rått album

Borknagar viser igjen verden hvorfor det er nordmenn som sitter på black metal-tronen med sitt 11. album «True North» som de slapp fredag 27. september, og [...]