Foto: Francisco Munoz

Sigrid Moldestad er ute med forfriskende, fengende og leken barneplate

Del Tweet

Kanskje noe av det skumleste jeg har gjort, sier Sigrid Moldestad om barneplaten «Regndråpeborna» som hun nylig slapp sammen med Regndråpeorkesteret.

Etter 6 soloalbum med egne tekster og låter, med tradisjonsmusikk og diverse tonesettinger, har hun nå laget et flott barnealbum med 13 nye fengende og herlige sanger. Alle basert på barnediktene etter dikteren Jan-Magnus Bruheim.

Musikerne i Regndråpeorkesteret; Sondre Meisfjord, Jørgen Sandvik og Kåre Opheim skulle være kjent i mange kretser og spiller i flere ulike genre. Sandvik og Opheim spiller i Sigrid sitt ordinære band. Når de nå har lekt seg sammen i Duper studio i Bergen med Yngve Leidulv Sætre ( produsent) og Iver Sandøy ( lyd/miks) er resultatet nettopp det; – en musikalsk genrelek med dikt, en leken og forfriskende plate til glede for både store og små.

«Det har vore veldig befriande å skrive desse songane. Eg har heile tida hatt fokus på at eg ville forsøke å skrive så bra musikk som mogleg til disse fine dikta og historiene. Dei inviterar til det. Bruheim si verd er full av leik, fantasi og empati. Musikalsk har det vore befriande å kunne dra litt på og leike med ekstra store penslar. Det er kanskje det som skiller dette frå det eg har gjort før. Det har vore ekstra fint å ta fram dei sidene for alle oss som er med», sier Moldestad.

Prosjektet startet egentlig som konserten «Regndråpeborna og andre dyr», en bestillingskonsert under Førdefestivalen 2022 i samarbeid med Falturiltu og Vossajazz.

Dikteren Jan-Magnus Bruheim (1914-1988) har mange et kjært forhold til. Hele livet skrev han parallelt for både barn og voksne. Den første barnediktboken kom ut i 1956, den siste i 1986, to år før han døde. Nå er 13 av disse diktene for første gang ute som sanger.

Moldestad er slett ikke ukjent med Bruheim. I samarbeid med 100 års-jubileet for dikteren i 2014, skrev hun musikk til en rekke vakre kjærlighetsdikt med albumet «Brevet til kjærleiken». Det fikk strålende kritikker og ble kåret til «årets album» i NRK´s Norsk på Norsk.

«Det var egentlig då eg jobba med denne at eg oppdaga alle dei fine barnedikta hans, og eg har vel tenkt på dei sidan. At dei burde få sitt eige prosjekt ein dag.”, sier hun. No er det her!

Vi gler oss til å spille konserter for store og små rundt omkring i det ganske land».

Først ut er plateslippkonsert på Vossajazz lørdag 1. april.

Sigrid Moldestad er fra Breim i Nordfjord, men bor i Bergen. Hun har gitt ut 6 soloalbum. Det siste, «Tonen i meg» kom i 2021. «Et strålende album» skrev Puls, Arild Rønsen. “Jeg finner ingenting å sette fingeren på”. Skriv tekster og musikk i tillegg til sitt arbeid med tradisjonsmusikk. Har 2 Spellemannspriser bak seg, ( 2005 og 2007) og turnerer stadig med eget band i ulike og andre samarbeidskonstellasjoner. Er utdannet folkemusiker og spiller fele og hardingfele i tillegg til å synge. Kåret til Årets Folkemusiker i 2010 og har mottatt en rekke andre priser. Særlig kjent for sanger som «Så tag mitt hjerte», «Eg vil vere her» og «Vise til Far». Er for tiden aktuell som skuespiller på Det Vestnorske Teater i forestillingen «Heimatt», som går tom 29.03.

Sondre Meisfjord: Bassist fra Frei på Nordmøre. Jazzmusiker utdannet ved jazzlinjen i Trondheim. Kjent fra flere sentrale grupper og prosjekt som Come Shine, Gjermund Larsen Trio, Erlend Viken Trio, Kari Bremnes band m.fl.

Kåre Opheim: trommer. Fra Voss og kjent fra flere band; Real Ones, Karl Seglem Band, Sigrid Moldestad m.fl.

Jørgen Sandvik: Gitarist fra Bergen, bosatt på Stord. Spiller mange ulike strengeinstrumenter i tillegg til å synge. Fikk Spellemannsprisen 2018 for sin soloplate i klassen for blues. Kjent fra band som Real Ones, Sigrid Moldestad band, ulike samarbeidsprosjekt.

Tekster av Jan-Magnus Bruheim (1914-1988), musikk av Sigrid Moldestad, produsert: Yngve L. Sætre, lyd/miks: Iver Sandøy og Yngve L. Sæthre, mastering: Iver Sandøy.

Vi tok en prat med Sigrid om blant annet den nye platen og platene videre fremover.

Gratulerer med barneplaten, «Regndråpeborna» som du slipper sammen med Regndråpeorkesteret. Kan du fortelle litt om prosessen, produksjonen og samarbeidet med det orkesteret på dette albumet?

Tusen takk! Ja, det er stas å jobbe saman med denne gjengen! Jørgen Sandvik og Kåre Opheim jobbar eg tett med i mitt vanlige band, Sondre Meisfjord har vore innom oss avogtil, men det er første gong vi fire jobbar fram eit unikt resultat som dette saman. Eg har kalla oss Regndråpeorkesteret etter at vi hadde premiere på prosjektet under Førdefestivalen 2022. Det var til den festivalen desse songane vart skrive. Prosessen har vore leiken og utrulig fin. Eg har vore oppteken av at songen skal vere kjekke for oss som spelar dei også. Det håpar eg kan høyrast.

Du har uttalt at dette kanskje er noe av det skumleste du har gjort. Kan du utdype dette litt (og fortell gjerne litt om at «barn er kjent for å være et kresent og ærlig publikum», og om det har noe med det å gjøre at du synes at det er skummelt å slippe en barneplate også)?

Ja… haha.. Eg må les litt av ordet skumlaste.. for det er jo sjølvsagt andre saker som er vel så skummelt, men i og med at eg med dette gjer noko eg aldri har gjort før, så kjennes det sjøvlsagt litt ekstra spennande å gje ut plate denne gong. Born er så ærlige. Enten så fungerer musikken eg har skrive for dei, eller så gjer det det ikkje.. Eg har stor respekt for publikum, uansett alder, men klart, det er ekstra spennande denne gong.

Her er er det også ord og dikt som er skrive i ei eit langt tidsperspektiv. Dikta er skrivne i ein tidsperiode frå 1955-1986, så det er også spennande om historiene vi fortel fungerar også i vår tid.

Vi har tenkt at musikken skal fungere mest mogleg med oss som er med, og dei instrumenta vi trakterer. Det er forsåvidt ganske mange, men det er godt å jobbe med litt begrensningar. Det at vi har gått i studio etter at vi har gjort dette live, gjer at vi veit kva vi har.

Så er det viktig å leike.. Ein kan tillate seg å stryke med litt breiare penslar somme stadar, ein kan forsterke og fortelle på ulike vis. Stemma og nærhet til historiene er også viktig for meg. Prosessen i studio var den beste med tekniker Iver Sandøy og produsent Yngve Leidulv Sætre. Eg har jobba med Yngve på mine to siste plater og der er det alltid kreativt og fint å vere.

Du har tonesatt barnedikt etter dikteren Jan-Magnus Bruheim. Kan du fortelle litt om det?

Jan-Magnus Bruheim (1914-1988) var fødd i Skjåk og starta tidlig å skrive. Ein bygdegut som valde kunsten i ei tid då forventingane kanskje låg andre stader hos dei ikring. Han skreiv parallelt for både born og vaksne heile livet. Desse barnedikta er kanskje nokre av dei finaste han har gjort. Dikta er full av empati og eventyr. Det er som om Bruheim sjølv sit i graset og undrar seg over smått og stort. Det er insekt og blomar, det er løgne grashopper og skumle kråker.. Og gjennom alt går det ein sterk kjærleik til alt levande i orda hans. Han er oppteken av dei som ikkje kjenner seg sett, dei som kjenner seg åleine, dei som er annaleis. Det er mykje livsvisdom i dikta og dei fortel noko til både store og små.

Eg vart kjend med dei då eg skulle lage plate til hundreårsjubileet hans. Då tok eg tak i dei mange vakre kjærleiksdikta hans med plata “Brevet til kjærleiken” (2014) Men eg tenkte heile tida at desse barnedikta ein gong burde få sitt eige prosjekt.. Då Roald Kaldestad, bandkollega og tidl festivalsjef for Falturiltu (barnebokfestival på Stord) spurde om eg ikkje skulle gjere det hausten 2021 byrja det å rulle. Festivalane Falturiltu, Førdefestivalen og Vossajazz gjekk saman om å produsere konsertforestillinga som hadde premiere 7. juli 2022. No er plata her og Vossajazz får lanseringskonserten for plata som vi spelte inn i haust.

Hva handler denne platen om og hva ønsker du å formidle gjennom den?

Gode historier for barn. God musikk for barn. Ettertanke og livsglede. Påminning om å sjå kring deg og ta vare på andre – og vere fornøgd med den du er sjølv.

Hvilke låter har du et spesielt forhold til fra albumet?

Har eit sterkt forhold til alle. Dei har noko ekte og viktig med seg alle saman syns eg.

Teksten Om alle tre var like handlar om mangfald. Eg tenkjer at Bruheim var tidlig ute med å omfavne at vi alle må vere dei vi er og at verda blir kjedelig dersom vi alle skal søke mot det same. Teksten «Liten gut fortel» bør henge (og heng kanskje) på alle lærarrom eller for dei som jobbar med barn som kan synast rampete og umulige.. Musikalsk likar eg jo alle, men vi har det ekstra kjekt med å lage storm og blues i den originale teksten om stormen som er så sterk at den holder på å ta skjegget til han som syng. Her er det Jørgen Sandvik som har lead.

Hvilke tanker har du rundt det å være artist og musiker i Norge i dag, si litt om den evnt. «tøffe veien» det ofte er og hvordan det har vært for deg?

Eg har vore heldig i den forstand at eg har fleire bein å stå på. Denne vinteren har eg vore skodespelar på Det Vestnorske Teateret i Bergen. Så har eg også gjort mykje skulekonserter. Viktige stolpar i ein frilansmusikers liv.. Men det er klart, det kjennes litt vel uforutsigbart og spennande framover. Eg tek ingenting for gitt og jobbar på med det eg trur på. Slik eg alltid har gjort. Så får eg håpe det fortsatt tek meg ut på vegen og i møter med publikum.

Hva føler du er din sterkeste side som artist og er du en uredd type?

Er både redd og uredd. Eg har eit driv i meg som eg er veldig glad for å kjenne på framleis. Eg set i gong saker og skapar prosjekt sjølv. Det er jo både eit gode og ei byrde. Mykje ansvar for andre musikere og for å fullføre det ein har satt seg som mål. Men eg har lært at det er den måten eg må gjere ting. Sette i gong, kanskje til og med før eg trur eg er klar. Ein blir aldri klar-nok. Så lever eg også under det noko ambivalente mottoet at alt ordnar seg.

Kan du fortelle litt om en av dine beste opplevelser fra en av dine liveopptredener?

På mi topp-tre liste står releasekonsert på Parkteateret av plata «Vere her» i 2017. Då var vi 9 pers i bandet og «alt» klaffa. Publikum i ekstase og musikalske øyeblikk på scena eg smiler av enno.

Ellers likar eg også dei heilt nære og akustiske møta der du har folk heilt innpå deg og ikkje kan gøyme deg bak noko.

Av litt på-sida-opplevingar, dvs ting eg gjer sjeldan, må eg ta fram mine samarbeid med kammerorkesteret Ensemble Allegria. Vi har gjort 3-4 konsertar saman og det har vore fantastisk, både sosialt og musikalsk. Ein vidunderlig gjeng!

Hva er det mest spesielle eller sprøeste øyeblikket du har hatt i din musikalske karriere så langt?

Hmm.. har hatt nokre sånne fjellkonserter. Den første i 2010 på SKÅLA 1848 moh . Vi trudde det kom 19 pers, så kom det 200 og vi måtte ha ekstrakonsert inne i det runde tårnet som står der.

Ellers hadde eg den absurde gleda av å vere med som felespiller på scena når Christine Gulbrandsen spilte i Eurosong i Aten 2006.. Makan til eventyr og show fins ikkje. Vi var to, Spindel duo, som fekk vere med på dette. Eit minne for livet.

Er det noe du setter ekstra stor pris på i ditt eget musikalske univers?

Eg set ekstra stor pris på at eg har jobba saman med nokre av dei samme musikarane i bandet mitt sidan 2007 (!) Og at eg har eit band og fine folks som ein veks og skapar saman med. Det kjennes verdifullt og godt. Eg jobbar med ulike format, duo, trio, kvartett og band, men kjenner ei ekstra glede når vi får ta fram vårt fulle potensial og musikken levere saman med oss på scena. Elskar å spele saman med andre!

Har du en favoritt-matrett i så fall hva?

Er så dårlig på sånne favorittlister… Får seie kompar då ( raspeballar).

Hva er den beste litterære eller filmatiske opplevelsen du har opplevd den siste tiden, og hva vil du anbefale folk å sjekke ut om dagen?

Eg vil anbefale å lese Helga Flatland si bok «Etterklang», som er den siste eg las. Såg oppgjen «Livets lyse side» med Jack Nicholson og Helen Hunt for nokre veker sidan og vart utrulig berørt, og glad for at den fortsatt står seg så godt.

Hvilket sted drømmer du om å spille på, og hvilken scene har overrasket deg mest?

Eg er egentlig takksam for å spille kvar som helst. Det er så mange fine arrangørar og dedikert folk rundtomkring – og eg blir alltid glad når det kjem folk. Er veldig glad i mitt dedikerte trufaste publikum, og elskar når nye kjem til. Det er jo den energien som er mellom oss som er i rommet /plassen samstundes som er magien med all livemusikk og teater.

Skulle gjerne spilt på et større utvalg av festivalar, og skulle veldig gjerne spilt i nord!!!

Drøymer om å spille på Tønderfestivalen i Danmark igjen, eller gjerne Celtic Connections i Scotland. Likar festivaler der det også er sosialt jamming og buskspel. Det er det lagt tilrette for på desse.

Hva slags musikk har du vokst opp med og har noe av den musikken vært med deg hele livet?

Var ganske alt-etende som barn. Likte dramatiske historier. Det var mykje viser, folk og country i heimen. Starta tidlig med folkemusikk, men har også likt å høyre andre saker. Alle genre egentlig. Kjedelig svar, men slik er det. Musikk må treffe meg, og det kan vere så ulike saker som gjer at noko talar til meg.

Hva er dine musikalske planer videre for 2023?

No først er det plateslipp med barneplata “Regndråpeborna”. Det blir nokre konsertar med det utover året. Vi skal mellom anna til Diktardagar i Skjåk, der Bruheim kom frå, og til Nynorske Festspela i Ørsta.

Bortsett frå det så gler eg meg ekstra til å spele med heile bandet mitt i gamlekinoen på Vossajazz 2 April. Det er ei stund sidan vi var samla no, så det blir magisk. Eg håpar å spele meir med bandet utover året og etterkvart skrive meir ny musikk.

Skal også gjere nokre spennande samarbeid til hausten som eg gler meg til å fortelle meir om. Så blir det jul med svenske Esbjörn Hazelius og Johan Hedin i både Norge og Sverige når vi kjem til Desember.

Innimellom driv eg med eit albumprosjekt som heiter “Breim” der eg nerdar meg med tradisjonsmusikken frå den vesle bygda eg kjem frå. Då er det heilt tilbake til røtene.. Kjem eit soloalbum med dette også snart.

Se Også

Albumaktuelle Hanne Tveter med internasjonalt unikt samarbeid i verdensklasse
Intervju

Albumaktuelle Hanne Tveter med internasjonalt unikt samarbeid i verdensklasse

[et_pb_section][et_pb_row][et_pb_column type=»4_4″][et_pb_text] Hanne Tveter er aktuell med det særegne albumet «HULDRA», hvor hun har fått med seg et stjernelag av jazz- og flamencoartister til å utforske [...]

Anette Askvik gir oss sjelefred med et av årets fineste album
Intervju

Anette Askvik gir oss sjelefred med et av årets fineste album

Nylig ga Anette Askvik ut «Lyden av Snø» som er et album om håp i en tid hvor det er lett å miste troen på det [...]

Multikunstneren Veslemøy Narvesen med overbevisende og vakker solodebut
Intervju

Multikunstneren Veslemøy Narvesen med overbevisende og vakker solodebut

«We Don’t Imagine Anymore» er musiker og komponist Veslemøy Narvesens sitt første album i eget navn og som hun har fått strålende anmeldelser for. Den etablerte, [...]

Høytflyvende Spurv har levert nok en klassiker
Intervju

Høytflyvende Spurv har levert nok en klassiker

Fra sin unnfangelse under et intetanende blikk ut av vinduet, til den omfattende prosessen med å utforme det, er «Brefjære» et kunstverk som samler det timelige [...]

Albumaktuelle Marte Eberson med delikat og selvsikker drømmepop
Intervju

Albumaktuelle Marte Eberson med delikat og selvsikker drømmepop

[et_pb_section admin_label=»section»] [et_pb_row admin_label=»row»] [et_pb_column type=»4_4″][et_pb_text admin_label=»Text»]Etter å ha gitt ut ny musikk har Marte Eberson virkelig markert seg som soloartist. Eberson har blitt omtalt i [...]

Albumaktuelle Tove Bøygard imponerer med sine sterke tekster og formidlingsevne
Intervju

Albumaktuelle Tove Bøygard imponerer med sine sterke tekster og formidlingsevne

Tove Bøygard slapp nylig sitt kritikerroste album som ble markert med releasekonsert samme kveld på hjemmebane i Ål Kulturhus, etterfulgt av en bandturnè med 10 konserter. [...]