Foto: Vidar Landa

Fantastisk sjangeroverskridende «ukens album» signert Frøkedal & Familien

Del Tweet

Frøkedal & Familien slapp nylig det kritikerroste albumet «Flora» som er denne «Ukens album» på NPS Music.

På albumet forteller de om natur, ensomhet og fremmedgjøring i en kald verden – og drømmen om å høre til, som vi alle har i oss.

De musikalske båndene mellom Anne Lise Frøkedal og musikerne i bandet Familien, strekker seg uavbrutt gjennom begge de to tidligere Frøkedal-platene, og et stort antall konserter. På tredjealbumet «Flora», smelter Frøkedal & Familien sammen til et fullverdig kollektiv. De 10 låtene på platen ble spilt inn live i løpet av like mange dager i studio.

«Først lærte me oss songane ved å spele dei for publikum – gjerne litt før me var klare for det, så eg må berre beklage til dei som har fått servert ein halsbrekkande tidleg versjon av desse låtane. Men i studio gav dette oss overskot til å tenke heilskap framfor bagatellar,», sier Frøkedal.

Låtene på Flora strekker seg fra spirituell hippie-folk til indiepop og felerock. Det finnes spor av skjev tonalitet, norsk tradisjonsmusikk, et glimt av blues, eksotiske klimpreinstrument og, på en ellers engelskspråklig plate, blir det brått sunget på etnedialekt. I det hele tatt kan det virke som om Frøkedal & Familien har nektet seg lite.

Så hvorfor ikke lage sangbok, som en annen Lillebjørn Nilsen? Det som begynte som en spøk har blitt til 28 sider med tekster, historier fra bandet, notar og låt-for-låt illustrasjon av den britiske kultartisten Robyn Hitchcock. Sangboken er inspirert av andre som har covret bandet, på sekkepipe, trekkspell, eller bare kastet seg ut i dans på konsert. Frøkedal & Familien forklarer ideen slik:

«Me har komme fram til at det å insistere på å vere ein«artist» som publikum skal betrakte fra avstand, kjennes sekundært, til og med litt flautt. Musikk er en samlende kraft, som gir oss alle tilgang på et utvidet spekter av kjensler, minner og visjonar. Med songboka legg me alle korta på bordet, slik at den som ønskjer det kan komme tettare inn på desse låtane – eller til og med spele dei sjølv.»

Flora er et album med en sjelden musikalsk kraft. Et øyeblikk fanget på plate, der bandet senker skuldrene, åpner øynene og skaper musikk uten å begrense seg. Flora er lyden av tilknyttingen Frøkedal & Familien søkte og de mange svarene som de fant i floraen der ute.

I 2016 ble Frøkedal spellemannsprisnominert for debutalbumet «Hold on Dreamer» i kategorien indie, og med albumet «Flora» er det ikke utenkelig at Frøkedal & Familien faktisk kan stikke avgårde med den gjeve prisen. Albumet er variert, sjangeroverskridende og fantastisk på så mange måter. Låtene, stemmen, stemningen, lydbildet og ikke minst kraften i låtene griper tak i lytteren umiddelbart. Vi vil gjerne trekke frem fire av låtene på albumet, låten «SØN» er en sjelden perle av en låt. Stemningen i låten er til å ta og føle på, og refrenget er så oppriktig og inderlig, og det beskriver ikke minst hvilken kraft som bor i denne låten, den berører på så mange ubeskrivelige plan. Så har vi, «Set Your Spirit Free» som er en deilig og befriende låt med et herlig og tidløst lydbilde – vakkert. Det bor så mye i låten «Shot-Put». Stemningen i det folkemusikk-aktige og samtidig mystiske og spennende lydbildet kler låten særdeles godt, og ikke minst Frøkedal sin nydelige og særegne vokal. Dette er kraftfullt og imponerende. Den siste vi vil si noe om er «Takedown» som er en låt som man bare smelter helt for. Vokalmessig briljerer Frøkedal på lekende og lett vis. Stemningen i låten er sterk og følsom, og den tar oss tilbake i tid til midten av 70-tallet. Vi føler oss fine og her er det godt å være. En flott avrunding på et fantastisk album.

Frøkedal & Familien har gjort en rekke turnéer og festivalkonserter i inn- og utland. Prosjektet har fått varm omtale i The New Yorker og The Sunday Times, Spellemann-nominasjon og har spilt live på BBC Radio6. Frøkedal & Familen har også fått snuse på arenaformatet, som oppvarming for A-ha og Madrugada i Oslo Spektrum. De trives likevel aller best på mindre scener, der de kan stå tett og se publikum i hvitøyet.

Frøkedal er låtskriver og produsent. Hun er også en del av indierock-bandet I Was a King, medlem av Lady Hardanger og spiller gitar og keys med bl.a. Tønes og Misty Coast. Anne Lise Frøkedal er også aktuell som debutant i novellesamlingen «Og alle ting vert nye» (Samlaget, 2021).

Frøkedal – vokal, gitar, Olav Christer Rossebø – fele, oktavfele, mandola, cümbüş, Ingeleiv Berstad -fele, oktavfele, baglamas, guiro, vokal, Erlend Ringseth – roland rs-09, prophet, pianet, pumpeorgel, Elisabeth Mørland Nesset – trommer, perkusjon, vokal, Olaf Olsen – trommer, perkusjon, vokal, Eirik Øien – bass på spor 9, kontrabass på spor 4, 8

Tekst og musikk av Frøkedal, produsert av Frøkedal, co-produsert av Bård Ingebrigtsen. Spilt inn og mikset i Amper Tone av Bård Ingebrigtsen, og mastret av George Tanderø.

Design (både albumcover og songbok) av Erlend Ringseth, coverillustrasjon av Andrea Serio og artistfoto: Vidar Landa.

Vi tok en prat med Frøkedal om blant annet den nye platen og planene videre fremover.

Gratulerer med Frøkedals tredje album, «Flora». Kan du fortelle litt om prosessen rundt innspillingen av albumet?

Hjarteleg takk! Tanken var at plata skulle vere mest mogleg «live», så Familien og eg øvde inn låtane og spelte dei på konsert lenge før me skulle i studio. Vanlegvis er det omvendt. Nå kunne me songane godt og kunne konsentrere oss om å spele bra saman i studio.

Plata blei spelt inn låt for låt, 10 spor på 10 dagar. Og me mixa ganske mykje undervegs, så etter ein dag i studio hadde me ein meir eller mindre ferdig låt i lomma då me gjekk heim om kvelden. Det var gode dagar.

Flora er et lekkert album som nytes best i total frihet. 5/6

iTromsø

Hva handler denne platen om og hva ønsker du å formidle gjennom den?

Flora handlar om einsemd og framangjering i ei kald verd – men også naturen rundt og i oss – og draumen om å høyre til. Det er ei plate som prøver å gi næring til håp og draumar.

Musikk kan gi oss tilgang på deler av vårt eige kjensleliv som ligg i dvale mykje av tida. Med Flora har eg på sett og vis vendt tilbake til den åndelege, intense musikkfantasten eg var som barn – det var ei tid musikk virka utruleg sterkt på meg. Men også ei tid der eg kjende eg hadde magiske evner og stor moglegheit til å påvirke verda positivt. Den trua finst på Flora også.

Hvilke tanker har du gjort deg rundt instrumenteringen av dette albumet?

Instrumenteringa er basert på besetninga i bandet og dei instrumenta som følgjer med folka – naturleg nok, sidan me speler live. I tillegg til elgitar, orgel/synth og trommer er det enten fele eller klimpreinstrument som mandola og balgamas som er besetninga på låtane.

Anne Lise Frøkedal er ei ledestjerne innen norsk indiepop, her med beste-notering solo. 5/6

Dagbladet

Hvilke låt har du et spesielt forhold til fra albumet?

Låten som heiter ”Set Your Spirit Free” kom i nesten ferdig form. Han var som ein gammal kjenning som banka på – og eg har heile tida gleda meg til å spele han for folk.

Hva føler du er det spesielle i Frøkedal & Familien sitt musikalske univers?

Det er kanskje lettare for andre å peike ut om noko er unikt enn å erklære det sjølv. Men det som er annleis for min del med Frøkedal & Familien, er blandinga av det melodiske og akustiske som eit sterkt fundament, samstundes som om energien frå rocken er tydeleg til stades. Låtane kan iblant vere snirklete, både rytmisk og harmonisk, men uttrykket er nært og upolert.

Hvordan vil du beskrive deg selv og hva liker du å gjøre på fritiden?

Glad i folk, men også glad i å vere aleine. Eg kan nok vere litt monoman når det kjem til musikk. Når eg ikkje jobbar, likar eg ofte å gjere meir av det same. Spele musikk, lytte, lese bøker og ete lange, overdådige frukostar med sambuaren min.

Kan du fortelle litt om en av deres mest minnerike opplevelser fra en av deres liveopptredener?

Eitt skikkeleg godt minne kjem frå Sundreball i Ål: I årevis har me spelt ein heimelaga vals på konsertane våre – og me oppfordrar alltid folk til å danse, sjølv om det er nesten ingen som kan danse vals lenger. Men i Ål var det bråt ein heil gjeng som spann og snurra rundt i rommet då me spelte – det ligg ein videosnutt på Instagram, for det var heldigvis nokon som filma det. Valsen uttrykker noko veldig kjensleladd og nostalgisk i mine øyrer. Det er nok den einaste gongen eg har fått tårer i augene på vår eigen konsert!

Hva føler du er din sterkeste side som artist og er du en uredd type?

Eg er avhengig av å like musikken eg jobbar med på eit emosjonelt plan. Det er både ein styrke og ein svakheit. Men styrken ligg i ønskjet om å få musikken til å fungere som heilskap, og eg trur eg er god til å ta den plassen som krevst av meg, uavhengig av om den rolla er å vere produsent for ei heil innspeling eller ein knapt høyrbar korist som tilpassar seg hovudvokalisten.

Jo lenger eg held på, desto meir stoler eg på mine eigne instinkt. Så lenge dei instinkta er tydelege, er eg nok ikkje særleg redd av meg.

Har du noen musikalske forbilder eller inspirasjonskilder?

Det eg har lært av folkemusikarane i bandet (Olav Christer «Laffen» Rossebø og Ingeleiv Berstad) har vore veldig viktig: dei tar med seg musikken over alt der dei er. Det er ein del av kvardag og fest å spele og syngje, alt frå eigne låtar til tradisjonsmusikk. Det er ikkje forbeholdt øving og konsert.

Det er mye bra norsk musikk om dagen – hva liker du å høre på for tiden?

Den nye plata til Valkyrien Allstars kjennes som det punktet der alle interessene og talenta til folk i bandet går opp ein større heilskap. Det låter veldig særeige og eg trur det blir enormt gøy å sjå dei live igjen. Har også gått mykje rundt med plata til Lost Girls på øyret. Musikken gir ei overraskande sterk trong til å danse.

Anne Lise Frøkedal fortsetter å utmerke seg som en av de mest særpregede artistene i norsk poprock. 5/6

Dagsavisen

Du er både låtskriver og produsent og i tillegg er du med i andre musikalske prosjekter. Kan du fortelle litt om det og hvordan det påvirker ditt musikalske uttrykk?

Eg er også med i band som I Was a King og Lady Hardanger og spelar med Tønes både live og på plate. I seinare tid har eg også turnert med Misty Coast. Det er veldig inspirerande å jobbe med folk som lagar og ser musikk på ein litt annan måte. Det å vere til stades når fin, meiningsfull musikk tar form, er alltid ei medrivande kjensle, litt som forelsking – uavhenging av om det er min låt eller ei. Det gir meg energi og nye idear.

Du har satt sammen en 20+5 spilleliste til oss. Hvordan har det vært, har du/dere hatt et bestemt fokus vedr. utvelgelsen av låtene som du ønsket å ha med i listen, og har du møtt på noen «utfordringer» underveis?

Det var overraskande lett å finne låtar, eg har høyrt mykje på norsk musikk i det siste, og ein stor del av lista inneheld relativt nye utgivingar. I den grad noko var utfordrande, var det kanskje å lage ei god rekkefølgje – det er stor breidde her, frå akustisk, folkemusikkinspirert musikk til dansbare beats og metal.

God lyttar! Dette er Frøkedal. Eg har sett saman ei speleliste med norsk musikk for NPS Music. Her finst det 20 låtar frå andre norske artistar som eg håpar og trur at fleire enn meg kan få eit kick av.

Lista er skikkeleg variert, frå mild visesong til tung rock – men for meg flyt denne musikken naturleg saman i ein straum eg berre tenker på som musikk som gir meining. Her finst over gjennomsnittleg mykje felespel, gitarpop, dansbare beats og kommersiell suksess side om side med musikk svært få har oppdaga enno.

Tre ting som er verdt å trekke fram:

Valkyrien Allstars har nyleg blitt eitt av mine favorittband her til lands. På albumet «slutte og byne» frå 2020 høyres dei kun ut som seg sjølv – ei jordnær blanding av visesang, pop, norsk folkemusikk, ispedd element frå hiphop og afrobeat. Tre vokalistar med særeigne, fantastiske stemmer. Tenorgitaren si triumf over alt som er kjedeleg med gitar. Feler, synth, trommer. Eg høyrde Midtstripa om og om igjen då singelen kom ut. Eg veit ikkje korleis det er med deg, men songen set meg i ei melankolsk, men sitrande, «verda-er-ny»-stemning som ein lett kan kjenne igjen frå dagen etter ein særleg vellukka fest.

Frode Strømstad/ I Was a King / Rider

Songen Make it Clear frå I Was a King si første, halvvegs hemmelege, plate er ein stor personleg favoritt. Den observante lesar vil kanskje tenke at det er frekt å inkludere fleire eigne prosjekt på ei slik liste, men eg har godt samvit: Minialbumet Losing Something Good For Something Better blei nemleg gitt ut rett før eg blei med i bandet. Frode Strømstad har utruleg god melodisk teft og skriv songar med ein ibuande nostalgi – som gjer at dei også kjennes viktige for sjelslivet. Ny IWAK-plate blei sett på covid-vent, og i mellomtida har Frode spelt inn ein EP med sitt nye prosjekt Rider. Sjekk det ut!

The Musical Slave – No Plan

Singer/songwriter og gatemusikant The Musical Slave frå Bergen har laga ei perle av eit audiovisuelt verk. Videoen som følgjer med denne låten er noko av det mest rørande eg har sett på lenge. Her blir historia i låten fortalt med bilete: The Musical Slave kjem til Dublin, kræsjar bilen i ein vegg til det som viser seg å vere ein stall og ho blir ein del av det urbane hestemiljøet i byen. Ein nydeleg song og film som ser venleiken i menneske der andre luktar trøbbel. Det heile kulminerer i eit antikapitlistisk kamprop. What’s not to like, som dei seier.

Folk, indiepop og felerock smelter sammen til en nydelig enhet. 5/6

Stavanger Aftenblad

Hva er det morsomste eller mest spesielle dere har opplevd så langt som band?

Meir fint enn sprøtt: metal-gjengen som følgde oss frå konsert til konsert på Jæren. Eg trur dei likte musikken, men eg trur også at dei pga pandemien ikkje hadde nokon andre band å følgje. Vanlegvis følgjer dei Metallica sine turnear verda rundt. I 2020 var det Frøkedal & Familien som fekk den æra. Me er takksame for det!

Kan du nevne et stk. guilty pleasure eller en pleasure?

Hadde nyleg powerballade-stafett i vennegjengen, derfor er Damn Yankees med låta ”High Enough” (både låt og video) det første eg kjem på.

Hvis du kunne jobbe med en norsk musiker, død eller levende, hvem ville du valgt?

Det kjennes som om eg jobbar med så mange utruleg gode folk at eg ikkje drøymer så mykje om slikt. Men det kunne til dømes vore Jenny Hval, Håvard Volden, Susanne Sundfør, Erik Sollid, Todd Terje, Ivar Fuglestad, Bent Sæther eller Hans Magnus Ryan.

Hvordan har covid-19/korona-perioden fortonet seg for deres del, og hva er deres musikalske planer videre for 2021?

Me har vore heildigare enn mange andre og har spelt med ujamne mellomrom det siste året. I tillegg har eg lært meg litt felespel, det hadde eg nok ikkje hatt tid til elles. Frøkedal & Familien skal spele mange konsertar i 2021; brorparten av platesleppturneen skjer i september, då skal me vel innom dei fleste store byane her til lands, og ein del mindre stader også. Det finst mykje å glede seg til.

Turnédatoar:

20.6 KAMPEN BISTRO, Oslo

26.5 MELLOMBELS, Bryne

3.7 EGERSUND VISEFESTIVAL

11.7 SPORNESFESTIVALEN

9.9 ASKER KULTURHUS

10.9 DRIV, Tromsø

11.9 ROCKERS, Langesund

16.9 FOLKEN, Stavanger

17.9 HØVLERIET, Haugesund

18.9 KABUSO, Øystese

23.9 TRYKKERIET, Trondheim

24.9 HAMAR KULTURHUS

25.9 BLÅ, Oslo

Se Også

Frøkedal har vært en betydelig skikkelse i Norges indierock-scene i flere år.
Intervju

Frøkedal har vært en betydelig skikkelse i Norges indierock-scene i flere år.

Frøkedal har vært en betydelig skikkelse i Norges indierock-scene i flere år, hovedsakelig som vokalist, gitarist og låtskriver i Harrys Gym og I Was A King. [...]

Greta Baker synger for livet på sitt debutalbum
Intervju

Greta Baker synger for livet på sitt debutalbum

Greta Baker fra Sandnes i Rogaland er en artist hvis musikalske reise er like inspirerende som hennes låter, og nylig slapp hun et sterkt og gripende [...]

Høytflyvende Spurv har levert nok en klassiker
Intervju

Høytflyvende Spurv har levert nok en klassiker

Fra sin unnfangelse under et intetanende blikk ut av vinduet, til den omfattende prosessen med å utforme det, er «Brefjære» et kunstverk som samler det timelige [...]

Multikunstneren Veslemøy Narvesen med overbevisende og vakker solodebut
Intervju

Multikunstneren Veslemøy Narvesen med overbevisende og vakker solodebut

«We Don’t Imagine Anymore» er musiker og komponist Veslemøy Narvesens sitt første album i eget navn og som hun har fått strålende anmeldelser for. Den etablerte, [...]

Albumaktuelle Marte Eberson med delikat og selvsikker drømmepop
Intervju

Albumaktuelle Marte Eberson med delikat og selvsikker drømmepop

Etter å ha gitt ut ny musikk har Marte Eberson virkelig markert seg som soloartist. Eberson har blitt omtalt i både inn- og utland for sin [...]

Albumaktuelle Hanne Tveter med internasjonalt unikt samarbeid i verdensklasse
Intervju

Albumaktuelle Hanne Tveter med internasjonalt unikt samarbeid i verdensklasse

Hanne Tveter er aktuell med det særegne albumet «HULDRA», hvor hun har fått med seg et stjernelag av jazz- og flamencoartister til å utforske sjangermøtet mellom [...]