Foto: Oda Berby

En av indie-scenens mest spennende artister, Hanne Kolstø feirer 10 år som artist

Del Tweet

I 2019 feirer Hanne Kolstø ti år som artist. Som en av de mest produktive og hyllede musikere på den norske indie-scenen det siste desenniet, er Kolstø snart klar med sitt niende soloalbum «Jue».

Med et mer eksperimentelt sound enn tidligere, utfordrer Kolstø tradisjonelle låtstrukturer med ti nye låter og en uttalt ambisjon om at musikken må få være fri. Samtidig har Kolstø i vår og sommer vært svært synlig som frontfigur og primus motor for klimalåtkonkurransen #Etteross som jobbet for å skape økt bevissthet rundt klimaendringer.

Musikalsk har Kolstø alltid trivdes i flere leire. På «Jue» blandes moderne, minimalistisk elektronika med elementer fra new romantics og nyveiv og et mer nåtidig indie-uttrykk – alt med stort hell, selvfølgelig. I det ene øyeblikket ledes tankene til Ultravox og Tears for Fears og i det neste, kontemporære artister som DJ Koze eller Nicolas Jaar – alltid med Kolstøs meloditeft og fininnstilte øre for komposisjon.

Selv om det nye albumet også byr på et instrumentalspor, er Kolstøs tekstforfatterskap fortsatt den kanskje viktigste bestanddelen i musikken. Låtskrivingen har denne gangen tatt utgangspunkt i, eller vært inspirert av albumtittelen. Vi tok en prat med Hanne om blant annet det kommende albumet, hennes reise som artist så langt og planene videre fremover.

Gratulerer med jubileum Hanne, du feirer 10 år som artist i år. Hvordan har den reisen vært for deg, og kan du trekke frem et øyeblikk eller høydepunkt gjennom din karriere så langt?

Hmmmm. Høgdepunkt frå 10 år, det er ikkje så lett, det er jo så mykje å ta av. Men det er jo ein ting som dukkar opp her no: Rett etter at eg fekk sekser av NRK P3 for konserten min på Øyafestivalen i 2014 møtte eg ein representant frå Jameson på backstagen. Ho hadde med seg ei flaske whisky der navnet mitt var printa inn på sjølve emblemet. Bra timing haha. Eg kan avsløre at eg endte opp med å bli kasta ut av ei vakt som henta meg midt i folkemengda på festivalen. Ein bra kveld.

Sjølve reisa har vore veldig variert. Eg har verkeleg hatt både opp og nedturar som eg reknar med dei fleste som har haldt på i 10 år har hatt. Det er jo desse bølgene ein må tåle dersom ein har lyst til å halde på med musikk livet ut. Akkurat no er eg veldig glad for å vere ferdig med «ungdomstida» med utlandssatsing og massiv turnéring. Eg har nok funne meg sjølv som ein artist som likar å halde meg litt for meg sjølv. Det går faktisk an, eg har jo trass alt levd av dette utan å vere kjendis i 10 år. Kanskje er det nokon spirar der ute som treng å høyre det? Det er ikkje alle artistar som skal køyre løpet til Sigrid tenker eg.

Du er aktuell med låten, «Meir». Kan du fortelle litt om den??

Eg hadde faktisk tenkt å kaste den (!), og eg som aldri kastar låtar – veldig merkeleg. Eg opplevde at hjartet i låta plutseleg forsvann i produksjonen (fort gjort!), men så fann eg det heldigvis igjen. Den handlar nok om ulike ting for den som lyttar, men kanskje frå meg litt om å kjenne på kroppen at livet skal vere meir enn det er, og så er det kva ein gjer med den følelsen. Bit ein tennene saman for å halde på det ein har, eller hoppar ein ut i noko ukjent og usikkert, men som muligens kan gjere livet rikare i det lange.

Du slipper snart ditt 9. soloalbum, «Jue». Kan du fortelle litt om det, når det slippes og navnvalget på albumet?

«Jue» er eit veldig lokalt ord frå Sunnmøre (der eg kjem frå) som var mykje brukt i barneleikar då eg var liten. For eksempel da vi leika politi og røvar hadde vi eit område som var «jue» der vi ikkje kunne bli tatt av motstandaren. Eg trur det heiter «fritt» på Østlandet. Da eg skreiv dette albumet plasserte eg på ein måte meg sjølv på ei «jue» – det vil si at alt skulle vere lov i skriveprosessen. Det er så lett å henge seg opp i kva folk vil synest om det ein lagar og det gjer ofte at ein lagar dårlegare musikk meinar eg. Eg kjente at det var godt å vere fri, at musikken min var fri. Albumet kjem ut 15.november på Jansen Records. Eg gjev óg ut ei remix-skive av same album før det igjen, den 25.oktober.

Hvordan har det siste året vært for deg musikalsk sett?

Eg gir ut eit album i året så eit år for meg er ganske likt på eit vis. Eg skriv demoar som eg tek med i studio, produserar, miksar, mastrar og jobbar med cover og promo og spelar konsertar til lansering. Det som likevel har vore litt annleis dette året er at eg starta klimalåtkonkurransen «Etter oss». Det har eg brukt mykje av året til å jobbe med. Vi fekk inn heile 250 låtar og hadde ein veldig bra jury med blant annet Mari Boine, Sigrid, Lars Vaular, Øya med flere. Det føltest godt å jobbe med noko anna enn mitt eige til ei forandring. «Etter oss» kjem vi til å forsetje med forresten, og neste gong er det fokus på litteratur og klima.

Hvem er Hanne Kolstø, hva er din musikalske bakgrunn og hva liker du å gjøre på fritiden?

Eg kjem frå ein veldig musikalsk familie der alle syng, spelar piano og gitar, søstera mi spelar trommer i tillegg og faren min horn. Eg gjekk på idrettslinja på videregående, men har alltid hatt lyst til å drive meir med musikk så etter eit par år i Platekompaniet i Oslo søkte eg meg til Kristiansand og musikkonservatoriet. Så eg er utdanna derifrå utan at eg eigentleg følte eg lærte så mykje av sjølve skulen, meir dei eg møtte på skulen som eg starta band med osv. Eg gav ut mitt første album i 2009 med rockebandet mitt Love:Fi, så kom det to debutalbum til med to andre band; Post og Thelma&Clyde før eg gav ut mitt første soloalbum av i alt åtte i 2011. På fritida er eg helst på trening eller på fjellet, og eg elskar å snekre.

Har du noen musikalske forbilder eller inspirasjonskilder?

Trent Reznor (NIN) er min største helt. Ellers er det mange boblera under han. Sonic Youth er nære toppen, Blonde Redhead, Pj Harvey kanskje, sjølv om eg ikkje har likt alt ho har gjort. Joni Mitchell er vel kanskje sjølvsagd, men Reznor er min musikalske sjeleven.

Det er mye bra norsk musikk om dagen – hva liker du å høre på for tiden og hvorfor?

Eg høyrer veldig lite på musikk faktisk. Vart nok litt skada av alle dei åre bak disken i Platekompaniet. Fekk litt nok der, men eg har lytta til siste skiva til Morten Myklebust og den er heilt nydeleg! Anbefalast. Ellers driv eg å les meg opp på norsk samtidsmusikk og har lytta litt på det i det siste utan at eg kan trekke fram nokon favorittar der enno, men det kjem nok.

Du har satt sammen en 20+5 spilleliste til oss. Var det vanskelig å velge ut låter til listen og hvorfor valgte du å ha med akkurat de låtene?

Det var lett å plukke ut låtar, det er jo så mykje bra nytt ute no for tida. Sidan eg ikkje aktivt lyttar til musikk sånn ellers koste eg meg med å leite. Lista er faktisk mest nye ting, og mykje dansbart, eg var i det humøret. Det var litt deilig å ha det fokuset, ikkje berre tristesse liksom. Eg vil trekke fram Gabrielle sin nye låt «Tenker på deg», den er heilt utruleg fin synest eg, og Vaular sin nye er rå. Honningbarna verkar som dei er på veg inn i ein frisk periode. Elskar den nye låta deira og gler meg til skiva. Ellers blir eg aldri lei av Arif sin «Alene».

Hvis du kunne jobbe med en norsk musiker, død eller levende, hvem ville du valgt?

Kanskje Unge Ferrari? Eg lurer litt på om vi muligens kan ha litt like tankar om musikk? Det hadde uansett vore kjekt å leika i ein annan leir enn eg er, og ser for meg at han har ein veldig intuitiv prosess – likar han.

Hvilket sted/scene i Norge drømmer du om å spille på, og hvilken scene har overrasket deg mest?

Det har eg ikkje tenkt på. Eg føler først og fremst at det er folka som gjer plassen. Er det bra folk på ein gig, om så berre 5 stk. bra folk, så er det jo ein draum å spele. Men det var veldig sterkt å spele på heimebane (Sykkylven) for første gong med låtar på dialekt. Det vart så nært, mine ord på mitt næraste språk rett inn i dei som óg har same dialekt som meg. Ein meir direkte kommunikasjon har eg ikkje kjent på nokon gong – det var veldig sterkt.

Kan du nevne et stk. guilty pleasure eller kun en pleasure og hvorfor akkurat denne?

Eg sleng meg med dei som seier at det ikkje finst noko som heiter guilty pleasure. Eg likar stillheit best i heile verda, det er min pleasure. Eg prøvar å ha minst mogleg ting der eg bur slik tankane kan vandre så fritt som mogleg. Eg høyrer sjeldan på musikk og brukar ikkje smart-telefon. Å tenke er jo på ein måte jobben min og det å ha space til alt som foregår i topplokket er viktig for at tankerekkene skal bli lange nok til at dei kan brukast til noko. Av personar likar eg Funkygine. Ho er så rå på å vere seg sjølv. Det er behageleg å følgje med på, uansett kva ho finn på er jo berre seg sjølv. Kudos. Av program er «Gift ved første blikk» eit tilfredsstillande, deilig utekonsept.

Hvilke planer har du videre i 2019 og 2020?

Eg jobbar med eit bokprosjekt, akkurat som så mange andre her i landet. Forskjellen er vel at eg har berre bestemt meg for å seie det høgt for å legge litt press på meg sjølv. Eg jobbar best under press.

Ellers blir det massivt turnéring på alle ungdomsskular i Akershus no i haust og til våren og eit par klubbjobbar her og der. Eg reknar med å byrje jobbe med nytt materiale over nyttår, tenker eg skal gjere noko nytt denne gongen, meir minimalistisk og nært – men vi får sjå kva det blir. Det har eigentleg ingenting å seie korleis eg «trur» musikken skal bli, den blir jo berre som det blir uansett. Eg opplever jo at musikken er fri og går sine heilt eigne vegar. Min jobb er å fylgje etter så godt eg kan. Litt godt å tenke på at eg skal fylgje etter, ikkje brøyte vegen.

Sjanger

Norsk på Norsk

Det finnes utrolig mye bra norsk på norsk! Her har du et lite utdrag vi har satt sammen for deg.

Les mer

Se Også

SA Zeiner vekker følelsene i deg på sin nydelige debut-EP
Intervju

SA Zeiner vekker følelsene i deg på sin nydelige debut-EP

Med store drømmende synthlyder og med en nær, flott og tilstedeværende vokal på sine to første singler, «Good For Your Ego» og «Could You Be Good [...]

Singleaktuelle NYAKI drømmer om papegøyer og elsker Åndenes makt og Lilli Bendriss
Intervju

Singleaktuelle NYAKI drømmer om papegøyer og elsker Åndenes makt og Lilli Bendriss

Den Oslobaserte artisten Susanne Klerud med den store stemmen har vært å se på både store og små arenaer i en del år allerede, men det [...]

JNS er tilbake i blått
Intervju

JNS er tilbake i blått

Med flere hits under vingene, har Thomas Jones aka JNS allerede markert seg som en av de mest markante navnene på hiphop-/R&B-scenen her hjemme. Nå er [...]

Ludvig Moon er ute med første låt fra sitt kommende album
Intervju

Ludvig Moon er ute med første låt fra sitt kommende album

Etter en lang pause er Ludvig Moon endelig tilbake med ny musikk, og 1. november slapp de låten «Night Walks», som er denne «Ukens single» på [...]

Albumaktuelle BIRRI med sterk debut
Intervju

Albumaktuelle BIRRI med sterk debut

BIRRI har det siste året trollbundet publikum på flere klubb- og festivalscener, og spilt inn og produsert sitt debutalbum i samarbeid med Are Bredal Simonsen (Store [...]

Live Foyn Friis er ute med en særegen og spennende indiepop plate
Intervju

Live Foyn Friis er ute med en særegen og spennende indiepop plate

Den prisbelønnede komponisten og artisten Live Foyn Friis er ute med sitt 6. album, «FOYN» som er denne «Ukens album» på NPS Music. Hun er en [...]