Foto: Jonas Hansebråten

Synne Vo er ute med sommerbanger

Del Tweet

Fredag 17. april slapp Synne Vo bangeren «Ikkje tenk på meg» som er denne «Ukens single» på NPS Music.

Dette er en forfriskende, gitarbasert og upbeat retropoplåt om det å klare seg helt fint alene. Sammen med låten er det også en herlig musikkvideo regissert av Peter Theisen Amlie, som har gjort musikkvideoer for både girl in red, Hanne Mjøen og Cassidy King.

21 år gamle Synne fra Lesja i Gudbrandsdalen vokste opp med å høre mye på svensk musikk, og artister som Veronica Maggio, Laleh og Håkan Hellstrøm strømmet ut i fra 12 år gamle Synne sin mp3-spiller. Måten de får svenske tekster til å fungere så godt i popmusikk på, har inspirert Synne til å forsøke å gjøre det samme på norsk. Sounden hennes er en nydelig blend av organiske element og moderne lyder, og er inspirert av allerede nevnte Maggio, men også gruppen Estraden og Molly Sanden. Store refreng, med relaterbare og skildrende tekster, er noe av det som kjennetegner Synne sin skrivemåte.

Gjennom 2019 har Synne vært i studio 24/7 for å virkelig finne ut av sounden sin, og nå i 2020 er hun klar for å slippe verden inn i sin musikkboble. Vi tok en prat med LIMPI-studenten Synne om blant annet den nye låten og planene videre fremover.

Gratulerer, du slapp nettopp den herlige bangeren, «Ikkje tenk på meg» Kan du fortelle litt om prosessen rundt låten?

Tusen takk!! Låta blei faktisk skrive for over eit år sidan, og på det tidspunktet hadde eg behov for å skrive ein låt om å sjå framover og legge noko bak meg. Eg hadde mange notat på iPhonen med linjer som «Eg ser meg aldri tilbake» og «Ikkje tenk på meg», og desse tok eg med meg inn i en session og låta blei til.

Det er fleire produsentar som har jobba på denne låta, og det har tatt lang tid å lande på ein produksjon som eg var 100 % fornøgd med. Eg er veldig involvert i produksjonen, og det kan nok til tider vere frustrerande for produsentane haha. Den fyrste versjonen av låta var svært organisk, og trengte litt meir 2020 over seg. I neste omgang blei låta litt for urban igjen. Så tok vi den litt tilbake til originalversjonen, og landa vel på ein mellomting etter mykje fram og tilbake. Trur produsent Andreas Hillestad Aannevik var svært letta då eg endeleg godkjente produksjonen.

Det er også laget en musikkvideo til låten. Kan du fortelle litt om det og hva låten handler om?

Låta handlar om det siste steget i ein kjærleikssorgprosess – når ein endeleg kjenner at ein har det bra aleine og ikkje saknar den andre personen.

Eg sendte låta til Peter Theisen Amlie, som er ein utruleg dyktig filmregissør, og like etterpå sendte han meg ein idé til handlinga i musikkvideoen – som eg med ein gong kicka på.

«Ideen bak videoen er å fremstille Synne i samme situasjon, med 2 ulike premisser. En med typen, og en hvor hun er alene. Videoen er generelt åpen for tolkning, men i mitt hode, er det Synne som underveis ser for seg hvordan hun ville hatt det, på akkurat det tidspunktet, om hun var uten typen. Kort fortalt er det Synne som drømmer om en bedre kveld på byen – skal man dykke dypere inn i det er det en frisk frigjøring fra et forhold som er på randen i utgangspunktet, som jo låta så fint portretterer.»Peter Theisen Amlie

Du er en forholdsvis ukjent artist for de fleste med kun en single til i bagasjen som du slapp i 2018. Hvilke ambisjoner har du med musikken og hva føler du må til for å slå igjennom som artist i en tøff musikkbransje?

Eg ønskjer å halde på med mitt eige artistprosjekt i tillegg til å halde på med låtskriving for og med andre artistar – eg diggar å skrive låtar. Ellers har eg veldig lyst til å få fleire moglegheiter til å spele live – det er så gøy. Meir generelt er vel målet mitt med musikk alltid at folk skal kunne relatere til låtene eg skriv og speler.

Det er nok fleire faktorar som spelar inn for å slå igjennom idag, og det finst nok ingen fasit eller oppskrift på korleis ein kan klare det. Men eg tenkjer at om du er snill (undervurdert eigenskap), har noko «nytt» å tilby (som folk etterspør), riktige folk rundt deg som har trua, stå på vilje, samt ein god dose flaks og riktig timing har du gode sjansar.

Hvordan har det siste året vært for deg musikalsk sett?

Det siste året har vore ein berg- og dalbane. Eg budde i Oslo i fjor og forsøkte å finne meg sjølv musikalsk; fant ut at det ikkje er så enkelt å ha ein strukturert kvardag når du er ein uetablert artist i storbyen. Difor søkte eg meg inn på LIMPI (Lillehammer Institute of Music Production and Industries) og byrja der i september, og det er der eg har tilbrakt dei siste månadene. Eg har utvikla meg svært mykje spesielt som låtskrivar, og samstundes landa litt når det gjeld mi eiga artistkarriere.

Det har vel ikkje skjedd noko særleg spennande sett burt i frå at eg var med å skrive ein låt som JÆGER deltok i Melodi Grand Prix med. Det var gøy!

Hvordan startet det for deg med musikk og sang og hvilken musikalsk bakgrunn har du?

Eg kjem fra ein svært umusikalsk familie (bestefar speler trekkspel), men eg har alltid vore veldig interessert i musikk og elska å opptre. Eg gjekk mange år i barnekor, var med i ein ungdomsmusikal og gjekk på Trøndertun folkehøgskule etter vidaregåande. Det var ikkje før folkehøgskulen at verkeleg eg byrja å skrive låter. I slutten av det året ga eg ut «Lær meg å leve» og etter det har eg forsøkt å fortsetje.

Har du noen musikalske forbilder eller inspirasjonskilder?

Eg høyrer på svært mykje forskjellig så det er vanskeleg å seie heilt spesifikt. Når det gjeld mitt eige artistprosjekt, er eg nok veldig inspirert av alle dei svenske artistane som lagar fantastisk popmusikk på sitt eige morsmål, slike som Laleh, Estraden, Håkan Hellström, Molly Sanden og Veronica Maggio.

Sjanger

Norsk på Norsk

Det finnes utrolig mye bra norsk på norsk! Her har du et lite utdrag vi har satt sammen for deg.

Les mer

Det er mye bra norsk musikk om dagen – hva liker du å høre på for tiden?

Det er virkelig det altså!! Her kunne eg ramsa opp ein haug med artistar, men for tida høyrer eg mest på glade låter for å halde humøret litt oppe. Derfor går det mykje i Dagny, SKAAR og debutsingelen til Hedda Mae (!!!).

Hva er det sprøeste eller mest spesielle du har opplevd så langt som artist?

Eg har nok ikkje opplevd så mykje sprøtt hittil, men etter eg ga ut «Lær meg å leve» fekk eg veldig mange personlege meldingar fra folk som forklarte korleis den låta traff dei eller fekk stor betyding for dei – og da kjennest det veldig meiningsfullt å halde på meg musikk, som nokre gonger kan kjennes litt overfladisk.

Kan du fortelle litt om en av dine beste opplevelser fra en av dine liveopptredener?

Eg hadde min fyrste «eigne» konsert på Kulturhuset i Oslo i januar. Det var gøy og rart å sjå ei rom fylt med menneske som kom for å høyre berre på min musikk, hehe.

Hvis du kunne jobbe med en norsk musiker, død eller levende, hvem ville du valgt?

Altså, hvis Sondre Justad ein gong går meg på å gjere ein duett med meg, er livet komplett.

Kan du nevne et stk. guilty pleasure eller en pleasure?

Hannah Montana var soundtracket til livet mitt frå eg var 7 til eg var 12 år. Å høyre på den musikken no bringer fram så mange gode kjensler og minner.

Her kommer en liten utfordring hvor du må bevege deg et godt stykke unna din egen sjanger. Kan du nevne 3 norske «guilty pleasures» eller rett og slett «pleasures» fra følgende sjangre: rock, metal, vise, EDM, punk, americana, hiphop, folk eller klassisk?

Richello – «All we are» (garanterer deg godt humør og partystemning!)

Baksia –« Augun dine» (er jo innerst inne bygdajente)

Øystein Sunde – «En Butikk-Odysse» (denne pugga eg og bestevenninnen mi då vi var mindre!)

Artister blir berørt av corona-viruset med tanke på å bl.a. holde konserter osv. Hvordan berører dette deg personlig, og hva tenker du at artister kan gjøre for å nå ut med musikken sin i disse dager?

Eg går jo fortsatt på Limpi, og skulen har gjort alt dei kan får å halde opplegget gåande. Vi har fått eigne studiosetups flytta heim til oss, og vi har sessions over facetime. Det er utfordrande og øydelegg litt «flowen» i låtskrivingsprosessen, men eg trur også det er ei bra erfaring og ta med seg vidare.

Ellers har eg, som mange andre artistar fått avlyst ein del spelejobbar, men eg prøver å hugse på at vi er ikkje den einaste bransja som vert ramma økonomisk av dette.

Eg tenkjer at denne tida gjev artistar nye moglegheiter til å få endå betre og personleg kontakt med fansen sin, og det verkar det som dei aller fleste utnyttar – det er bra. Eg synest det også er bra at folk held seg til releaseplanane sine, sjølv om eg veit det er mange som utsett sleppa sine fordi det kjennes rart å gje ut musikk når folk har det så vanskeleg. Folk treng ny musikk! Diggar også at artistar utforskar alternative måtar å køyre konsertar på, så sjekk ut virtuelle konsertar folkens!

Hvordan får du dagene til å gå i disse dager, og har du noen fine tips til folk som kanskje lider av «brakkesyken»?

Hmm..kunne trengt litt tips der sjølv. Eg har prøvd å ikkje legge for mykje press på meg sjølv når det gjeld produktivitet, vere litt raus med meg sjølv og heller nytte denne tida til ting eg vanlegvis ikkje tek meg tid til. Eg les bøker, går meg ein tur no og då, lagar god mat frå botn av, prøver å gjere ferdig ei biletebok eg byrja på for fleire år sidan og facetimar i timesvis med venninner og familie som eg ikkje har snakka med sidan jul.

Hvilke planer har du videre i 2020?

Eg tek ein dag om gangen. Alt er så uforutsigbart no, men eg flyttar nok til Oslo eller Stockholm og fortsett med musikk – og forhåpentleg vis gje ut meir musikk etter kvart.

Se Også

Annie med sexy og delikat nostalgi-trip
Intervju

Annie med sexy og delikat nostalgi-trip

Fredag 16. oktober slapp bergensartisten og DJ´n Annie albumet, «Dark Hearts» som er denne «Ukens album» på NPS Music. På «Dark Hearts» samarbeider hun med den [...]

Talentfulle Fredrik Domaas med nydelig låt
Intervju

Talentfulle Fredrik Domaas med nydelig låt

Den talentfulle bergensartisten Fredrik Domaas med den flotte og særegne stemmen, og tidligere kjent som Ongelovende, slo for fullt igjennom i 2020 med låter som «Gi [...]

Virkelig´s oppfølger er denne «Ukens album»
Intervju

Virkelig´s oppfølger er denne «Ukens album»

Fredag 2. oktober slapp Bodøbandet Virkelig sitt kritikerroste andrealbum, «Lengsel Blir Til Gjemsel» som er denne «Ukens album» på NPS Music. Dette er både rått, sårbart, [...]

HAVSUN i herlig selskap med Jesper Jenset
Intervju

HAVSUN i herlig selskap med Jesper Jenset

Artisten og produsenten HAVSUN aka Håvard Sundland er mannen bak låtene «Pillow» og «Control» som sikret han kontrakt med både Universal og Made Management. Nå er [...]

«Utgard» er Enslaved`s beste album og et løft for metal-sjangeren
Intervju

«Utgard» er Enslaved`s beste album og et løft for metal-sjangeren

Fredag 2. oktober slapp Enslaved det kritikerroste albumet, «Utgard» gjennomsyret av nordisk magi, og som er denne «Ukens album» på NPS Music. Et nytt album fra [...]

Ukens godbit leveres av Kappekoff
Intervju

Ukens godbit leveres av Kappekoff

Kappekoff slapp nylig den deilige låten, «Trust the Fate» feat. Busch med en musikkvideo hentet fra det kommende albumet, «Turning Points», og som er denne «Ukens [...]