Foto: Brandon McDade

MayRahKee stormer inn på den norske jazz-scenen

Del Tweet

MayRahKee stormer inn på den norske jazz-scenen med en av de aller sterkeste stemmene i norsk undergrunn akkurat nå. Prosjektet frontes av Vilde Skjerdal – som fremstår på scenen som et mytisk vesen med en kontrollert villskap i den dype stemmen, mens hun lokker lytteren inn i landskapet som trolles frem av bandet.

Fredag 22. februar 2019 slapp hun sitt debutalbum, «To The Core» på Johari Recordings, og som er denne «Ukens album» på NPS Music. Albumet er spilt inn i Cederberg Studios med Bendik Pedersen (keys), Håvard Henriksen (bass), Carsten Omholt (trommer) og Idar Eliassen Pedersen (trompet og flygelhorn) – samt en featuring performance av Marianna Sangita fra Broen.

MayRahKee er et ferskt navn i musikk-Norge, som allerede har opparbeidet seg store forventninger etter debuten på Kongsberg Jazzfestival – som ble direktesendt på NRK Jazz, og presentert på P2`s Jazzklubben. Musikken er preget av gjennomtenkte komposisjoner og en smakfull blanding av jazz, soul og hiphop. Stemmen til Vilde er moden og leken på samme tid, mens hun stødig eksperimenterer med rytmene i musikken.

Etter noen gjennomlyttinger av dette debutalbumet er det bare en ting å si – vi er solgt! Dette er en meget solid debut av en artist som vi nok kommer til å høre mye fra i tiden fremover. Hun har også topp musikere i særklasse med seg på dette albumet. Låten «Metanoia» blåser oss rett og slett av banen, og er noe av det beste vi har hørt på lenge, og gud fòr en stemme denne unge damen har. Dette er rett og slett i verdensklasse, og ingen tvil om at en ny stjerne har entret jazz-scenen.

«Sjølv om få tek seg tid til å lytte gjennom heile album, er tanken på å kunne tilby noko heilskapleg og samansett vakkert. Det at kulturelle sanseinntrykk generelt blir konsumert som forbruksvarer, verkar for meg som eit dårlig utgangspunkt.» – Vilde Skjerdal

Vi tok en prat med Vilde om det nye albumet og planene videre fremover.

Gratulerer med det nydelige debutalbumet ditt, «To The Core». Kan du fortelle litt om prosessen rundt albumet fra start til utgivelse?

Tusen hjarteleg takk! Ja, dette albumet er jo mitt første, og derfor har nok læringskurva vore ekstra bratt. Prosessen starta jo eigentleg med mine musikalske inspirasjonskjelder, for så å bevege seg vidare til alle dei andre kjeldene: Bøker, kunstverk, samtalar, kjensler, menneske, smakar, lukter. Etter å ha komponert materiale, funne musikarar som forstod kvar eg ville, og etter å ha vurdert og revurdert alt, vart innspelinga satt til Cederberg Studios i februar 2018. I året som har gått, har fokuset lege på alt det administrative som skal på plass: Økonomi, booking, distribusjon, søknadsskriving, turnéplanlegging osv. Det har altså vore ein kompleks prosess – både kreativt, administrativt og reint emosjonelt. Plata inneheld jo faktisk dei første, og einaste, låtane eg hadde skrive (på tidspunktet for innspeling). Det var liksom ikkje snakk om nokon utveljingsprosess. Ergo blir det heile litt ekstra nært.

MayRahKee is a wonderful new voice to be taken very seriously. Integrity, consciousness, nuance, balance, training and dare I say, charisma, make this ensemble intriguing and full of spirit, soul and substance. Very serious indeed

Richard Smith, Professor of Music, USC, LA.

Hva handler dette konseptalbumet om og hva ønsker du å formidle gjennom det?

«To the Core» handlar om å kome til kjerna av min eigen mentalitet og musikalitet. Gjennom å skrive tekstar, har eg systematisert mine eigne kjensler, og gjennom å sette teksten inn i ein musikalsk kontekst har eg på mange måtar bearbeida desse – gjort vonde kjensler vakre, og vakre kjensler enno vakrare. På den måten er plata ganske egosentrisk forankra – men så lenge eg er det bevisst, føler eg at det kan vera eit fint utgangspunkt for ei første-plate. Dette er faktisk noko eg snakkar om på tittelsporet. Uansett, det eg ønsker å formidle er vel at vi sjølve sit med makta til å kunne ta valet om å gjera livet vakrast mogleg.

Hvilke tanker har du gjort deg rundt lydbildet av dette albumet?

Vel, det å få til ein balanse mellom det organiske og elektroniske har vore ganske essensielt – og primæridealet her har vore Robert Glasper Experiment. Med sine «Black Radio» album har Glasper kome fram til eit sound som tilfredsstiller meg som lyttar. Det skjer liksom noko magisk i krysspunktet mellom akustisk flygel, Chris «Daddy» Dave, og vocoder, haha.

Hva er det spesielle i ditt musikalske univers?

Det er vel gjerne kombinasjonen av instrumenteringa, ideal-atmosfæra og krysninga av sjangrar sett i konteksten av tida vi lever i – om det går an å seie?

Hvilken låt har du et spesielt forhold til fra albumet?

«H.M. // Alethiology» fordi det er låta som oppstod etter at søskenbarnet mitt avslutta livet sitt. I etterkant av det, kjendes det som om at alt eg sa hang att som tome frasar utan substans. Og det var ikkje nødvendigvis slik at orda i seg sjølv ikkje strakk til – meir det at eg hadde brukt dei same orda tidlegare om andre, meir trivielle hendingar.. Det er vanskeleg å skildre ei låt som er meint å uttrykke det som ord ikkje maktar, men i stilla som følgde Håvard sin bortgong vart tonane til, og dei uttrykte alt eg ikkje klarte å seie, men også alt som ikkje kunne forbli usagt. Kvar gong eg syng låta no vil eg minnast Håvard – og det er ganske fint.

Du er et ferskt navn i musikk-Norge, men du har allerede opparbeidet deg store forventninger etter din opptreden på Kongsberg Jazzfestival, og bl.a. fått rosende ord fra musikkprofessor Richard Smith fra LA også. Hvilke tanker har du som en fersk artist å allerede få så mye anerkjennelse før du har rukket å slippe ditt debutalbum, og har det dukket opp spennende ting for deg i kjølvannet av dette som du vil fortelle litt om?

Det er alltid deilig å få anerkjennelse for arbeidet ein gjer, og det blir spesielt viktig når det er arbeid av typen åndsverk. Så der musikken min møter gjensvar og blir verdsatt, får også eg som individ ein følelse av å bli satt pris på, noko som dannar eit viktig grunnlag for meining.

Som eit direkte resultat av konsertane på Kongsberg fekk vi jo faktisk speletid på P2, og det var heilt vilt spesielt for meg.

Hvordan har det siste året vært for deg musikalsk sett?

Som eg sa innleiingsvis, har dette året vore utfordrande – særleg grunna det administrative fokuset. Det har ikkje vore rom for like mykje kreativitet som tidligare, då andre meir konkrete oppgåver har ein tendens til å framstå som viktigare enn dei søkande og kreative. Samstundes har denne plata spissa mine eigne preferansar, noko som har resultert i eit par nye låtar som er heilt i tråd med den vegen eg ønsker å gå vidare.

Hvem er artisten MayRahKee og Vilde Skjerdal, hvilken musikalsk bakgrunn har du og hva liker du å gjøre på fritiden?

MayRahKee er meg. Berre litt fetare. Det begynte vel med pappa. Kvar laurdagsmorgon øvde han til ein eller annan spelejobb, medan resten av oss drakk opp kaffien frå frokosten (eg begynte å drikke kaffi usannsynleg tidleg). Derfrå utvikla det seg frå trekkspel til piano, song og bandet i Aurland Rockeklubb. I 2011 begynte eg på musikklinja på Firda VGS – skulen der serien «Lovleg» blir filma atm. Etter det gjekk eg Kriminologi i Oslo eitt år, før eg byrja på UiA i 2015. Her har eg teke Bachelor i rytmisk musikk, og held no på med Master i utøvande rytmisk musikk.

Mi største interesse er nok krim – bøker, seriar, lydbøker og filmar. Bortsett frå det elskar eg å vie tid til krokiteikning og matlaging. Det fungerer som ein form for meditasjon.

Har du noen musikalske forbilder eller inspirasjonskilder?

Åå, den lista er så lang! Men dei største er Erykah Badu, Robert Glasper, Ella Fitzgerald, Esbjörn Svensson, Jon Hopkins og James Blake. Badu, Glasper og Fitzgerald fordi dei har farga mitt artistiske uttrykk. Svensson, Hopkins og Blake fordi dei har farga meg som lyttar.

Det er mye bra norsk musikk om dagen – hva liker du å høre på for tiden?

Det er det så absolutt! Som det kjem fram av 20+5 lista mi er det utruleg mykje fett som bevegar seg der ute. Mellom anna Ivan Ave, som eg har nemnd, og som er helten i bestemd form eintal. Fieh er jo også ein artist som har fått mykje speletid på anlegget mitt. Har følgd ho på Soundcloud ganske lenge, og der ligg det mykje gull altså. Vil også framheve +Plattform. Han er ein sjukt dyktig musikar, eit sjukt fint menneske, og har gjort ein sjukt bra remix av Datarock si ferske låt «The One».

Hva er det morsomste eller mest spesielle du har opplevd så langt som artist?

Det mest spesielle eg har opplevd er dette. Å gi ut mi første plate, og å gjera dette med menneske eg er glad i.

Kan du fortelle litt om en av dine mest minnerike opplevelser fra en av dine liveopptredener?

Det må ha vore under fylkesfinalen i UKM for fleire år sidan. Eg hadde mista stemma og kunne verkeleg ikkje seie eit ord. Det var ei slags hås kviskring der, men det var også alt. Mamma og tante prøvde alt for å hjelpe – mams tok meg til og med med til healer, og rett før eg gikk på, inntok også tante rolla som healer. Altså, det var krisetilstandar der backstage. Eg forsøkte å visualisere kva som kom til å skje i forkant, og tenkte at om alt svikta kunne eg i det minste syne fram ei dramatisk førestilling ved å bryte saman på scena. Men då eg song min første tone kjende eg at det kom til å gå. Eg sang «Run» av Leona Lewis, og linja «Even if you cannot hear my voice, I’ll be right beside you, dear» vart sterkare enn aldri før. Det var ganske magisk, og kjensla eg hadde gjennom heile låta er ei av dei sterkaste eg har kjend på.

Hvis du kunne jobbe med en norsk musiker, død eller levende, hvem ville du valgt?

Det spørsmålet er så vanskeleg! Eg har faktisk vore så heldig å krysse av fleire på den lista allereie – mellom anna Torun Eriksen, som eg hadde som vokalpedagog på BA-studiet ved UiA. Gjennom hovudinstrument på master jobbar eg også med Jan Bang, noko som er ganske så fett. Men om eg skulle valt på noverande tidspunkt, og som ein collab, ville det ha vore Ivan Ave.

Kan du nevne et stk. guilty pleasure eller kun en pleasure?

Det her er ganske guilty…men det å lese mine eigne tekstar – og då snakkar eg ikkje om songtekstar, men om akademiske tekstar. Eg har ein ting for vakre setningar med god struktur, akademiske (les: pretensiøse) framandord og digg flyt.

Musikkpanelet

Norsk Jazz

Norsk jazz preges av høy kvalitet og har en høy stjerne også internasjonalt. I denne spillelisten finner du nyheter, klassikere og relativt ukjent jazz du må [...]

Les mer

Hvilket scene/sted i Norge drømmer du om å spille på, og hvilken scene i Norge har overrasket deg mest?

Victoria Nasjonal Jazzscene. Har hatt utruleg fine opplevingar som lyttar der. Det er verkeleg ein heilt spesiell atmosfære i lokalet!

Scena som har overraska meg mest er vel Jazzboksen på Kongsberg Jazzfestival. Det fungerte forbausande bra med ei utescene rett ved gågata. I tillegg til å føle at lyttarane som allereie var tilstades var interesserte, var det også ganske fint å sjå at nokre frå den konstante straumen av forbipasserande menneske også stoppa opp og sette seg ned for å lytte.

Hvor kan publikum oppleve deg spille live fremover, og hva kan publikum forvente seg på en konsert med MayRahKee med band?

Dei neste konsertane i kalendaren er 3. mars på Antikvariatet i Trondheim, 6. mars på Uhørt i Oslo, 8. mars på Håndverkeren i Kristiansand og 10. mars på Biblioteket Bar i Bergen.

Hvilke planer har du videre i 2019?

I tillegg til releaseturnéen skal eg spele inn ny musikk i april. I løpet av våren blir det nok også ein musikkvideo – og det er noko eg gler meg veldig til. Det blir så fint med ein visuell representasjon av musikken! Før den tid skal vi også spele på ein spennande konferanse i Kristiansand 13. mars. Konferansen, GENUS, sitt mål er å utarbeide konkrete strategiar for å få fleire kvinnelige instrumentalistar inn i høgare musikkutdanning, noko som er superrelevant. Har også ein idé om ein Sogn og Fjordane-turné i haust. Det er jo her eg har mi forankring, og eg trur det kan bli veldig fint å ta med musikken heim.

Konserter:

03.03: Trondheim, Antikvariatet
06.03: Oslo, Uhørt
08.03: Kristiansand, Håndverkeren
10.03: Bergen, Biblioteket Bar

Se Også

Bokassa om sitt kommende album: -det beste vi har laget
Intervju

Bokassa om sitt kommende album: -det beste vi har laget

Bokassa turnerer for tiden med thrash-legendene Metallica og svenske Ghost, men tok seg tid til å kaste glans på norske kollegaer og snakke om sitt kommende [...]

Malene Markussen formidler sterke tekster i et fengende lydbilde
Intervju

Malene Markussen formidler sterke tekster i et fengende lydbilde

Nylig slapp artist og låtskriver Malene Markussen sitt andre soloalbum «Under Vann» som er denne «Ukens album» på NPS Music, og som skal feires med releasekonsert [...]

Just Simon, en bortgjemt popjuvel
Intervju

Just Simon, en bortgjemt popjuvel

Just Simon kaller han seg, og 15. mai slapp han den nydelige låten «Try Me» som er denne «Ukens single» på NPS Music. Låten, som er [...]

KEiiNO skal i ilden i sin semifinale i kveld, noe som vil bli uhyre spennende
Intervju

KEiiNO skal i ilden i sin semifinale i kveld, noe som vil bli uhyre spennende

Norge og KEiiNo skal i ilden i kveld i Eurovision Song Contest i Tel Aviv i det som omtales som den tøffeste semifinalen hvor mange av [...]

Lewi treffer oss med musikken sin
Intervju

Lewi treffer oss med musikken sin

Lewi Bergrud slapp sitt tredje soloalbum «Mellom øss to» fredag 3. mai, og som er denne «Ukens album» på NPS Music. Han har skrevet de fleste [...]

Nydelige toner fra Sail By Summer
Intervju

Nydelige toner fra Sail By Summer

Bergensbandet Sail By Summer slapp sin nye single «Fetch You Roses» fredag 10. mai på Apollon Records som er denne «Ukens single». Dette er ærlig, melankolsk, [...]