Foto: Helle Frogner

Line Dybedal klarer ikke å høre på musikk fra sin helt Odd Nordstoga lenger

Del Tweet

Line Dybedal har vært en regelmessig og tydelig stemme det siste året, med låten «Bli med heim», som både var listet på NRK P1 i lang tid (spilt nesten 2500 ganger på norsk radio i år), og som er jingelen til barne-TV serien med samme navn. Dermed fikk også store deler av Norges befolkning høre henne hver dag på Julemorgen på NRK 1 og NRK Super gjennom hele julen.

Etter et begivenhetsrikt år, som ved siden av suksessen med «Bli med heim», også ga henne strålende anmeldelser for hennes album «Tider», som i likhet med forrige plate, «Til kjærleiken», hadde mange av låtene sine listet på landsdekkende radio. Line er nå ute med sin nye og stemningsfulle julesingle, «Hjertet lyser som ei snølykt» som er denne «Ukens single» på NPS Music.

Dette er en slags oppfølger til «Bli med heim», og henvender seg til barn i større grad enn tidligere musikk. Likevel er dette mer en vinterlåt enn en barnesang, som i likhet med de andre tingene hun har gitt ut de siste to årene, har et mer organisk sound enn tidligere arbeid. Litt mindre programmering og elektro og flere «ordentlige» instrumenter.

Vi tok en prat med Line om blant annet den nye singelen og planene videre.

Gratulerer med låten «Hjertet lyser som ei snølykt». Kan du fortelle litt om den?

NRK Sogn og Fjordane ga meg oppdrag om å skrive underlagsmusikk til den nye barne-TV serien «Bli med heim». Eg vart livredd. Eg skulle virkelig ønske eg hadde ein Pippi i meg som sa: «Dette har eg ikkje gjort før, så dette klarar eg sikkert.» Istadenfor tenkjer eg på alle slike skumle henvendingar som mogelegheiter eg ikkje kan gå glipp av. Slik har det vore heile vegen, eigentleg. Skumle greier gjer meg ny kompetanse.

«Bli med heim» lærte meg det å skrive musikk for både små og store øyrer. Dette har eg teke med meg vidare til «Hjertet lyser som ei snølykt». Eg håpar og trur at både born og vaksne kan kjenne seg att i teksten og setje pris på skildringane av vinteren. Låta handlar om noko så enkelt som å glede seg over den aller fyrste snøen. Ingenting er så magisk som eit snødekt landskap.

Hva er det spesielle i ditt musikalske univers?

Låtane og tekstane mine er heilt nedpå, personlege, nære og fulle av kjensler. Nokre gongar klarar eg å skildre heilt vanlege, kvardagslege ting på ein slik måte som gjer at folk ser det veldig tydeleg føre seg og klarar å «forsvinne» inn i mitt univers, på ein måte.

Kvart enkelt menneske er sjølvsagt unikt, men eg føler ikkje at det er på sin plass å trekkje fram meg eller mitt musikalske univers som unikt. Eg er berre ei heilt vanleg jente som berre MÅ skrive musikk.

Hvordan har det siste året vært for deg musikalsk sett?

Eg synest 2019 har vore veldig kjekt. I januar slapp eg låta «Bli med heim» til barne-TV serien med same namn. Låta vart godt motteken av lyttarane og fekk lang speletid på NRK P1, noko eg er veldig takknemleg for.

I april slapp eg mitt andre album «Tider». På albumet ligg mellom anna låta «På ei øy» som det også finnast musikkvideo til. Videoen består av bilete frå bygda samla saman av lokale fotografar. Denne videoen er HEIME. Bli med heim, sesong 3, ligg no ute på NRK Super, med underlagsmusikk som eg har komponert. Eg har hatt fine konsertar i hovudsak i Sogn og Fjordane og i Hordaland. Eg føler eg begynner å nærme meg eit veldig fint liveoppsett og eg er skikkelig fornøgd med musikarane som er med på laget.

Hvem er Line Dybedal, hva er din musikalske bakgrunn og når startet du opp med musikk og sang?

Mange spør om eg kjem frå ein musikalsk familie. Mamma og pappa har lært meg å spele orgel og kornett då eg viste interesse som 5-åring, men dei heilt store skillsa har dei vel ikkje. Heile vegen har foreldrane mine støtta meg og gjett meg mot til å halde ut litt til.

Det ligg mange tårer mellom tangentane på orgelet, og eg er veldig glad eg lærte meg å vere sta. Line Dybedal er ei blanding av ein tillært måte å spele musikk på med ein meir kjenslefull måte å LAGE musikk på.

Bakgrunnen ligg i kulturskulen, korps, musikklinja på vidaregåande, poprock i The Pink Robots og salmespeling i ulike organistjobbar i Bergen. Ei reise med mange utfordringar, både musikalsk og personleg. Det krev ein heil del å ha trua på seg sjølv og mange flotte menneske har bidrege til at eg har blitt den musikaren/kunstnaren eg er idag.

Hva liker du å gjøre på fritiden når du ikke holder på med musikk?

Jobben tek mykje tid og i tillegg til vanleg jobb er mannen min sauebonde, der eg hjelper til med ting eg er dugande til. Han er best på den biten. Saman har vi ein gut på snart 4 år, og så held vi på å byggje hus. Når eg får skvisa inn litt fritid likar eg å vere saman med dei som betyr mest for meg. Elles likar eg å drive med det meste; sykle, fjell, ski, fiske, surf, male, skrive, sy, dykke, klatre ++

Har du noen musikalske forbilder eller inspirasjonskilder?

Eg synast alle som jobbar hardt og tør å vise kven dei er, er store forbilder og inspirasjonskjelder. I haust var eg på min fyrste konsert med Kari Bremnes. Ho er jammen tøff og rar, akkurat slik eg likar det.

Det er mye bra norsk musikk om dagen – hva liker du å høre på for tiden?

For ei stund sidan hadde eg ikkje nølt med å svare Odd Nordstoga, «the man of my dreams», men alt endra seg dessverre då eg møtte han. Eg følte meg som ei fnisete tenåringsjente, og eg dumma meg ut totalt. Sidan den gong har eg ikkje klart å setje på musikken hans utan å kjenne på denne bismaken. Eg likar å høyre på Grand Alpaca, Side Brok, Doddo og Eva Weel Skram. Litt av kvart, rett og slett.

Hva er det sprøeste eller mest spesielle du har opplevd så langt som artist?

Det sprøaste eg har opplevd som artist må vere å bli objektivisert. Det er heldigvis ei stund sidan no, men denne perioda sit likevel som ei fornærming. Høyr musikken min, seier berre eg.

Kan du fortelle litt om en av dine beste opplevelser fra en av dine liveopptredener?

Då vil eg trekkje fram nyleg konsert i Operahuset på Nordfjordeid saman med Odd-Erik Lothe. Vi har jobba saman i fleire år, og samla eit felles publikum i Operahuset i oktober. FOR ei oppleving og FOR eit publikum.

Sjanger

Norsk på Norsk

Det finnes utrolig mye bra norsk på norsk! Her har du et lite utdrag vi har satt sammen for deg.

Les mer

Hvis du kunne jobbe med en norsk musiker, død eller levende, hvem ville du valgt?

Heilt i starten av karriera mi jobba eg saman med ein god ven, Erlend Fauske, som døde så altfor tidleg. Ein fantastisk mann, musikar og produsent. Dei som kjenner til han skjønar godt kvifor eg ville valgt å jobba saman med han.

Hvilket scene drømmer du om å spille på, og hvilken har overrasket deg mest?

Eg har ikkje ein heilt spesifikk stad eg drøymer om å spele, men eg drøymer om ein kulturhus-turné. Det hadde vore det aller kulaste som kunne ha skjedd i mi karriere så langt.

Når det gjeld overraskingar, så vert eg alltid litt forbausa over singer/songwriter-konsertane og publikumet der. Det er kun meg og mitt piano, låtane mine og historier om låtane mine, med ein heilt fantastisk respons frå publikum. Eg set stor pris på å spele for folk som verkeleg høyrer.

Kan du nevne et stk. guilty pleasure eller kun en pleasure?

Sidan vi nærmar oss jul; Eg storkosar meg med dårlege julefilmar på lågbudsjett. Alle verdas klisjéar samla i eitt og same, lite oppfinnsame plot. Eg elskar det!

Hvilke musikalske planer har du i resten av november og desember, og har du noen andre planer for førjulstiden?

Oktober-desember er alltid dei mest hektiske månadane. Det er mange julekonsertar, både som soloartist, pianist/organist og dirigent. Eg elskar julemusikk, så det passar meg perfekt.

I tillegg har eg skrive fem julelåtar som det elles i året er unaturleg å framføre.

Det er eit luksusproblem å ha det hektisk i desember, men samtidig er det litt trist å ikkje få tid til å nyte adventstida. Difor vert det panikk-advent eit par-tre dagar før jul.

Hvilke planer har du i 2020?

Eg brukte opp alle sparepengane på albumet eg ga ut i 2019, så neste album har eg ikkje turt å tenkje på enno. Eg har jobba hardt i mange år, og i 2020 har eg tenkt å fortsetje å gjere alt eg kan for at «ballen skal rulle» endå litt lettare. Det vert meir musikk og fleire konsertar/event, samtidig som eg jobbar som musikar og dirigent her heime på bygda. Eg jobbar også med ei bok, men det er framleis usikkert akkurat kva som skal skje med den. Spennande ting skal skje, det veit eg i alle fall.

Se Også

Tora Augestad blir 40 år og feirer med dobbeltalbum
Intervju

Tora Augestad blir 40 år og feirer med dobbeltalbum

10. desember fyller Tora Augestad 40 år, og det feirer hun med slipp av sitt nye dobbeltalbum «Dialogues» på Grappa Musikkforlag som er denne «Ukens album» [...]

RWND, fra catchy EDM-musikk til nydelig julelåt
Intervju

RWND, fra catchy EDM-musikk til nydelig julelåt

Produsentgruppen RWND er nok mest kjent for å lage musikk i et fengende og fartfylt lydbilde når de blander funk og EDM med moderne popmusikk, men [...]

Modig, strålende og sterk albumutgivelse fra Tuvaband
Intervju

Modig, strålende og sterk albumutgivelse fra Tuvaband

Uansett hvordan en kommer over musikken til Tuvaband, enten det er på konsert eller på plate, så gjør den inntrykk. Tuva Hellum Marschhäuser har en evne [...]

Innovative Shining overrasker igjen, på sin nye single «Wolves»
Intervju

Innovative Shining overrasker igjen, på sin nye single «Wolves»

Det norske jazz/metal/prog rock-bandet Shining fra Oslo er ute med sin nye single «Wolves» som er denne «Ukens single» på NPS Music. Låten handler om menneskenes [...]

Unnveig Aas overbeviser nok en gang med et solid album
Intervju

Unnveig Aas overbeviser nok en gang med et solid album

I 2017 slapp Unnveig Aas sitt debutalbum «Old Soul» til strålende kritikker. Tønsberg Blad, som ga platen terningkast 6, uttalte at: «Det finnes musikk du rett [...]

Hvor mange kan skildre både et kjeltringsliv på Sørlandet og et liv som lærhomo i Oslo?
Intervju

Hvor mange kan skildre både et kjeltringsliv på Sørlandet og et liv som lærhomo i Oslo?

Big Daddy Karsten har lenge vært en kjent figur i det norske hiphop-miljøet, både som soloartist, medlem av rap-duoen Folkefiender og som en av de råeste [...]