Foto: Øystein Haara

Sigrid Moldestad feirer 10-års jubileum med nytt soloalbum

Del Tweet

Fredag 29. september slapp Sigrid Moldestad sitt femte soloalbum ”Vere her” som er denne ”Ukens album” på NPS Music. Denne gangen har hun tatt et stort skritt nærmere vise og pop-landskapet, og fremst i lydbildet klinger Moldestad sin sterke fortellerstemme.

Med produsent Yngve Leidulv Sætre og et stjernelag av musikere, har Sigrid Moldestad laget et utfordrende vakkert album, renskåret og røft, rytmisk drivende og melankolsk lengtende, men gjenkjennelig Moldestad. En viseplate i grenselandet mellom folkemusikk, pop og rock.

Den kritikerroste og folkekjære artisten har blant annet vunnet både Spellemannsprisen to ganger og ble kåret til årets folkemusiker i 2010. Hennes forrige soloalbum ble kåret til årets norskspråklige album på NRK P1 og ble VG-listet.

Sigrid Moldestad har gått fra folkemusikkplaten “Taus” som fikk Spellemannprisen i 2007 via dikt av Robert Burns, Jan-Magnus Bruheim, teater og forestillinger til en stadig sterkere stemme fra sin egen penn og hjerte. Hun beveger seg nærmest sømløst mellom flere sjangere, men har alltid folkemusikeren med seg.

«Jeg skulle egentlig lage et tradisjonelt folkemusikkalbum denne gangen, men disse tekstene og sangene måtte bare få lov til å komme ut. De kravlet seg fram gjennom vindusglaning, ut fra nattevåk, endeløse reisedøgn og vidåpne fjellturer. De er en samling av erfaringer, redsel, trøst, gleder, klokskap og tankekaos. De er skrevet fra hjertet – til hjerte», forteller Sigrid og fortsetter;

«Musikalsk er plata en slags befrielse for meg. Jeg har nå lagt “plikten” om å føre folkemusikktradisjonen videre litt til side og tenkt at sangene skulle få det uttrykket som kjentes naturlig. Jeg “måtte” ikke forsvare meg som felespiller og tradisjonsbærer i alt jeg skrev, men kjente for å gå litt “all in” og la meg rive med dersom låten krevde det. Det høres kanskje ikke så veldig dramatisk ut, men for meg var det en stor prosess som jeg trengte og som jeg er veldig stolt av».

Albumet er også en direkte reaksjon på dagens samfunn og retningen menneskeheten er på vei. Gjennom sangene på ”Vere her” minner hun oss om å ikke ta friheten vi har for gitt. I sentrum står Sigrid Moldestad sin formidling av sterke tekster, alle komponert av henne selv.

”Plata er preget av at jeg er der jeg er i livet. Som kvinne, som mor, som voksen datter og søster. Av situasjonen i verden. Av litt framtidsuro og provokasjon over ting som skjer omkring oss. Av feministen i meg. Av erkjennelse av at livet ikke byr deg på lette løsninger. Av savn og frustrasjon. Av ensomhet i mylderet vi lever i. Av kjærlighet.. blant annet til Bergen by og regnet”, avslutter hun. Vi tok en prat med Sigrid om blant annet det nye albumet og planene videre fremover.

Gratulerer med det fine albumet ditt ”Vere her” som markerer at det er 10 år siden du slapp ditt første soloalbum, og du beveger deg også mer over i pop(vise)landskapet enn tidligere. Kan du fortelle litt om dette, og litt om prosessen rundt albumet fra start til utgivelse?

Tusen takk. Eg må vel først sei at eg sjeldan tenkjer så mykje genre sjølv. Eg lagar musikk med base i det eg kjem frå, som jo er folkemusikken, men blandar den med andre inntrykk og ikkje minst eit band som supplerar med sitt. Men klart, dette nye albumet er spesielt for meg, sidan eg har skrive 98 % av alt materialet sjølv. På mange måtar har prosessen vore ein befrielse. Eg har berre latt songane bli til utan å tenke at det skulle bli det eine eller det andre. Det har vore utrulig godt å jobbe på den måten. Eg har eit band fullt av leikne musikarar og i prosessen har nokre vore meir involvert i låtutviklinga enn andre. Men ingen hadde full kontroll på alt før vi gjekk i studio til produsent Yngve Leidulv Sætre. Det skapte ei utrulig kreativ og open tilnærming som eg syns høyres i sluttresultatet.

Hva handler dette albumet om og hva ønsker du å formidle gjennom det?

Tittelen gav seg litt sjølv etter kvart som eg let songane møte kvarandre. Dei handlar alle om å vere her i livet. Skrivne ut frå den eg er no, både aldersmessig, som kvinne, som ven, som kjæreste, som eks, som dotter, som syster. Ei skjørhet i livet som er kome til, samtidig som eg også meir og meir erkjenner at det er i det lille og nære det store ligg. Songane er skrivne frå tankar kring det å vere her, i verda,  akkurat no. Eg blir påvirka av all uroa ikring oss og er nok litt framtids-pessimist på vegne av menneska..

Hvilken låt fra albumet har du et spesielt forhold til?

“Eg vil vere her” som er første singlen. Den er skriven til mi dotter. Det å få barn gjer oss så sårbare på alle plan. Ein vil fortsette å vere foreldre til dei blir gamle. Ein vil vere der for dei så lenge ein får, og det er vel der essensen i låten er. Erkjennelsen av at ein ikkje får sjå heilt “korleis det går” langt der framme.

Hvilke tanker har du gjort deg rundt lydbildet av dette albumet?

Eg er utrulig stolt av lydbildet. Bandet mitt, som består av folk eg har jobba tett med i alle mine 10 år som soloartist, har ei musikalsk tilnærming som ligg tett til folkemusikken eg kjem frå. Det er gehørsbasert, det er leikande, det er å by og ta i mot. Instrumentering med for eksempel munnharpe, langeleik, hardingfeler, gucheng, mandola og trøorgel gjev ein eigen identitet. Så jobbar vi med å vri lydane på vår måte. Vi er ikkje redd for å bruke instrumenta våre på utradisjonelle måtar.  Det er lydane og menneske som spelar på det som lagar musikken i det.   Det syns eg er befriande.

Hva vil du si er det spesielle i Sigrid Moldestad sitt musikalske univers?

Oj.. det er vanskelig for meg å definere sjølv. Det er vel best at andre gjer. Eg kjenner meg litt framand for setningar som at det “let som Moldestad”. Det gjer meg stolt at folk kan kjenne igjen noko i det eg skapar som har ein identitet, men å definere kva det er sjølv, er vanskelig. Det kan kanskje vere at min måte å lage låtar på er påvirka av slåttemusikk og ein munnlig tilnærming. Eg lagar ikkje alltid songar som er noteringsmessig “logisk” for å seie det sånn. Eg har etter kvart skjønt det. At songane mine for eksempel skiftar taktart ofte, og ikkje følgjer prinsipp som er vanlige i note-verda. Eg jobbar nesten utelukkande ut i frå melodiske linjer og former som skal fungere å synge eller som skal fungere på fela. Dei kjennes som regel veldig logiske i mitt hovud, haha, men eg har skjønt at dei ikkje alltid er det.  Det er mulig det er desse tinga som gjev songane mine identitet som folk kjenner igjen.

Hvordan har det siste året vært for deg musikalsk sett?

Eg har hatt eit fantastisk år. Har fått gjort så mange fine og spesielle ting. Blant anna spelt ein heil konsert saman med kammerorkesteret Ensemble Allegria. Å få alle sine songar arrangert ut til den bruk var stort for meg og vi forsøker å gjere det igjen. Eg har også skapt eit eige kor-prosjekt med songane mine, som no kan nyttast av fleire, og sist men ikkje minst eg satte opp forestillinga mi “Samuline-frå fela flyg din song” på Førdefestivalen i år. Det er tematikk som har følgt meg i alle dei 10 åra eg har halde på. Heile solokarriera mi starta med plata “TAUS” som også handlar om desse sterke historiene om kvinner med fele i mine heimtrakter 150 år tilbake. Historier om ein frodige kultur av speledamer, som av ein eller anna grunn stilna og forsvann fordi det ikkje lenger var ok for kvinner å spele fele lenger. Eg syns dette tema er meir aktuelt no enn for ti år sidan og jobba fram ei ny forestilling som hadde premiere i sommar. Låten min “Ikkje kom og sei” på plata er skrive til denne forestillinga. Min mest feministiske tekst ever. Er veldig stolt av både den og forestillinga. Den skal ut på fleire scener i 2018.

Hvem er Sigrid Moldestad og hva liker du å gjøre på fritiden?

Eg er ein drøymande litt smårotete, til tider ustrukturert, men til tider veldig produktiv person. Eg har mykje godt humør, men er nok litt meir melankolsk enn eg gjev uttrykk for utad. Den sida tek eg igjen i musikken. Fritidsmessig har eg no skaffa meg ein hovudaktivitet: eg skal pusse opp eit gamalt spelemannshus i Breim, der eg kjem frå. Det trur eg kjem til å bli min fritidssyssel i fleire år framover.  Så no “kviler” eg faktisk veldig mykje i å drøyme meg bort i “lev landlig” og andre blad om oldermorshagar og anna. Det er ei ny “dille” eg har fått. Eg kan ingenting altså, men håpar eg er lærenem.  Det er herlig å gjere konkrete arbeidssomme ting, når ei driv med musikk. Ellers har eg to fantastiske barn som eg elskar å vere med. Dei er 12 og 14 og går inn i ei utrulig spennande tid.  Eg har ein vidunderlig kjæreste i Stockholm, og vi pendlar fram og tilbake på fjerde året. Ellers forsøker eg å vere med vener og familie. Dei betyr mykje for meg. Så mykje meir er det ikkje tid til egentlig. Jo-eg prøvar ( sjølvsagt) å halde meg i form. Vore litt for lenge støttemedlem på treningssenteret akkurat no, men likar spinning, bikram yoga og fjellet som treningsform.

Det er mye bra norsk musikk om dagen og hva liker du å høre på for tiden?

Eg høyrer litt for lite på musikk akkurat no. Blir litt sånn når eg har vore i prosess med eige materiale. Likar stilla då. Eg likar godt instrumental musikk. Men altså Susanne Sundfør si siste – for ein inspirerande kunstnar ho er. Ellers vil eg ta fram Torgeir Waldemar, Tønes, Kari Bremnes, Sigrid, Ingrid Olava, Sudan Dudan med Anders Røine og Marit Karlberg, som også kjem med ny plate i haust. Norges svar på Gillian Welch og Dave Rawlings. Just sayin`.  Eg syns også det skjer mykje spennande på folkemusikkscena. Er ekstra glad i Kjorstad Brødrene og Erlend Apneset. Dei blir spennande musikarar å følgje.

Har du noen musikalske forbilder og inspirasjonskilder?

Eg høyrer mykje på gamle opptak av felespelarar i arkiv når eg skal hente inspirasjon. I dei finn eg ofte et eller anna som ikkje fins lengre. Måten å skape tonen på, men kanskje aller mest rytmiske variasjonar. Elskar det.  Eg har beundra Sandy Denny sidan eg var 19 år. Ho er viktig for meg. Ellers høyrer eg på mykje ulikt, men er ein stor beundrar av låtskrivarar som Anais Mitchell, Mary Chapin Carpenter, Tim O´Brien, Laura Marling, Dolly Parton, June Tabor, Richard Thompson, finske JPP, Väsen, Esbjørn Hazelius, Kris Drever, Karine Polwart, David Francy med flere.  

Hva er det morsomste eller mest spesielle du har opplevd så langt som artist?

Det har vore mykje. Av sprøe og absurde saker er deltaking i Eurosong 2006 saman med Christine Gulbrandsen med “Alvedansen” ein. Eg trur alle som har vore i nærheten av det sirkuset kan skrive under på at det er noko heilt heilt for seg sjølv.

Eg har fått reist mykje. Konsertar i flyktningeleir i Jordan, konsert utanfor fødselskirken i Betlehem, eg har vore i Russland fleire gonger. Hugsar forresten den gongen vi var på veg til Murmansk i bil, i sprengkulde, mørketid og møte ein joggar(!) langs vegen. Kun iført shorts og hodelykt… 27 minus.  Eg og bandet har elles hatt utrulig mykje moro. Kjekkaste festivalen er utan tvil Tønder i Danmark. Høgste fjelltoppen vi har spelt på er Skåla 1848 moh- og vi gjekk opp sjølv.  Eg har dessuten opplevd å “miste” ein heilt turnebil full i ustyr midt i Brussel.  Kom ut av hotellet om morgonen og bilen var vekk. Svett og stress. Etter nokre telefoner til politi og parkeringsfirma i byn fann vi  den igjen på ein gedigen parkeringsplass for feilparkerte bilar.. Ellers har ein i bandet fortsatt ein grøn fjørboa vi stal i Ålesund for mange år sidan. For be om unnskyldning for det.  Den fungerar fortsatt suverent til fest og dans. Generelt er vi gode på å ha det moro på tur. Sånn må det nesten vere, all den tid ein er på vegen.


Kan du fortelle litt om en av dine mest minnerike opplevelser fra en av dine liveopptredener?

Eit høgepunkt var å spele med KORK i Operahuset på Eid i 2013. Eg kjenner meg heldig som stadig får sterke tilbakemeldingar frå folk som har brukt musikken min i personlige anledningar som gravferd og brullaup. Vise til far-songen min fører til mange triste, men likevel fine meldingar. Eg er audmjuk over det. I andre enden er vel brullaup noko av det finaste. Apropos det; I fjor fekk eg ein mail frå ein brudgom nokre veker før ein kyrkjekonsert. Han ville så gjerne seie nokre få ord i løpet av konserten fordi dei var på brullaupsreise, og spurte fint om eg kanskje kunne dedikere ein av songane mine til dei. Det måtte eg jo berre seie ja til, sjølv om eg var litt redd for at konserten skulle ende ut i ein lang tale. Vel, framme på konsertlokalet kom det ein kar bak i sakristiet og presenterte seg som brudgommen. Vi avtalte at eg skulle gje teikn når det vart hans tur. Han sat i “sprette-opp”-posisjon under heile konserten og venta på augneblinken. Da den kom nikka eg til han og vi som var tilstades fekk oppleve ein eldre mann i kvit skjorte og selar som seier følgjande:  “Eg er 70 år. Eg er på brullaupsreise. For fem dagar sidan vart eg gift. For FØRSTE gong i mitt liv. Eg trudde aldri eg skulle bli gift, men så kom ho her forbi”. Så peika han på ei søt eldre dame, som viste seg å vere ei enke frå Sverige. Han ville berre at vi skulle få sjå henne. Akkurat der og då var kjærleiken noko av det vakraste. Ikkje berre eg som vart rørt då.  Eg gav dei “Så ta mitt hjerte” og var inderlig glad for at eg hadde sagt ja til at han skulle dele dette fine med oss alle.

Hvilke musikalske planer har du videre i 2017 og 2018?

No er det lanseringsturné i oktober og nokre jobbar utover hausten med nytt materiale. Vi jobbar vidare med festivalar og nye konsertar i 2018, og eg gler meg veldig til å kome ut på vegen. Eg elskar å halde konsertar – store som små. I desember har det blitt tradisjon og gjere nokre julekonsertar,  “Vintersong” heiter julekonserten min. Det er alltid stemningsfullt og glede.