Foto: Morten Berentsen

Kjell Inge Torgersen tar vi med oss inn i de lune og fine høstkveldene

Del Tweet

Fredag 8. september slapp Kjell Inge Torgersen sitt nye album “Mudderlys” som er denne ”Ukens album” på NPS Music.

Albumet er spekket med flotte, deilige og varme låter, og ikke minst er de sunget vakkert av Kjell Inge på hans egen dialekt. Et album som vi absolutt kommer til å ta med oss inn i de lune og fine høst- og vinterkveldene vi har i vente.

Dette er hans første album på seks år, og fjerde i rekken siden debuten. På albumet er alle tekstene Kjell Inges egne, med unntak av to sanger som begge er rykende ferske tonesettinger til dikt av André Bjerke. Tekstene fremføres denne gang på hans hjemlige stavangerdialekt, noe som er litt uvanlig for alle de som gjennom årene har fått med seg hans mange profilerte utgivelser på nynorsk. Selv forteller Kjell Inge dette om “Mudderlys”: For dei som har fulgt meg, lyder det kanskje annleis enn før. Men for meg er dette heimtraktene. Heilt frå eg som ungfole kjøpte min første synth (ein Roland JX-3P med Cube 60 forsterkar), har eg kjent ei dragning mot elektronisk musikk. Eg høyrte på Tangerine Dream. Kraftwerk. Jon & Vangelis. Yes. Planet P Project. Saga. Rush. Peter Gabriel!

Kjell Inge Torgersen ble for alvor kjent i 2006 da han ga ut sin kritikerroste salgssuksess «Aks av gull», et helt album dedikert til Stings mest kjente sanger gjendiktet av Torgersen på nynorsk. Over to år tok klareringsprosessen med Sting, men det var vel verd det. Sammen med gitarist og arrangør Aril Schøld skapte de et vakkert og akustisk musikalsk univers. Vi tok en prat med Kjell Inge om blant annet det nye albumet og planene videre fremover.

Gratulerer med det kjempefine albumet ”Mudderlys”. Kan du fortelle litt om prosessen rundt albumet fra start til utgivelse?

Tusen takk! Det å gje ut eit album er som å endeleg sleppe pusten igjen. Ikkje at eg har halde anda inne, men alt peiker liksom fram mot den dagen du veit at albumet skal ut. Og nå er det der – ute i verden. Deilig! Men prosessen, ja. Denne gongen bestemte eg meg for at sjølve prosessen var det viktigste. Leiken. Det å samarbeide med gode folk i studio og la musikk og ord få gå saman i ein heilskap på ein eller annan måte. Eg og Stian (S. Hansen, bassist, og eine del av produsentduoen Dal’hansen) starta påska 2015 heime hos han i Oslo for å sjå om me skulle skrive litt saman og sjå på nokre av skissene eg hadde. Ikkje lenge etterpå var me i studioet til Ruben (Dalen, produsent, trommis) og så starta det som skulle bli ein to år lang prosess kor eg reiste til Oslo jamnleg og jobba dagar og kveldar. Veldig fin tid.

Dette er ditt fjerde album, men det første på 6 år. Hvorfor har du valgt å vente så lenge med å slippe nytt album, og hva har du gjort i disse årene?

Det er bra for meg at dette stoffet har fått gjære ei stund. Dei tidlegare albuma har vore prega av ei travlare produksjonstid. Då sette me ei deadline – og det jo er alltid nyttig – men det gir óg ei kjensle av å alltid vere litt for seint ute. Denne gongen ville eg nytte tida. Vere trygg på at låtane heldt – og ikkje minst: stake ut ei ny retning for det som skulle bli Mudderlys-lyden. I mellomtida har eg halde mange varierte konsertar, både åleine og med andre, året igjennom, forsøkt å skrive jamnleg, reist litt – og kvart år har eg spelt forestillinga ”Julelegender”, kor eg alltid skriv nytt stoff, både musikk og prosa. Litt spesielt juleartig var det å synge med Sissel Kyrkjebø, då ho var her. Og du og du så overraskande og kult det var å vere med på ”jamsession” under Kammermusikkfestivalen i 2016, med både oud-spelar Yasmine El Baramawy, den ekstreme bassisten Sébastien Dubé og kunstnarleg leiar Jan Bjøranger.

Hva handler dette albumet om og hva ønsker du å formidle gjennom det?

Livet, døden og kjærligheten? Me lever ein skjør eksistens. Trur me er udødelege og så plutseleg. Dette spennet me sprakar og lever i, mellom uendelegheitane, det må feirast når me kan! Det er godt å vere menneske og det kan vere vondt, men det er. Så får me ta det som kjem. Litt pretensiøst, dette, kanskje? Men eg blir jo eldre, eg og…

Hvilke tanker har du gjort deg rundt lydbildet av dette albumet?

I motsetning til tidlegare, har eg nå fridd meg frå ”dogmene” som me spelte under på dei andre albuma (då var det utelukkande akustiske instrument). Eit dogme kan vere forløysande, rammer gir skyv og energi innover, men denne gongen ville eg stå friare. Inn med trommer og bass, åpne gåvepakkane med plug-ins, la groovet gjenoppstå, la ting bli fett og ikkje vere redd for det store. Ikkje forkaste det akustiske, men jage kontrastar mellom det akustiske og det elektriske.

Hvilken låt fra albumet har du et spesielt forhold til?

Kvar låt er ein bror, så det er eit vanskeleg spørsmål…! Men kanskje eg skal trekke fram ”Samme sol”. Det blei tidleg klårt at dette skulle vere den fyrste singlen, og med den presenterte me ein heilt ny lyd frå meg, nesten eit år før albumslepp. Teksten her er óg viktig for meg, det å berre erkjenne at me lever alle under samme sola, same kven me er og kva liva våre gir eller tar frå oss. Det var veldig spennande. Den blei heldigvis godt teke i mot, og blei óg lista ei god stund på NRK P1. Kjempefin begynnelse.  

Hvordan har det siste året vært for deg musikalsk sett?

Dette året har vore Mudderlys-året, naturleg nok. Me jobba i studio heilt til i våres, og så var det miksing og mastering, arbeid med albumcover og trykking. Fleire definitive høgdepunkt: A-listing av ”Eg fant ein ring” på NRK P1 – og å bli Ukas album hos NPS Music.

Hvem er Kjell Inge Torgersen og hva liker du å gjøre på fritiden?

Jo, Kjell Inge er hillevågsgut, frå Stavanger, som har gifta seg og fått fin familie. Eg vaks opp og blei tiltrukken av lyden av synthar frå band og artistar som Kraftwerk, Tangerine Dream, Jon & Vangelis, Yes, Peter Gabriel. Spelte i band i fleire år med skolekompisar, men byrja ikkje å synge før eg var om lag 19. Trudde ikkje eg hadde stemme til det, men blei invitert med i eit kor av ein kompis som ville motbevise dette. Denne venen påsto for øvrig at ”Eg fant ein ring” ville slå an då han høyrte den fyrste gong på piano. Kanskje eg må byrje å høyre meir på han. Elles elskar eg å skrive og er medskapar av ein app som heiter ”Or – for deg som ikkje finn ord”, saman med professor og komikar Per Henning Uppstad. Utgjeven av Nasjonalt Lesesenter. Og når eg har (tar) tid, spelar eg gjerne eit godt brettspel. Har vel ei samling på om lag 300 titlar av stort og smått, som eg har skaffa meg i svake (og sterke) augneblink…

Har du noen musikalske forbilder eller inspirasjonskilder?

Eg nemnde nokre eldre, internasjonale navn over her, men blant norske artistar, kjem eg ikkje utanom Kari Bremnes. Ho har ei formidlingsevne som treff meg midt i solar plexus. Tekstleg er eg tiltrukke av alt frå André Bjerke til Side Brok og Tom Waits. Songarar som Bono, Chris Martin og Nat King Cole står høgt i kurs hos meg. Eg hugsar både Coldplay og Keane sine fyrste album som svært sterke og dei har nok óg farga mine preferansar. Eg har vel i det store og heile hatt ei sterkare dragning til musikken som kjem frå dei britiske øyene meir enn frå nokon annan stad.

Det er mye bra norsk musikk om dagen – hva liker du å høre på for tiden?

Ja, det er MYKJE bra. Flinke unge folk som poppar fram her og der. Må seie at Inge Bremnes tok meg med overrasking (anglisisme!) med sin vakre låt ”Ka du håpa på”. Tekst, formidling og deilig produksjon i fin forening. Og ei av Rubens (Dalen) siste produksjonar, for bandet TV-Experience, lyder óg veldig fett med ”Right here, right now”. Har óg dratt inn nokre stavangernavn på 20+5-lista mi, mellom anna Izabell og Tore Pang sin 1000 Tusenlapper. Tøft. Og den underkommuniserte nycrooneren Meberg har nokre fine plater på samvittigheita. Sjekk ut Beautiful Morning, til dømes. Elles høyrer eg på ein del forskjellig, og det skin vel gjennom på lista mi.

Hva er det sprøeste eller mest spesielle du har opplevd så langt som artist?

Hehe, ja. Sei det. Kanskje den gongen eg spelte for eit lite selskap og kom i skade for å spytte ut ei fortann? Eg hadde knukke fortanna nokre dagar i forvegen, det skjedde under produksjonen av Gnist, men hadde bare i mellomtida dytta den på plass, for eg hadde jo ikkje tid til å gå til tannlegen. Og tanna satt jo forholdsvis greit … – men då eg trøkka til på ei av låtane der eg sto foran publiken, fór tanna ut i ein vakker bue og landa på golvet foran meg. Eg trur ikkje publikum ante kva som traff dei – bokstaveleg tala. Men the show must osv. – så eg song resten av songen med strame lepper. Følte eg såg ut som ein pirat. Bukka djupt etterpå for å plukke tanna opp, snudde meg og dytta han på plass – og så smilte eg. Alt vel. Så gjekk eg til tannlegen.

Kan du fortelle litt om en av dine beste minner fra en av dine liveopptredener?

Det var fantastisk moro å være med på ”Kvelden før kvelden” på NRK, det året då eg ga ut Julelegender, og artig nok var det Ruben som var trommis, så eg hang litt med han kvelden før – altså kvelden før kvelden før kvelden. På scena var det fullt operabarnekor og fullt band med Narum-folk i og livesending. Me gjorde min versjon av ”Fager er jorda” som finalenummer av sendinga.

Hvilke musikalske planer har du videre i 2017 og 2018?

Nå er det naturleg nok plateslepp og sleppkonsertar. Hovedreleasen skjer i heimbyen Stavanger, på Spor 5 – Stavanger Jazzforum sin fine scene. I bandet sit både Ruben og Stian, samt gitarist Vidar Schanche og keyboardist Erlend Wold (sistnemnde frå TV-Experience). Så blir det nokre konsertar utover hausten – både med band og i mindre konstellasjonar. Eg har fått ein god del erfaring med å gjere både solokonsertar og duo/trio. Men noko heilt anna blir det i nokre andre konsertar eg skal gjere i haust: Haakon Esplo har arrangert nokre av dei nye låtane mine også for brassband og korps (!), så eg skal óg gjere nokre konsertar i ei heilt anna musikalsk setting denne hausten. Dét blir morosamt og utfordrande annleis.

Se Også

Høytflyvende Spurv har levert nok en klassiker
Intervju

Høytflyvende Spurv har levert nok en klassiker

Fra sin unnfangelse under et intetanende blikk ut av vinduet, til den omfattende prosessen med å utforme det, er «Brefjære» et kunstverk som samler det timelige [...]

Multikunstneren Veslemøy Narvesen med overbevisende og vakker solodebut
Intervju

Multikunstneren Veslemøy Narvesen med overbevisende og vakker solodebut

«We Don’t Imagine Anymore» er musiker og komponist Veslemøy Narvesens sitt første album i eget navn og som hun har fått strålende anmeldelser for. Den etablerte, [...]

Albumaktuelle Marte Eberson med delikat og selvsikker drømmepop
Intervju

Albumaktuelle Marte Eberson med delikat og selvsikker drømmepop

Etter å ha gitt ut ny musikk har Marte Eberson virkelig markert seg som soloartist. Eberson har blitt omtalt i både inn- og utland for sin [...]

Albumaktuelle Hanne Tveter med internasjonalt unikt samarbeid i verdensklasse
Intervju

Albumaktuelle Hanne Tveter med internasjonalt unikt samarbeid i verdensklasse

Hanne Tveter er aktuell med det særegne albumet «HULDRA», hvor hun har fått med seg et stjernelag av jazz- og flamencoartister til å utforske sjangermøtet mellom [...]

Anette Askvik gir oss sjelefred med et av årets fineste album
Intervju

Anette Askvik gir oss sjelefred med et av årets fineste album

Nylig ga Anette Askvik ut «Lyden av Snø» som er et album om håp i en tid hvor det er lett å miste troen på det [...]

Albumaktuelle Tove Bøygard imponerer med sine sterke tekster og formidlingsevne
Intervju

Albumaktuelle Tove Bøygard imponerer med sine sterke tekster og formidlingsevne

Tove Bøygard slapp nylig sitt kritikerroste album som ble markert med releasekonsert samme kveld på hjemmebane i Ål Kulturhus, etterfulgt av en bandturnè med 10 konserter. [...]