Frøkedal har vært en betydelig skikkelse i Norges indierock-scene i flere år.

Del Tweet

Frøkedal har vært en betydelig skikkelse i Norges indierock-scene i flere år, hovedsakelig som vokalist, gitarist og låtskriver i Harrys Gym og I Was A King.

Sangene hennes er poetiske, melodiske og ofte mørke, inspirert av blant annet 60-talls folk og Brian Eno sin eksperimentelle, minimalistiske pop. I løpet av de siste årene har Oslo satt sitt preg på Frøkedal sin musikk. Fra samarbeid med aktører fra house-/elektronikascenen på byens nattklubber til cajun-jamsessions med lokale spellemenn. Disse inntrykkene blir oppsummert i det kritikerroste soloalbumet hennes «Hold On Dreamer» som hun slapp tidligere i år.

Frøkedal om tekstene: «De handler om mennesker som står foran en stor forandring i livet – på godt og vondt. For meg er det å beskrive øyeblikket før omveltningen skjer mye mer interessant enn å utforske situasjoner som allerede er etablerte, harmoniske. De fleste av historiene er inspirert av virkelige mennesker, noen mer av mitt eget liv enn andre.» Vi tok en prat med Frøkedal om bl.a. soloalbumet og planene videre fremover.

Tidligere i år kom du med ditt soloalbum ”Hold On Dreamer” som du også har fått flotte anmeldelser for. Kan du fortelle litt om prosessen rundt albumet fra start til utgivelse?

Tida var inne for å tenke nytt. Med mitt tidlegare band, Harrys Gym, hadde me stort sett bygd opp arrangementa i studio, men med soloprosjektet ville eg at innspelinga skulle ta utgangspunkt i slik ein speler ting live. Derfor booka eg fire konsertar på café Mono, utan å vite så mykje meir enn at eg ville spele utan (fullt) slagverk og bass. Då første konsert nærma seg, spurde eg dei som i dag utgjer Familien om dei ville bli med. Etter fire konsertar syns eg me hadde skapt eit sound som kunne vere utgangspunktet for ei studioinnspeling. Me dro til Bjarne Stensli i Oslo Klang og spelte inn låtane live. Deretter tok eg materialet med meg til mitt eige studio og gjorde litt fleire pålegg her og der. Nokre av songane, som Kid og Eclipse, passa ikkje heilt inn i formatet, så dei spelte eg inn åleine.

Hvilken låt fra albumet har du et spesielt forhold til, og hvorfor?

‘The Man Who Isn’t Here’, fordi det er første gong eg har skrive tre heilt forskjellige tekstar til ein låt før eg syns stemninga blei riktig.

Hvor har du hentet inspirasjon fra til å skrive disse låtene?

Vennene mine frå folkemusikkmiljøet, som er veldig gode til å ta med seg musikken i kvardagen og spele overalt der dei er, har definitivt vore ein inspirasjon. Eg hadde lyst å lage låtar som var så solide at dei kunne spelast kor som helst, utan å vere for avhengig av det rette utstyret. I tillegg har minimalismen i elektronisk musikk, der små endringar gir store utslag vore ei slags rettesnor. Eg skulle ønske noko av dansevennligheten hadde smitta over også, men slik blei det ikkje denne gangen!

Historiane som blir fortalt er ei saleg blanding av eigne erfaringar, historiene til folk som står meg nær og ein god porsjon fri fantasi. Eg har funne ut at ved å dikte fritt rundt faktiske hendingar, kan ein ofte komme nærare noko sant og gjenkjenneleg.

Du er også kjent som vokalist, gitarist og låtskriver i Harrys Gym og I Was A King, men nå ønsket du å gå solo. Hvorfor det, og hva er forskjellen på ditt musikalske uttrykk solo i forhold til de 2 bandene?

Eg hadde tenkt på det ei stund, men det var først då Harrys Gym la opp at eg fekk tid til å gjere noko med det. EIgentleg har eg alltid trivst veldig godt i band, men etterkvart samla det seg opp både inspirasjonskjelder og låtar som ikkje passa så godt inn i nokon av prosjekta mine. Som Frøkedal kan eg bruke fascinasjonen min for 60-tals folk, elektronika og tradisjonsmusikk heilt fritt.

Når begynte du å interessere deg for musikk, og hva har du gjort opp igjennom?

Eg var eit barn som song konstant, eg kunne reise meg opp i familieselskap og dra fjorten vers av ein eller annan låt. På eit eller anna tidspunkt blei eg langt meir sjenert, men eg var enormt opptatt av musikk heile tida og høyrde på mykje rart som eg ikkje fekk så stort gehør for i vennekretsen. Dermed blei det kanskje også eit element av opprør i det å lytte til sine eigne favorittar, noko eg trur har vore sunt. Eg har spelt i ulike band frå eg var 12-13 og fram til nå.

Fjorårets single-utgivelser og EP høstet både internasjonal og nasjonal anerkjennelse, hos blant annet BBC Radio 6, The Line Of Best Fit, NRK P3 og låten ’I See You’ ble valgt ut som fjerde beste låt i 2015 av Musikknyheter.no. Låten ’Cherry Trees’, ble brukt som vignett på en av vinterens Mammon-episoder. Kan du fortelle litt om dette, og hva det har betydd for deg som artist å få slik anerkjennelse for din musikk?

 Eg er veldig takksam for at så mange har valt å gi utgivingane mine plass, særleg fordi låtane har ei minimalistisk innpakking og ikkje er utprega sensasjonelle, i den tydinga at dei sannsynlegvis gjer seg best viss ein som lyttar klarer å bruke litt tid på å bli kjent med dei.

 Har du noen musikalske forbilder?

Mange. Eg har til dømes hatt eit oppheng på både Brian Eno og John Cale fordi dei har gjort så mykje forskjellig som er så ufatteleg bra, og så er det folk eg kjenner da – Frode Strømstad i I Was a King, for eksempel. Det er ikkje mange eg har møtt som så raskt kan kjenne igjen ein god låt, sjølv om den er på skisse- og demostadiet.

Hva er det morsomste/rareste du har opplevd så langt som artist?

Det er ofte dei tragikomiske opplevingane ein hugsar best. Då I Was a King spelte i Belgia for ein del år tilbake, viste det seg at konsertstaden var leiligheten til dei som hadde booka oss – og overnattingsstad for bandet – me skulle sove på madrasser oppå scenen etter at alle hadde gått heim. Husverten var både lydteknikar og suppekokk, han løp fram og tilbake mellom kjøkkenet og mixaren. Han var til og med ute på golvet for å danse litt under konserten, og han insisterte på å mikke opp absolutt alt, fordi han også skulle gjere lydopptak.
Det blei ein lang kveld, me hadde reist lenge og var skikkeleg trøtte, men festen fortsatte lenge etter at konserten var over, og gjestene såg ikkje ut som om dei hadde tenkt seg heim. Til slutt så gav me opp og blei med ein tilfeldig konsertgjest heim for å sove hos han. Då me henta tinga våre neste dag hadde kattane til det belgiske paret tissa i kofferten min, og som minne om det heile fekk me med oss eit lydopptak av konserten som inneholdt absolutt alt – med unntak av vokal.

Kan du fortelle litt om et av dine beste minner fra en av dine liveopptredener?

Frøkedal & Familien var nyleg på Stokkøya ut i havgapet i Trøndelag for å spele på ein bitteliten strandbar med ei fantastisk havutsikt som bakteppe. Ein god del av publikummet hadde vore på dugnad tidlegare på dagen for å luke bort siktagran eller pøbelgran, som er ein hardfør grantype som tar over landskapet på øya. Dei var enormt engasjerte i dette, og det smitta over på oss. Plutseleg så kjendes det som om alle låtane me spelte handla om kampen mot denne agressive planta og at alle som var til stades, både publikum og oss, var samla rundt eit høgare felles mål.

Det er mye bra norsk musikk som gis ut om dagen – hva liker du å høre på for tiden? 

Den siste EP-en til New World Vulture er veldig bra, og så har Ost & Kjex gitt ut ei kul plate.

Lørdag 23. april står du på scenen sammen med ditt band ”Familien” på Parkteatret som er ”siste stoppested” etter din turné i inn- og utland. Kan du fortelle litt om den, og hva publikum kan forvente seg denne kvelden?

Me var først i England før me tok ein runde i Trøndelag. Derfrå dro me rett til Tyskland og tilbake til ei veke på Vestlandet. Publikum kan forvente seg god stemning, tung stemning og Familien i storform. Det blir fritt for slagverk og bass, men desto meir fele og vokal.

 I august venter Øyafestivalen hvor du og ”Familien” skal spille. Hvilke andre musikalske planer har du for 2016?

Det blir ein del festivalspeling i sommar, bl.a. Vinjerock og Månefestivalen, og ut over det så er eg veldig klar for å sette meg ned og jobbe med neste album.